Bana er opa på vintergreenar

Om klubben

Volda Golfklubb vart skipa i 1998 og opna bana i 2001. Bana ligg fint til i Vassbotnen, vakkert plassert ved Rotevatnet, omlag 4 km frå Volda sentrum.

Bana er ei 9-hols par 70 bane. Bana vart i 2018 oppgradert med 18 nye teear som vi opna til 20-års jubileet, slik at vi no har 18 forskjellige teear frå gult og 18 forskjellige teear frå raudt. Bana kan sjå lettspelt ut men ikkje la deg lure. Her er det nok av hinder som gjer den utfordrande og morosam å spele på.

Drivingrangen fekk også ei oppgradering i 2018 der omlag 2/3 av drivingrangen no er overbygd. Då er det berre å kjøpe seg ei bøtte med ballar og trene litt medan ein ventar på at regnbyga skal reise forbi. Har du ikkje med deg køller så har vi ein del køller som de kan få låne gratis.

Vi ynskjer alle velkomne til ei triveleg runde i Vassbotnen.