Volda golfklubb

  • Heim
  • Om klubben
    • Medlemsskap
    • Klubbmeistrar
    • Hole in one
    • Matchplay Cup
    • Årsmøte
      • 2020
      • 2019
      • 2018
      • 2017
      • 2016
      • 2015
      • 2014
    • Artikkel arkiv
  • Bana
    • Greenfee
    • Banekart
    • Driving range
    • Scorekort
    • Slopetabell herrer
    • Slopetabell damer
    • Lokale reglar
  • Turneringar
    • Lokale turneringar
    • Nordvest Tour
    • Turneringsformer
  • Marknad
    • SkOlsen og Eurosko Amfi
    • Havila Hotel Ivar Aasen
  • Kalender
  • Kontakt oss

Bana er opa med vintergreenar

Lokale reglar

  • Utskrift

Lokal regel B-2.1

Når ballen til ein spelar er i eit straffeområde, inkludert når det er kjent eller så godt som sikkert at den er i eit straffeområde, sjølv om den ikkje er funnen, kan spelaren ta fritak ved å bruke ei av mulegheitene i regel 17.1.d.

Eller, når ballen sist kryssa grensa til det raude straffeområdet mellom hol 4/13 og 5/14, har spelaren ei ekstra fritaksmulegheit og kan med eitt straffeslag droppe den opphavelege ballen eller ein annan ball på motsett side av straffeområdet:

  • Referansepunkt: Det anslåtte punktet på motsett side av straffeområdet som er like langt frå hòlet som det anslåtte punktet der den opphavelege ballen sist kryssa grensa til det raude straffeområdet.
  • Størrelse på fritaksområdet målt frå referansepunkt: To køllelengder, men med følgjande avgrensingar:
  • Avgrensingar for plassering av fritaksområde:
    • Må ikkje vere nærare hòlet enn referansepunktet, og
    • Kan vere i kva område som helst på bana unntatt det same straffeområdet, men
    • Viss fleire enn eitt område på bana er innanfor to køllelengder frå referansepunktet, må ballen kome til ro i fritaksområdet i det same området på bana som ballen først rører ved når han vert droppa i fritaksområdet.

Straff for å spele ball frå ein feil stad ved brot på lokal regel: Generell straff etter regel 14.7a.

 

Lokal regel E-1.1

Viss ein ball er i straffeområdet, «borga», på hol 3/12 og 9/18 eller bak greenen på hol 5/14, inkludert når det er kjent eller så godt som sikkert at ein ball som ikkje er funnen kom til ro i straffeområdet, har spelaren følgjande fritaksmulegheiter, kvart med eitt straffeslag:

  • Ta fritak etter regel 17.1, eller
  • Som ei ekstra mulegheit, droppe den opphavelege ballen eller ein annan ball i droppsona

Straff for å spele ball frå ein feil stad ved brot på lokal regel:
Generell straff etter regel 14.7a.

 

Markeringar i fairway:

Grønt merke 50 m
Raudt merke 100 m
Gult merke 150 m