I strålande sommarver møtte 28 golfarar til årets fjerde SkOlsen Tour. Arnfinn Strande tok ein klar siger med -4. Bak Arnfinn kom Jan Gundersen på -2. Den gamle ringreven Rune Strømmen og den meir ferske Eirik Saure delte tredjeplassen med far Anders Kalvatn og son Sindre Kalvatn. I grøntkortklassa var det Svein Andreas Sporsheim som tok sigeren på +1.
Eirik Saure, Rune Strømmen, Arnfinn Strande (vinnar), Jan Gundersen og Svein Andreas Sporsheim (vinnar GK)
18 spelarar stilde til SkOlsen flaggturnering. Dei første flagga begynte å dukke opp rundt green på hol 16, så kom dei tettare på hol 17, medan flesteparten sette igjen flagget sitt på hol 18. To spelarar starta på tredjerunda og sette igjen flagget sitt på hol 19. Lengst kom Jarle nes som var 45 meter frå flagget på hol 19. Kenneth Rusten kom bak på 225 meter. Tredjeplassen gjekk til Johan Liadal som var i holet på hol 18.
Hol 19 | ||
1 | Jarle Nes | 45 m |
2 | Kenneth Rusen | 225 m |
Hol 18 | ||
3 | Johan Liadal | i holet |
4 | Jan Egil Gretland | 30 cm |
5 | Kai-Are Strande | 56 m |
6 | Kristian Sekkeseter Strand | 78 m |
7 | Gunnar Inge Eikrem | 130 m |
8 | Helge Eltvik | 183 m |
9 | Are Myklebust | 188 m |
10 | Olav Trandal | 228 m |
Hol 17 | ||
11 | Dag Tore Hagen | i holet |
12 | Joar Voldsund | 20 cm |
13 | Andreas Nupen | 7 M |
14 | Torleif Remme | 15 m |
15 | Jan Gundersen | 33 m |
Hol 16 | ||
16 | Petter Hansen | 20 cm |
17 | Arnfinn Strande | 50 cm |
18 | Jostein Digernes | 5 m |
På grunn av arbeid på greenane så vert bana stengt frå kl. 16.
Mest truleg så startar arbeidet noko tidlegare, så vis omsyn om du kjem opp i dugnadsgjengen før kl. 16. Om du har mulighet til å vere med å hjelpe til, så tek du kontakt med Rune Strømmen på 95703820.
Sunnfjord golfklubb arrangerer i samarbeid med Årseth golf, golfskule over tre dagar.
Andreas Nupen var forrige helg i Trøndelag og gjekk Narvesen Tour på Byneset GK på laurdag og Stiklestad GK på Søndag. Han kom heim med gode resultat frå begge banene. Han var vinnar i nettoklassen begge stadar og nummer 3 i bruttoklassen også begge stadar.
Byneset GK netto
Byneset GK brutto
Stiklestad GK netto
Stiklestad GK brutto
I SkOlsen Tour 3 så var det dei yngste og eldste som kom på pallen. Andreas Nupen gjekk ei veldig god runde på heile -6. Bak han kom Joar Voldsund og Sindre Kalvatn på -4. Eldstemann Svein Aasen gjekk som vanleg veldig godt og kom inn på -3. I Grøntkort klassa så var det Stian Gaudestad og Lukas Johansen som kjempa om sigeren. Stian var hakket kvassare denne kvelden og gjekk på +4.
Vi har sett ein tendens i år at fleire er med på turneringane. Fleire turneringa har vi vore rundt 30 deltakarar som er veldig kjekt.
Sindre Kalvatn, Andreas Nupen (vinnar), Stian Gaudestad (vinnar GK), Joar Voldsund og Svein Aasen
20 spelarar møtte på SkOlsen Fourball og vart fordelt på 10 lag. Begge spelarane spelar på sin ball og beste score innad i laget på kvart hol vert ståande som teljande. Vinnarlaget var Torleif Remme og Jostein Digernes på -4. Bak dei var det fire lag på -3. Kristian Strand og Petter Hansen hadde lågast handicap og vart dømt til andreplassen og fekk premiar frå SkOlsen.
Torleif Remme (vinnar), Jostein Digernes (vinnar), Kristian Sekkeseter Strand og Petter Hansen
Andreas Nupen er teken ut til Team Norway Future Camp som er satsinga NGF har for ungdom mellom 13 og 15 år. Forrige helg deltok han på samling i Kristiansand og gjekk Srixon Tour på Bjåvann golfklubb. Denne helga var det konfirmasjon på laurdagen og Narvesen Tour på Solnør på søndagen.
Det vert spennande å følgje med utover sesongen.
Andreas på Srixon Tour på Bjåvann golfklubb
Heile 33 spelarar stilde til start på onsdag. Veldig gøy at så mange kjem å spelar på onsdagsturneringane. Vårt håp er at fleire nybyrjarar skal finne gleda i å konkurrere. Det var berre ein som stilde til start i Grønt kort klassa denne kvelden, så vi har god plass til fleire.
Jon Andre Rebbestad gjekk ei veldig god runde på par og vant med det GK-klassa. Jan Gundersen var den som gjekk best og tok sigeren med -2. Svein Aasen kom rett bak på -2. Jan Egil Gretland og Kenneth Rusten delte tredjeplassen på par.
Neste onsdag er det SkOlsen fourball.
Fullt av spelararar rundt klubbhuset før utslag.
Jan Gundersen (vinnar), Svein Aasen, Jan Egil Gretland, Jon Andre Rebbestad (vinnar GK) og Kai-Are Strande
Årets første scramble vart ei svært jamn turnering. Det var to slag som skilde første og siste laget. Det var to lag som delte førsteplassen og det var Rune Strømmen, Jan Trygve Gretland og Svein Aasen på det eine laget og Trond Are Ryste, Kai-Are Strande og Sveinung Aasen på det andre.
Neste turnering vert SkOlsen Tour 2 den 18. mai. Merk at denne turneringa vert flytta til torsdagen på grunn av 17. mai på onsdag.
Trond Are Ryste, Rune Strømmen, Jan Trygve Gretland, Svein Aasen, Kai-Are Strande og Sveinung Aasen