På den siste onsdagsturneringa (før vi går over til laurdagane på grunn av dagslys) så dukka jammen sola opp. Det vart spelt fourball med trearlag. I fourball så er det den beste scoren i laget på kvart hol som er teljande. Dei som spelte best i kveldssola var Peder Barstad, Olav Trandal og Johan Liadal. Det var ganske jamt og det skilde berre fire slag mellom vinnarlaget og sisteplassen.
No vert resten av turneringane på laurdag. Allereie no på laurdag er det SkOlsen Tour 10.
Vinnarlaget: Peder Barstad, Olav Trandal og Johan Liadal.
Onsdagens SkOlsen Tour vart flytta frå onsdag til laurdag på grunn av Sparebank 1 Søre Sunnmøre Invitational. Det ville vere feil å ikkje kommentere veret også denne gongen. Det skulle vere fint ver i følge meldingane, men "tradisjonen tru" så klarte ikkje vatnet frå oven å halde seg vekk. Men til trass for veret så var det veldig mykje godt spel. Simon Sjøkvist gjekk si første turnering og gjekk på heile -5 i grøntkortklassa. Leon Myrvåg gjekk også på -5 og tok sigeren med tre slag føre andreplassen. Det var fire stykker som gjekk på -2, men med lågast handicap var Ole Magnus som tok andreplassen og deretter Jan Egil Gretland. Dei to som også gjekk på -2 og ikkje kom på pallen var Harald Indresøvde og Svein Aasen.
Neste turnering er SkOlsen Fourball på onsdag 31. august.
Jan Egil Gretland, Simon Sjøkvist (vinnar GK), Leon Myrvåg (vinnar) og Ole Magnus Orlien
Tradisjonen tru så er det Sparebank 1 Søre Sunnmøre Invitational torsdagen etter klubbmeisterskapet. Denne gongen var vi litt usikre på om vi skulle flytte den fram nokre dagar på grunn av veret, men i helga så var meldingane for torsdagen veldig bra og vi bestemte oss for å gjennomføre etter oppsett plan. Vermeldinga har gradvis endra seg ut over veka til det verre og det gjorde nok at nokon valgte å stå over denne gongen.
Dei 20 spelarane som stilde fekk til gjengjeld lite av regnet som var meldt. Det var varmt og godt, og sola kika også fram. Før turneringa starta så var det lett servering med wraps frå Osdals Catering. Sparebank 1 Søre Sunnmøre Invitational vert spelt som Scramble med firemannslag. Sjølv om det er ein konkurranse så er det i denne turneringa det sosiale og å ha det kjekt på golfbana det som er det viktigaste.
Det vart veldig jamt og det skilde berre to slag frå første til sisteplassen. Laget som tok førsteplassen var Bente Ørsal, Rolf Ørsal, Svein Aasen og Jostein Digernes. Harald Indresøvde, Helge Eltvik, Jan Egil Gretland og Olav Trandal tok andreplassen med like mange slag som dei som kom på tredjeplass, men med lågare samla handicap. Laget som kom på tredjeplass var Torleif Remme, Britt Indresøvde, Jan Trygve Gretland og Geir Helge Hungnes.
Det var også spelt om lengste utslag på hol 18 og nærast holet på hol 7/16. Ole-Magnus var den som slo lengst frå gult utslag og Simen Greftegreff frå raudt utslag. Webjørn Yksnøy Bergmann var den som kom nærast holet på hol 7/16.
Premiane var golfartiklar som var sponsa av Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
Olav Trandal, Jan Egil Gretland, Ole-Magnus Orlien, Helge Eltvik, Jostein Digernes, Svein Aasen, Bente Ørsal, Rolf Ørsal, Harald Indresøvde, Torleif Remme, Simen Greftegreff, Britt Indresøvde, Jan Trygve Gretland og Webjørn Yksnøy Bergmann.
