Heile 31 spelarar stilde til årets andre Sparebank1 turnering. Denne gongen var det Sparebank1 Open med premiering i Stableford og brutto klassar. Til trass for ein fuktig start så vart det gradvis betre ver utover i turneringa.
I brutto damer var det Elsie Hansen som tok sigeren på 91 slag. Joar Voldsund fortsetter med sitt storspel og tok sigeren i brutto herrer på 72 slag. Nærast Joar var Tony Leknes på 74 slag med Lars Kåre Vikestrand rett bak på 75 slag.
I Stableford klassa så var det eldstemann, Svein Aasen som igjen gjekk ei veldig god runde og tok sigeren på 40 poeng. Bak Svein kom Joar Voldsund og Tony Leknes, begge på 38 poeng. Per Arve Hovde og Roger Koppen tok 4. og 5. plass på 37 poeng.
Det var også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Frode Hool Egge var den som slo lengst og Stein Monsholm kom nærast pinnen.
Per Arve Hovde, Tony Leknes, Kai-Are Strande, Frode Hool Egge, Roger Koppen, Elsie Hansen (vinnar brutto dame) Joar Voldsund (vinnar brutto herre), Jostein Digernes, Stein Monsholm, Lars Kåre Vikestrand og Svein Aasen (vinnar Stableford)
Stableford
Brutto Damer
Brutto Herrer
På årets varmaste dag var det berre 12 spelarar som stilde til start i SkOlsen Fourball. Vanlegvis står kaffien klar før start men denne dagen var det ingen som spurte etter det. Sjølv om det berre var 12 spelarar så stod det ikkje på kvaliteten. Tony Leknes som er tilbake på gamle trakter gjekk i lag med Kai-Are Strande og gjekk på -4. Rett bak var laget med Are Myklebust og Bernt Otto Ose som gjekk på -3.
Etter turneringa kom kaffien på bordet og heile gjengen sat å kosa seg i varmen. Det var ingen som hadde det travelt med kome seg heim denne kvelden. Måtte vi berre få fleire slike kveldar i Vassbotnen i haust.
Kai-Are Strande (vinnarlaget), Tony Leknes (vinnarlaget), Are Myklebust og Bernt Otto Ose
Kos i sola. Ingen som hadde det travelt med å kome seg heim denne kvelden.
I flott haustver så stilde 26 golfarar til den tiande turneringa i SkOlsen Touren. Joar Voldsund og Svein Aasen har prikka inn haustforma og gjekk begge på -4. Joar med lågast handicap tok sigeren. Sindre Winjevoll var nærast og kom inn tre slag bak, på -1. Jan Egil Gretland og Jarle Nes kom på plassane bak på par.
Henrik Jørgensen, Sindre Winjevoll, Svein Aasen, Joar Voldsund (vinnar) og Jan Egil Gretland
Andreas Nupen var denne helga i Trøndelag og gjekk to turneringar i Narvesen Touren. Laurdag var det på Trondheim golfklubb og søndag var det på Stjørdal golfklubb. Laurdagen gjekk Andreas på 78 slag og tok ein fin tredjeplass. På søndagen var han uheldig på hol 16 og mista ein ball og hadde ein ball out of bounds. Han enda på 85 slag og tok ein 7. plass.
Til tross for dårlege vermeldingar så var det 16 spelarar som trassa veret og kosa seg med golf i Vassbotnen i Toyota Sunnmøre Open. Det var konkurrert i Stableford og brutto klassar. Elsie Hansen tok sigeren i brutto damer og var ein soleklar vinnar i Stableford. Ho gjekk på 80 slag og det var berre vinnaren i brutto herrer, Jan Egil Gretland som gjekk betre enn Elsie.
I Stableford så var Elsie heile 5 poeng føre nestemann. Ho var også den einaste som gjekk betre enn sitt handicap. Jan Egil Gretland tok andreplassen på 34 poeng, med Per Arve Hovde, Olav Trandal og Roger Koppen tett bak, på 32 poeng.
I brutto herrer så var det Jan Egil Gretland som trona øvst med 77 slag. Rune Strømmen og Per Arve Hovde gjekk på 81 slag, Joar Voldsund på 85 slag og Kenneth Rusten på 86 slag.
Det var også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Kristian Sekkeseter Strand var den slo lengst på hol 18 og Olav Trandal var 1,7 meter frå flagget på hol 16.
Jan Egil Gretland (vinnar brutto herrer), Kristian Sekkeseter Strand, Elsie Hansen (vinnar stableford og brutto dame), Roger Koppen, Kenneth Rusten, Joar Voldsund og Olav Trandal.
Stableford
Brutto herrer
Brutto damer
22 deltakarar stilde til den niande turneringa i SkOlsen Touren, i flott haustver. Stein Monsholm og Are Myklebust gjekk begge på -3 men Stein har lågast handicap og tok førsteplassen. På delt tredjeplass bak Stein og Are kom Lars Olav Winjevoll og Johan Liadal som gjekk på -2. Det var mykje bra spel og dei 11 første på lista gjekk på sitt handicap eller betre.
Are Myklebust, Stein Monshom (vinnar), Lars Olav Winjevoll og Johan Liadal
No fekk vi eit par fine dagar og må nytte oss medan det er tørt og fint, så fredag ettermiddag og laurdag formiddag vert det arbeid på greenane. Bana vert difor stengt medan det vert vertikalskore og dressa. Om nokon ønskjer å hjelpe til eller gjere anna forefallande arbeid rundt på bana når den er stengt så er de hjarteleg velkomne.
Det er lagt inn blokkering i Golfbox når bana er stengt.
