Bana er opa 

Siste helga i mai starta årets Toyota Sunnmøre Matchplay cup med gruppespel der dei to beste frå kvar gruppe gjekk vidare til sluttspelet. Gjennom sommaren og hausten har det vore spelt kvartfinalar og semifinalar. Begge semifinalane var veldig jamne og det vart ikkje avgjort før på siste holet i begge matchane. I semifinalane vant Per Kristian Langlo over Helge Eltvik og Peder Barstad over Olav Trandal. 

 

I matchplay så spelar ein om sigeren på kvart hol. Den som vinn flest hol er vinnaren i matchen. Nytt av året var at finalen og bronsefinalen gjekk samstundes og alle fire i same flight. I begge matchane så var det veldig jamt. Det vart bytta på å ligge i leiinga og halvvegs så var det heilt likt i finalen, medan Olav leia med eit hol på Helge i bronsefinalen. Både Olav og Per Kristian starta bra på andre runda og fikk eit lite forsprang. Etter utslaget på hol 12 så låg Per Kristian 127 meter frå flagget. På det neste slaget så sette han ballen rett i koppen og fikk ein fin eagle. Etter ein litt trå start på andre runda så tok spelet seg opp igjen for Helge og Peder.

 

I bronsefinalen så hadde Olav ei leiing på tre hol ei periode men på slutten så kom Helge heilt opp i ryggen igjen. Med siger på siste holet for Helge så hadde det blitt omspel. Med eit sjeldent skeivt utslag så hamna Olav i den høgste roughen og måtte slå ein provisorisk ball. Det såg lenge mørkt ut for å finne igjen førsteballen, men Helge skimta den langt nede i graset og kunne med eit smil fortelje at han fant ballen. Han tenkte nok med seg sjølv at denne kom aldri til å hamne ut på fairway igjen. Til tross for lave odds så slo Olav ballen fint ut av roughen og var med i kampen igjen. Når begge var komne på green så hadde dei brukt like mange slag. Helge fekk innspelet sitt ganske nær holet. Olav låg 3-4 meter frå holet og skulle på tvers av hellinga. Helge var i ferd med å førebu omspelet, men Olav heldt nervane under kontroll og avslutta med ein rå putt og sikra med det 3. plassen i turneringa.

 

I finalen så jobba Peder seg inn kampen igjen og var heilt opp i ryggen på Per Kristian før siste holet. Peder som no var godt i siget tok også dette. Då var det heilt likt etter 18 hol og det gjekk til omspel. Då er det første til å vinne eit hol som går av med sigeren.

 

Begge var tydeleg skjerpa før omspelet og dei hadde igjen gode utslag. Begge var litt upresise med innspelet og hamna rett på utsida. Igjen var det to gode slag og dei låg heilt likt, om lag 2 meter frå holet. Peder putta først og satte par putten. Per Kristian gjorde seg klar og sende ballen mot holet, men den stansa rett før. Dermed gjekk Peder sigrande ut av finalen.

 

Ein svært letta vinnar kunne no legge tapet i fjorårsfinalen bak seg. Flotte premiar frå turneringssponsor Toyota Sunnmøre vert delt ut på årsmøtet.

 

2021 09 15 19.09.04

Helge Eltvik, Peder Barstad (vinnar), Per Kristian Langlo og Olav Trandal

 

Toyota sunnmre matchplay cup

 

 

2021 09 15 17.24.16

Litt over halvvegs. Stilen er framleis veldig bra.

 

2021 09 15 17.30.44

Per Kristian med eagle på hol 12. 

 

2021 09 15 19.04.36

Peder set parputten og legg press på Per Kristian.

 

2021 09 15 19.04.50

Per Kristian med parputten som ikkje gjekk i. Dermed var Peder vinnar av årets Toyota Sunnmøre Matchplay Cup.

Med skodda hengande nesten ned i Rotevatnet gjekk den andre SkOlsen Scramble av stabelen. 12 deltakarar trassa det grå veret, Aller best gjekk Petter Hansen og Jostein Digernes som gjekk på -4. Andreplassen tok Johan Liadal og Olav Trandal som gjekk på -3.

 

2021 09 11 17.33.58

Olav Trandal, Johan Liadal, Petter Hansen (vinnarlaget) og Jostein Digernes (vinnarlaget)

 

Resultat SkOlsen Scramble II 2021

Olav Trandal som har vore på topp på dei to siste SkOlsen turneringane var vekke denne helga så då opna det seg for andre. Evigunge Svein Aasen let ikkje sjansen gå frå seg og gjekk ei veldig god runde. Han tok sigeren på -2, eit slag foran Joar Voldsund og to slag foran Rune Strømmen.

 

Samanlagt i SkOlsen Touren så gjekk Svein opp på 2. plass bak Per Arve Hovde. Det skiller 7 slag mellom Svein og Per Arve. Rett bak Svein så lurer Jan Egil Gretland og Harald Indresøvde. Leiaren er nok ikkje så godt å gjere noko med, men spenninga om resten av pallen er der framleis, med to runder igjen. 

