Bana er stengt 

På tysdag denne veka så var det offisiell opning av simulatoren med Stig Brautaset og Ole-Magnus Orlien frå vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre som har sponsa simulatoren med kr. 350.000. I tillegg til representantane frå banken og pressa så var simulatornemda med Stein Gisle Monsholm og Per Kristian Langlo, simulatordriftsgruppa med Joar Voldsund, Sindre Winjevoll og Torstein Lianes, og leiar i Volda golfklubb Olav Trandal tilstades.

Volda golfklubb har vore på leit etter egna lokale i eit par år men det har vore vanskeleg å finne eit lokale som har god nok høgde under taket. Torbjørn Strand tipsa klubben om eit lokale i Strandgata der Ørsta bil tidlegare held til. Det vart signert leigekontrakt med huseigarane og dugnadsgjengen med Sindre Winjevoll, Joar Voldsund og Torstein Lianes i spissen kunne bygge om og lage til lokalet. Dei har stått på dagleg i lang tid. Dei vil også stå for den daglege drifta av simulatoren framover også. Ein stor takk for godt utført arbeid. No står det berre igjen at Låssenteret skal få på plass eit låsesystem så ein kan starte med booking av timar på simulatoren.

Simulatoren vil gje klubben eit løft der medlemmane og andre kan trene gjennom heile året. Vi kjem til å halde kurs, treningar, turneringar, med meir. Vi skal bruke Golfbox til booking og kjem snart med meir informasjon om prisar, m.m. I morgon laurdag 3. desember vil medlemmer frå simulatordriftsgruppa vere tilgjengeleg frå klokka 12 og utover slik at alle som ønskjer det kan kome innom å prøve og å lære seg å bruke simulatoren.

2022 11 29 09.22.47

Stig Brautaset (adm. dir.) frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre trykker på "launch knappen" og opnar simulatoren.

2022 11 29 09.27.24

Ole-Magnus på Old Course på St. Andrews.

2022 11 29 09.38.58

Fin detalj på beskyttelsen til Trackman som er laga av Vik Ørsta. På sidene kan ein setje køllene mellom slaga.

 

2022 12 02 07.39.55

 

 

Frå og med i dag (måndag 7. november) så vert greenane og drivingrangen stengt for sesongen.

 

Greenane

Det vert sett opp vintergreenar som kan spelast mot så lenge det ikkje ligg snø på bana. Ein skal ikkje under nokon omstende spele på greenane sjølv om det ikkje er frost. 

Drivingrangen

Det er no så vått på drivingrangen at vi ikkje klarer å plukke ballar på skikkeleg vis, så vi vil prøve å få i hus det som ligg ute og stenge ned ballautomaten.

Takk til alle for ein lang og god sesong!

 

2022 11 06 14.45.03

Stemningsfullt på årets siste turnering.

 

Turneringane etter avsluttingsturneringa har vi kalt Lauvfall og i år kom vi til Lauvfall IV før vi stengde greenane for vinteren.

Andreas Nupen tok sigeren i Lauvfall I og IV, medan Kenneth Rusten tok Lauvfall II og Roy Inge Nupen tok Lauvfall III. Med to sigrar, ein tredjeplass og ein sjetteplass så kan vi utrope Andreas til Lauvfallfskongen 2022. Han har hatt ein veldig god sesong og starta på handicap 54 i juni og har spelt seg ned til 21,6 etter Lauvfall IV. Om utviklinga held fram slik så vert han ein farleg utfordrar til Ole Magnus om klubbmeistertittelen dei komande åra.

Veldig kjekt at vi har hatt godt oppmøte frå naboklubbane også. Nesten halvparten av deltakarane på Lauvfall IV var utanbygds deltakarar. 

Premiane på Lauvfallsturneringane har vore golfartiklar frå vår hovudsponsor Sparebank1 Søre Sunnmøre og ballar frå Jass Maritime. Ein stor takk til dei!

Lauvfall I

Resultat Lauvfall I

 

Lauvfall II

Resultat Lauvfall II

 

Lauvfall III

Resultat Lauvfall III

 

Lauvfall IV

Resultat Lauvfall IV

 

2022 11 06 14.52.27

Andreas Nupen slår ut på hol 17 på Lauvfall IV.

 

rgb SB1 Sore Sunnmore verti blå

SmallLogo

 

Då har vi gjennomført 12 turneringar i SkOlsen Touren 2022. Totalt 44 spelarar har vore med og 20 av desse har fem eller fleire. Joar Voldsund og Jostein Digernes har vore med på alle 12 turneringane. Harald Indresøvde starta sesongen veldig bra og har vore umogleg å ta igjen. På dei fem teljande rundene så har han 164 slag. Nærast var Svein Aasen eit par slag bak. Kristian Strand og Jan Gundersen deler tredjeplassen på 167 slag.