Ole-Magnus informerer om vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
Ole-Magnus stod også for premieutdelinga med flotte premiar som var sponsa av Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
24 spelarar deltok i årets klubbmeisterskap, fordelt på fire klasser. I eit klubbmeisterskap så vert det spelt brutto (tal slag) i dei forskjellige klassene og stableford (poeng på kvart hol ut frå tal slag tildelt etter handicap) der alle er med i same klasse. Klubbmeisteren er den av herrane og damene som har lågast score uavhengig av klasse. Då høver det bra å skrive om Gary Lineker sitt sitat om det tyske landslaget. "Vi går 2 gonger 18 hol og så vinn Ole Magnus Orlien til slutt". Ole Magnus har blitt Klubbmeister herre 13 gongar på fjorten forsøk. Den eine gongen han ikkje vant var i 2006 som var det året han starta med golf og stilde i juniorklassa. Mari Chluba vart beste dame og klubbmeister for fjerde gong.
Klubben har nokre gode juniorar og to av dei stilde i klubbmeisterskapet. Begge leverte godt spel og vart begge kåra til vinnarar i juniorklassa, då Andreas Nupen spelte frå raudt utslag og Elias Rypdal frå gult utslag. Andreas gjekk på 200 slag og Elias på 203 slag.
Andreas gjekk best av alle i høve sitt handicap og vant stableford klassa med 82 poeng. Nærast Andreas var Olav Trandal med 74 poeng på andreplass. Jan Egil Gretland og Kristian Sekkeseter Strand gjekk begge på 73 poeng, men med lågast handicap så tok Jan Egil tredjeplassen. Det var berre desse fire som gjekk betre enn sitt handicap.
I dameklassa var det to spelarar. Den som vant var Mari Chluba på 171 slag med Elsie Hansen på andreplassen med 177 slag.
Seniorklassa er for dei som er 50 år og eldre. Her var det Jan Egil Gretland som tok sigeren med 153 slag med Petter Hansen på andreplass med 157 slag og Kenneth Rusten på tredjeplass med 158 slag.
I vaksenklassa så var det venta ein spennande duell mellom Morten Tjessem Våge med 0,4 i handicap og Ole Magnus Orlien med 0,9 i handicap. Til tross for at Morten hadde med eigen heiagjeng så fekk Ole Magnus ei leiing på 6 slag etter første dag. Ole Magnus spelta jamt også andre dag og sikra sigeren med 138 slag, som er to slag under bana sitt par. Lars Kåre Vikestrand gjekk ei god runde på 73 slag på søndagen og tok andreplassen med 153 slag totalt. Morten enda på tredjeplass med 156 slag.
Det var også konkurrert om nærast pinne på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18 frå både raudt og gult utslag. Kenneth Rusten slo lengst frå gult utslag og Elsie Hansen frå raudt utslag. Olav Trandal hadde beste slaget frå utslag 16 og landa 155 cm frå holet.
Vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre gav vekk 5 gåvekort à kr. 1.000. Det vart trekt mellom alle deltakarane som fullførte begge dagane. Dei som vant gåvekort var Jostein Digernes, Svein Aasen, Lars Kåre Vikestrand, Helge Eltvik og Andreas Nupen.
Svein Aasen, Jostein Digernes, Lars Kåre Vikestrand, Kristian Sekkeseter Strand, Mari Chluba (vinnar dame brutto), Elsie Hansen, Kenneth Rusten, Jan Egil Gretland (vinnar senior brutto), Ole Magnus Orlien (Klubbmeister og vinnar vaksen brutto), Andreas Nupen (vinnar jr. brutto raud og stableford), Elias Rypdal (vinnar jr. gul), Olav Trandal og Petter Hansen.
Turneringssjefen tek i mot dei påmelde og deler ut scorekort. Han prøver seg på eit og anna sal av golfartiklar også.
Første flighten går ut på dag 1.
Heiagjengen til Morten Tjessem-Våge.