 

1631040849309

Rune Strømmen, Svein Aasen (vinnar) og Joar Voldsund.

 

Resultat SkOlsen Tour 10 2021

I fourball så spelar begge spelarane sin ball til den er i holet. Kvar spelar får 90% av sitt handicap og den beste scoren i laget for kvart hol er gjeldande. Olav Trandal og Jan Trygve Gretland gjekk av med sigeren på -5. Joar Voldsund og Kristian Strand, og Johan Liadal, Svein Aasen og Lars Olav Winjevoll gjekk også på -5, men Gretland og Trandal har lavast handicap og vart dømt som vinnarar.

 

2021 09 01 20.22.25

Olav Trandal (vinnarlaget), Jan Trygve Gretland (Vinnarlaget), Joar Voldsund og Kristian Strand

 

SkOlsen logo

Resultat SkOlsen Fourball 2021 2

Då har vi fått inn farga golfballar med Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Volda golfklubb logo på. Kr. 289 pr. dusin. Vi har den i matt grøn, matt rosa og gul.

 

2021 09 07 20.48.27

Matt grøn, gul og matt rosa.

 

 

 

Det vart dessverre litt mykje fram og tilbake om denne turneringa. På grunn av Sparebank 1 Invitational på torsdag så vart denne turneringa sett til laurdagen i terminlista. Vi gløymde å endre tidspunktet i golfbox då turneringa var "kopiert" frå i fjor då den gjekk på ein onsdagskveld. Tidspunktet stod på klokka 18. I tillegg var det snakk om å flytte turneringa til søndag på grunn av dugnad på laurdag. Bjørn Arve, Joar, Sindre, m.fl. arbeidde så raskt at vi vart ferdige med arbeidet på greenane på fredag. Då vart det slått kontra på flyttinga. Dette har nok gjort nokre usikre på når den skulle vere. Jan Egil ringde rundt til dei påmelde for å vere sikre på at dei hadde fått dette med seg. Det var eit par det ikkje passa for og det er beklageleg. 

 

Vi var 13 stykker som stilde til start. Det treng kanskje ikkje nemnast at vi gjekk i strålande ver, då stort sett alle turneringane i år har vore bada i sol. Det var kanskje nokre slitne kroppar etter dugnaden men eit par stykker klarte å kome seg under par. Olav Trandal og Leon Myrvåg gjekk begge på -1 men Olav har lågare handicap og vart med det dømt som vinnaren av turneringa.På slaget bak kom Jan Egil Gretland og Harald Indresøvde som begge gjekk på par. Jan Egil tok tredjeplassen med lågare handicap.

 

Med ny putter i baggen så ser det ut som Jan Egil er i ferd med å finne haustforma og kan vere ein farleg utfordrar til samanlagtsigeren i SkOlsen Tour. Per Arve har framleis ein god ledelse på heile 9 slag med tre runder igjen.

 

2021 08 28 17.51.23

Leon Myrvåg, Olav Trandal (vinnar) og Jan Egil Gretland

 

Resultat SkOlsen Tour 9

 Når hovudsponsoren vår Sparebank 1 Søre Sunnmøre inviterer til turnering så er ikkje golfarane på Sunnmøre vonde å be.Sparebank 1 Invitational har blitt ei av dei mest populere turneringane vi arrangerer i klubben. Turneringa har eit sosialt preg der vi spelar scramble med firar-lag. I scramble så slår alle i laget frå der den beste ballen landar slik at ein har fire forsøk på kvart slag. Dette viser også igjen på resultata. I og med at det ikkje gjekk opp i fire så vart det eit trearlag. Dei får kompensert litt med tal tildelte slag, men det er vanskeleg å hevde seg heilt i toppen med berre tre på laget.

 

Dei 35 deltakarane fekk servert kyllingwraps før dei gjekk ut og blomkålsuppe når dei kom inn. Maten var levert av Osdals catering og servert av Arne Lothe og Ole Magnus Orlien frå Sparebank 1.

Det var veldig mykje god spel og ikkje så mange slag som skilde laga. Det laget som kom øvst på pallen var Peder Barstad, Are Myklebust, Webjørn Yksnøy Bergman og Amund Yksnøy Bergmann. Eit slag bak dei kom gjestane frå Sunnmøre golfklubb, Bjørnar Nesset, Kim-Tore Husøy, Niklas Uusitalo og Christer Adrian Mork. Siste pallplassen gjekk til Lars Olav Winjevoll, Sindre Winjevoll, Joar Voldsund og Helge Eltvik.

 

Det var også konkurrert i nærast holet på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18. Lars Olav Winjevoll kom nærast holet med om lag 2 meter igjen. Svein Aasen hadde lengste utslaget frå raudt utslag og Per Kristian Langlo slo lengst frå gult utslag.

 

Ein stor takk til Sparebank 1 somn stilde med flotte premiar, servering og eit framifrå ver. 

  

SP1I Alle

Alle deltakarane før start.

 

SP1I Winjevoll

Sindre og Lars Olav Winjevoll. Lars Olav var nærast holet på hol 7/16.