I brutto-klassen så var det Joar Voldsund på 182 slag som tok sigeren. Bak Joar var det Jan Egil Gretland på 191 slag og Petter Hansen på 195 slag.

SkOlsen Tour har vore annankvar veke og den andre veka har vi hatt ein god variasjon av andre turneringsformer. Vi takkar turneringssponsor SkOlsen for fine premiar gjennom sesongen.

SkOlsen logo

2022 06 15 20.26.52

Harald Indresøvde (Vinnar SkOlsen Tour 2022), Joar Voldsund (Vinnar SkOlsen Tour Brutto), Andreas Nupen og Helge Eltvik. Biletet er henta frå SkOlsen Tour 4.

 

OOM 2022

OOM Brutto 2022

I strålande haustver gjekk årets siste SkOlsen Tour av stabelen. Det er ikkje mange turneringar vi har hatt i år der vi går i t-skjorte og svettar, men denne oktober laurdagen skuffa ikkje. Dei tre øvst på pallen gjekk alle i same flight. Peder Barstad har funnet haustforma og vant på -2. Tett fulgt av Lars Kåre Vikestrand og Leon Myrvåg på -1. 

Då er det berre avsluttingsturneringa igjen av dei 32 turneringane vi har arrangert i år. Den er søndag 9. oktober klokka 12:00.

2022 10 01 17.50.44

Jan Egil Gretland, Leon Myrvåg, Lars Kåre Vikestrand og Peder Barstad (vinnar)

Resultat SkOlsen Tour 12 2022

2022 10 01 15.33.44

Nummer 1, 2 og 3 på hol 16 i nydeleg haustver. fotograf: Nummer 20

Tradisjonen tru så vert det arrangert nattgolfturnering i månadsskiftet september/oktober, når veret gjev opning for det. 17 deltakarar ofra sofaen og gullrekka for golf i bekmørkret. Stein Monsholm sesongdebuterte med siger, med Joar Voldsund og Trond Are Ryste bak seg. I grøntkortklassa så var det Anders Børtnes Kalvatn som tok sigeren. Bak han komSimon Sjøkvist og Petter Westgaard på lik poengsum, men Simon tok andreplassen med lågare handicap. Sprekt av Petter å debutere som konkurransegolfar med natturnering. Simon og Petter reiser rett vidare på "Fri Flyt Film Tour", med ønskje om ein god tur.

Kvelden/natta vart avslutta med pizza på klubbhuset.

2022 10 01 00.21.47

Anders Kalvatn (vinnar GK), Simon Sjøkvist, Petter Westgaard, Joar Voldsund, Trond Are Ryste og Stein Gisle Monsholm (vinnar)

Resultat Nattgolf 2022

Resultat Nattgolf 2022 GK

Sesongens nest siste SkOlsen Tour var det Jostein Digernes som gjekk av med sigeren. Han gjekk på -2, det same som Svein Aasen, men med lågare handicap. Petter Hansen og Torleif Remme delte tredjeplassen.

2022 09 24 17.56.15

Torleif Remme, Jostein Digernes (vinnar), Svein Aasen og Petter Hansen

 

Resultat SkOlsen Tour 11 2022

Resultat SkOlsen Tour 11 2022 GK

Denne laurdagen var det scramble med toarlag og eit trearlag (for å få det til å gå opp). Trearlaget med Svein Aasen, Jan Gundersen og Jarle Nes var dei som spelte best og tok sigeren på -6. På andreplassen var det Joar Voldsund og Kenneth Rusten på -4. Det var jamt bakover med to lag på -3 og to på -2, medan resten gjekk på par.

 

2022 09 10 18.03.22

Svein Aasen (vinnarlaget), Jan Gundersen (vinnarlaget), Joar Voldsund og Kenneth Rusten.

 

Resultat SkOlsen Scramble II 2022

SkOlsen Tour 10 gjekk i fantastisk ver og vi fekk den sommaren vi har venta på gjennom heile sommaren. Andreas Nupen tok nok ein siger og gjekk på -5. Tett bak kom Yngve Vadstein på -4. Jan Egil Gretland og Jon Einar Nybøen delte tredjeplassen på -1.

 

2022 09 03 17.49.59

Sindre Winjevoll, Andreas Nupen (vinnar), Yngve Vadstein og Jan Egil Gretland.

 

Resultat SkOlsen Tour 10 2022