20 spelarar deltok i turneringa Jass Maritime Open. Arrangøren var tidleg oppe for å lage dei gode rammene. Kaffi, sjokolade, Gyflar og Vestlandslefse stod klart når spelarane dukka opp. Det var konkurrert i Stableford, brutto dame og brutto herrer.
Jan Egil Gretland starta litt trått men kom raskt inn i flyten og gjekk på 73 slag. Det gav han sigeren i både brutto herrer og Stableford. Nærast Jan Egil i brutto herrer var Joar Voldsund på 77 slag og Kenneth Rusten på 78 slag. I brutto damer var det Elsie Hansen som tok sigeren på 90 slag med Bente Ørsal på andreplass på 106 slag. I stableford så var det Kristian Sekkeseter Strand som var nærast Jan Egil. Kristian gjekk på 37 poeng, eit poeng bak Jan Egil. Kato Hansen tok tredjeplassen på 36 poeng.
Som vanleg på 18-hols turneringane så har vi lengste utslag på hol 18 og nærast flagget på hol 7/16. Elsie Hansen slo lengst frå raudt utslag. Andreas Nupen tok like godt med seg både lengste utslag og nærast flagget.
Takk til Jass Maritime for ei flott turnering og flotte premiar.
Stein Monsholm, Kristian Sekkeseter Strand, Kenneth Rusten, Kato Hansen, Joar Voldsund, Johan Liadal, Jan Egil Gretland (vinnar Stableford og brutto herrer), Elsie Hansen (vinnar damer brutto), Bente Ørsal og Andreas Nupen.
Stableford
Brutto Herrer
Brutto damer
Vinnaren av brutto herrer og Stableford, Jan Egil Gretland har slått ut på hol 6.
Jass Maritime slår eit slag for maritim næring.
Neste tredve deltakarar stilde i finveret i Vassbotnen. Vår hovudsponsor Sparebank1 stilde med mat og drikke frå Osdals Catering. Deltakarane fekk kyllingwraps og brus før utslag og brennsnut når dei kom inn igjen etter nærare fire timar med golf. Før utslag så ønskte leiar i Volda golfklubb, Stein Monsholm og representant for Sparebank 1, Ole-Magnus Orlien velkomen til turnering. Turneringsformatet var Scramble med trear- og firarlag og det viktigaste i denne turneringa er det sosiale.
Det var veldig jamt og både sigeren og tredjeplassen vart avgjort med reglar i Golfbox. Her vert det først kontrollert mot slaghandicap, før ein ser på kven som har gått best dei siste 9, 6 eller 3 hola. Det skilde berre fire slag mellom første og sisteplassen. På førsteplass kom laget til Harald Indresøvde, Johan Liadal, Svein Aasen og Jostein Digernes på -14. På andreplass kom laget med Jan Egil Gretland, Stein Monsholm og Arnfinn Strande, også på -14. Dei to første laga hadde like mange tildelte slag så då var det siste 9 hola som vart gjeldande der laget på førsteplass gjekk på eit slag mindre. På tredjeplass så kom laget med Jack Pettersen, Robert Graham, Olav Johansen og Rolf Ørsal. Dei gjekk på -13 og vart dømt framfor laget på fjerdeplassen då dei hadde færre tildelte slag.
Det var også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast holet på 7/16. Den som hadde lengste utslaget var Sindre Winjevoll. Nærast holet var Tore Skåltveit.
Om tre veker vert det Sparebank 1 Open og då vert det konkurrert i både stableford og brutto klasser. Vel møtt!
Premievinnarane
Informasjon frå turneringssjefen Jan Egil Gretland før utslag.
God stemning rundt bordet før premieutdelinga - og også etterpå.
Premieutdeling med Ole-Magnus Orlien frå Sparebank 1
Stor spenning før resultatet vert avslørt.
Laget på andreplass får premiane sine.
Vinnarlaget på veg fram for å motta sine premiar.
Det er berre å bøye seg i hatten for Ole-Magnus Orlien som er klubbmester for 14. gong. I år som i fjor så gjekk han på -2. Næraste spelar var Lars Kåre Vikestrand som var 12 slag bak. Lars Kåre tok andreplassen i vaksen klassa. I Seniorklassa så var det Joar Voldsund som tok sigeren på +13. Andreas Nupen var åleine i brutto junior klassa, men spelte god golf og gjekk på +20. Om utviklinga til Andreas fortsetter slik den har gjort så vil Ole-Magnus få skikkeleg kamp om klubbmester-tittelen til neste år. I klassa brutto Eldre senior så var det også berre ein deltakar men Svein Aasen gjer som han har gjort dei siste åra, levert stabil og god golf. Han gjekk på +35 på brutto og leia stort i stableford-klassa etter første dag. Olav Trandal starta på verst tenkeleg vis og var +8 etter tre hol på første dag. Han gjekk dei siste 15 hola på +7 og var plutseleg med i kampen i stableford-klassa. Olav låg 4 poeng bak Svein etter første dag. På andre dag gjekk Olav ei runde på 78 slag som er personleg rekord, og med det gjekk han heilt til topps i stableford-klassa med 76 poeng.
Det var også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Joar Voldsund var den som slo lengst på hol 18. Petter Hansen låg om lag 80 cm frå holet, men klubbmesteren som kom i flighten bak viste kven som er sjefen på bana og la ballen 20 cm nærare.
Petter Hansen, Joar Voldsund (vinnar brutto senior), Lars Kåre Vikestrand, Andreas Nupen (vinnar brutto junior), Ole Magnus Orlien (vinnar brutto vaksen), Svein Aasen (vinnar eldre senior), Olav Trandal (vinnar stableford), Jan Egil Gretland og Kristian Sekkeseter Strand.
Heiagjengen på hol 18.
Leiarflighten les green på hol 18.
Epleslang på hol 3/9.