Det var strålande ver på laurdagen, men ikkje så verst på søndagen heller. Her er Sindre Winjevoll, Jens Kristian Rusten og Kristian Sekkeseter Strand.
Tre blide karar tek bunkerbesøket med eit smil.
"Ledarballen" på siste green. Morten Tjessem-Våge, Petter Hansen, Ole Magnus Orlien og Jan Egil Gretland.
Nokre av deltakarane følgjer med på puttinga på hol 18.
I ei snorturnering så får kvar spelar med seg ei snor der antal meter snor tilsvarer tildelte slag. Om ein t.d. ligg 30 cm frå holet så kan ein klippe av 30 cm frå snora si og ein sparer eit slag. Til tross for at Andreas og Iben hadde noko lenger snor enn Jan Egil så var det veldig imponerande av dei alle gjekk på 29 slag. Det tyder på at dei har spelt veldig bra. Jan Egil har lågast handicap og tok førsteplassen. Bak Iben og Andreas så var det 4 spelarar som delte fjerdeplassen.
Andreas Nupen, Jan Egil Gretland (vinnar), Kenneth Rusten og Iben Louise Hansen
Vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre har bestemt at dei ønskjer å gi fem gåvekort à kr. 1.000 som skal trekkast blant alle som er med begge dagane på Klubbmeisterskapet. Det vert som vanleg gode premiar i alle klassene som kjem i tillegg til desse gåvekorta. Gåvekorta som vert trekt kan nyttast i proshopen til kjøp av golftilbehør.
KLIKK HER FOR Å GÅ DIREKTE TIL KLUBBMEISTERSKAPET
Det var heile 22 spelarar med på onsdagens SkOlsen Tour og det kom ikkje som noko sjokk på nokon at det var litt regn i lufta. Det vart heldigvis ikkje mykje regn men det var heftig vind som skapte utfordringar for dei fleste. Svein Aasen takla forholda bra og tok sigeren på -1. Jan Gundersen hadde same skore men lågare handicap og fekk andreplassen. Joar Vollsund, Johan Liadal og Kenneth Sekkeseter Strand gjekk alle på +1 og delte tredjeplassen.
I Grøntkort-klassa var det berre ein spelar, men han gjekk til gjengjeld veldig bra og hadde slått alle med god margin om det var berre ei klasse. Andreas Nupen gjekk på -9 og går kraftig ned i handicap.
Andreas Nupen (vinnar GK), Svein Aasen (vinnar), Joar Voldsund og Johan Liadal.
Onsdagens SkOlsen turnering var 18-hols scramble med trearlag. Kristian Sekkeseter Strand, Roy Inge Nupen og Helge Eltvik gjekk på -14 og tok med det sigeren. Bak dei så var det tre lag som delte andreplassen med -10.
Veret var av det fuktige slaget, men temperaturen var veldig bra.
Vinnarlaget: Kristian Sekkeseter Strand, Roy Inge Nupen og Helge Eltvik.
I SkOlsen Raud så går alle deltakarane frå raudt utslag. For dei aller fleste så kjem ein litt nærare holet, men ein får litt færre tildelte slag og ein må bruke litt andre køller enn ein er vant til då ein landar på andre stadar enn ein gjer til vanleg. Like visst som det er onsdag og turnering, så kom regnet. Til trass for det så var det 17 deltakarar med denne kvelden. Olav Trandal gjekk si livs runde på 74 slag, fire slag over banepar. Justert for handicap så vart resultatet -6 og siger. Nærast var Joar Voldsund på -5 som hadde ei runde på 66 slag. Johan Liadal tok tredjeplassen på -3.
Kennet Rusten, Helge Eltvik, Olav Trandal (vinnar) Joar Voldsund og Oddvar Stranden.
Etter seks turneringar og halveis i årets SkOlsen Tour så er samanlagt stillinga slik for dei som har gått fem turneringar eller meir:
SkOlsen Tour 2022 - Netto
SKOlsen Tour 2022 - Brutto
SkOlsen Tour 2022 - Eclectic