Bana er opa 

Første turneringa er Vårspretten Ørn Golf Open

Lenke til turneringa: https://voldagolf.no/index.php/turneringar/2014-04-08-08-57-15#/competition/4496643/info

Det vert premiert i tre klasser, brutto jr./vaksen, brutto senior og stableford. Om ein ønsker å gå frå raudt så konkurrer ein berre i stableford-klassen. Ørn Golf har sponsa flotte premiar og det vert Taylormade golfbaggar i 1. premie i alle klasser. 

2024 04 05 20.53.23

Ørn golf logo

Allereie på onsdag 1. mai er neste turnering som er første turneringa i SkOlsen touren. Så her er det berre å melde seg på.

SkOlsen logo

 

I morgon søndag 21. april kl. 12 opnar vi golfbana.

Om det er frost skal ein ikkje gå på greenane. 

Angåande dugnad Laurdag 20. April. frå Kl.1100 – 15.00

Om forholda tillet det skaffar vi pizza og så avsluttar vi med ei 9 hols runde etterpå.

Prioritet:

  1. Skjære bunker kantar / Forberede påfylling av ny sand
  • Fint om den som møter kan take med Stikkspade, og/eller Grafse og Stålrive.
  1. Plukke kvist og kvast i rough og fairway.  
  • Klargjere for robotklippar.
  • Gå over heile bana.
  1. Om det blir godt oppmøte:
  • Sette ut dei nye lengdestakane.
  • Valse fairwayar (traktor og valse)  Om fairway har tørka litt opp.
  • Trefelling øvst på hol 13.
  • Gå med ryddesag/kantklippar/beitesaks langs elva ved hol 4/5
  • Plenty av oppgåver 😊

Vel møtt!!

Stor takk til dei som stilde på dugnad i dag. Det vart gjort veldig mykje godt arbeid. Eg fekk tatt bilder av nokre av arbeidarane men nokon slapp dessverre unna.

2024 04 13 12.09.59

Arnfinn i godt driv med rulla.

2024 04 13 12.10.04

2024 04 13 12.10.16

Trond gjer reine klippeaggregata og sprayer dei.

2024 04 13 12.10.32

Johan løyser underknivar.

2024 04 13 12.10.38

Opplæring i sliping av underknivar.

2024 04 13 12.10.54

Sjefen står å arbeider på eit klippeaggregat.

2024 04 13 12.22.30

Smøring av klippeaggregata

Denne laurdagen (13. april) vert det dugnad i løda frå kl. 11.00. Det er forskjellig forefallande arbeid som skal utførast og i tillegg få rydda opp inne og rundt løda.

2023 04 15 13.30.51

Neste laurdag (20. april) håper vi på betre ver og arrangerer dugnad frå kl. 11.

2023 04 15 13.26.45

Angåande dugnad Laurdag 20. April. frå Kl.1100 – 15.00

Om forholda tillet det skaffar vi pizza og så avsluttar vi med ei 9 hols runde etterpå.

Prioritet:

  1. Skjære bunker kantar / Forberede påfylling av ny sand
  • Fint om den som møter kan take med Stikkspade, og/eller Grafse og Stålrive.
  1. Plukke kvist og kvast i rough og fairway.  
  • Klargjere for robotklippar.
  • Gå over heile bana.
  1. Om det blir godt oppmøte:
  • Sette ut dei nye lengdestakane.
  • Valse fairwayar (traktor og valse)  Om fairway har tørka litt opp.
  • Trefelling øvst på hol 13.
  • Gå med ryddesag/kantklippar/beitesaks langs elva ved hol 4/5
  • Plenty av oppgåver 😊

Vel møtt!!

SAKLISTE

Årsmøte Volda golfklubb 21.02.2024 på Havila Hotel Ivar Aasen kl. 19.00

  Klikk på saka for å få opp dokumenta som er knytt til saka.

  1. Opning ved styreleiar
  2. Godkjenne dei som har røysterett
  3. Val av møteleiar og referent
  4. Val av 2 personar til å skrive under protokollen
  5. Godkjenning av forretningsorden
  6. Godkjenning av innkalling
  7. Godkjenning av sakliste
  8. Handsame årsmeldinga for 2023
  9. Handsame
    1. Rekneskapen for 2023
    2. Melding frå kontrollutvalet
  10. Handsame eventuelle forslag og saker
    1. Ingen innmelde saker
  11. Fastsetje medlemskontingent for 2024
  12. Vedta budsjett for 2024
  13. Handsame organisasjonsplanen til klubben
  14. Val
    1. styre
    2. kontrollutval
    3. valkomité
  15. avgjere om det skal engasjerast revisor

    Pause med mat

  16. Premiering og takk
  17. Medlemsmøte med diskusjon
  18. Avslutning

 

Referatet frå årsmøtet finn de her.

Kjære medlem,

I samsvar med lov for Volda golfklubb $14 pkt. 2, kaller vi med dette inn til årsmøte på:

Havila Hotel Ivar Aasen, Ørsta
Onsdag 21 Februar 2024
Kl. 19:00

Forslag som skal behandles på årsmøtet må være sendt til styret senest 2-to uker før årsmøtet.

Fullstendig saksliste med andre nødvendige saksdokumenter vil bli tilgjengelige på www.voldagolf.no senest 1-en uke før årsmøtet.

Golfhelsing fra Styret i Volda Golfklubb
Volda 18 januar 2024
v/Stein G. Monsholm
Formann

logo voldagolf

Vi er no komen til den tida på året der det er fare for frost. Vi har lagt inn blokkering fram til kl. 12, men sjølv om du bookar seinare på dag så skal du uansett ikkje gå på greenane om du kjenner at bakken er frosen. Det vil gje skader på graset og fotspora dine vil stå som visna gras til våren. Det er difor viktig at de respekterer dette. 

Vi vil gjere vurderingar framover om når vi stenger greenane for sesongen. Då vert flagga fjerna og det vert sett opp vintergreenar.

Avsluttingsturneringa gjekk forbausande nok i "fint" haustver og dei heftige regnbygene som har vore i heile haust heldt seg borte. Det var konkurrert i både Stableford og brutto klasse. Jan Egil Gretland var i ei eiga klasse og vant både Stableford og brutto. Han gjekk på 72 slag som var 8 slag betre enn Johan Liadal og Robert Graham som kom på 2. og 3. plass. I Stableford klassa så var det også Robert Graham som var nærast. Han var eit poeng bak Jan Egil som gjekk på 39 poeng. Jostein Digernes tok 4. plassen og Per Heltne 5. plassen, begge på 36 poeng. 

Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Det var ingen som tok lengste utslag frå raudt utslag då ingen av dei landa i fairway. Frå gult utslag så var det heilt likt mellom Rune Strømmen og Kai-Are Strande som delte denne. Nærast pinnen var Robert Graham.

Vermeldingane ser dårlege ut framover så det kan spøke for Lauvfall turneringane og nattgolfen. Om dei vert arrangert så vert det lagt ut melding om det både her og på Facebook.

2023 10 08 16.24.20

Jostein Digernes, Kai-Are Strande, Robert Graham, Rune Strømmen og Jan Egil Gretland (Vinnar brutto og Stableford)

Stableford

Resultat avsluttingsturneringa