 

SP1I Halvvegs

Jan Egil, Rune og Olav etter halvgått runde.

 

SP1I Premieutdeling

Arne Lothe og Ole Magnus Orlien frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre er klare til premieutdeling.

 

Resultat SP1I

SP1I Vinnarlaget

Vinnarlaget med Peder Barstad, Are Myklebust, Webjørn Yksnøy Bergmann og Amund Yksnøy Bergmann kjem fram for å motta premiane.

 

SP1I Vinnarane

Alle vinnarane samla.

 

Tidlegare i dag la vi ut melding om at turneringa i morgon (SkOlsen Tour 9) vart utsatt til søndag. No har vi fått vertikalskore, lufta og dressa alle greenane slik at vi kan gjennomføre turneringa som oppsett. Det vert difor turnering i morgon klokka 15.30.

 

Det vert  dugnad i morgon frå 10 til 14, slik at vi er ferdige i god tid til turneringa. Vi håper at det kan kome nokre i morgon slik at vi får shine opp bana. Det gror igjen mange stadar så det hadde vore fint om nokon kan ta med seg bensindrevet kantklippar eller krattryddar. Det trengs også å rake vekk litt av høgegraset som Bjørn Arve har slått og plukke ballar på drivingrangen. Målet er å få slått høgegraset endå lenger ned slik at ikkje så mange ballar forsvinn.

 

2021 08 27 16.46.45

Joar slodder med golfbilen medan den hadde batteri.

 

2021 08 27 19.48.23

Joar i fint driv på siste greenen.

Til gjestespelarar og klubben sine medlemmer

 

Det vert arbeid på golfbana denne helga. Greenane vert vertikalskorne, hola, dressa, osb. Det vert også anna arbeid rundt om på bana som skogrydding, skjering av bunkerane, klipping, rydding, m.m. Omfanget er nokon styrt av kor mange som stiller.

 

Dette medfører at det er litt folk rundt på bana som de må ta omsyn til. Greenane held noko lågare standard enn det vi er vande til nokre dagar framover. Går ein tidleg på dag så er det stor sjanse for at greenane er våte av dugg og sanden kleber seg til ballen. Vi må flytte turneringa på laurdag til søndag. Det må også avklarast når på dag den vert. Følg med i golfbox for når turneringa går.

 

For klubben sine medlemmer så gjeld dette: Har du tid til å golfe desse dagane så har du også tid til å hjelpe til med arbeidet.

 

Arbeid på green

Klubbmeisterskapet 2021 gjekk under fantastiske speleforhold i strålande ver. Sjølv om ikkje alt spelet var like strålande så kosa dei aller fleste seg desse to dagane. Nokre midt på resultatlista skylda på nyleg sett andre dose av koronavaksina, som gav litt ømme armar. Om lista hadde sett annleis ut utan vaksinesprøyte får vi aldri vite.

 

Som vinnar av stort sett alle klubbmeisterskap han har stilt opp i, måtte Ole Magnus tole å ha favorittstempelet denne helga. Sjølv med eit visst press så innfridde Ole Magnus og leverte to gode runder på 67 og 72 slag. Runda på 67 slag er lågaste registrerte score etter endring av bana for eit par år sidan. Ole Magnus gjekk på -1 totalt og vart med det klubbmeister med heile 13 slag foran nummer to som var Lars Kåre Vikestrand.

 

Det er dessverre ikkje så mange konkurrentar for Mari Chluba i dameklassa, men Mari lot ikkje det påverke spelet og leverte to sterke runder på 77 slag. Ho gjekk med det inn på tredje beste score denne helga, berre slått av Ole Magnus og Lars Kåre.

 

I senior klassa (over 50 år) var det Petter Hansen som gjekk av med sigeren. Joar Voldsund leia etter første dag, men måtte sjå seg slått av Petter som gjekk ei veldig sterk runde på 74 slag på søndagen. Tredjeplassen i denne klassa gjekk til Johan Liadal.

 

Det er heller ikkje så mange konkurrentar til Iben Louise Hansen i junior klassa, men Iben leverte veldig bra på søndag og var den som gjekk best på søndagen i høve sitt handicap. Det gjorde at ho også vant stableford klassa, eit poeng foran pappa, Petter Hansen. På tredjeplass kom Rune Strømmen med lik poengsum som Petter, men med eit høgare handicap.

 

Det var også konkurrert om nærast holet på hol 7/16 og lengste utslag. Lars Olav Winjevoll var den som klarte å kome nærast holet. Jan Egil Gretland hadde lengste utslag frå gult og Mari Chluba frå raudt.

 

2021 08 22 16.39.14

Jan Egil Gretland, Lars Olav Winjevoll, Ole Magnus Orlien (Klubbmeister herre og vinnar brutto vaksen), Lars Kåre Vikestrand, Mari Chluba (Klubbmeister dame og vinnar brutto dame), Joar Voldsund, Rune Strømmen, Petter Hansen (vinnar brutto senior) og Iben Louise Hansen (vinnar brutto junior og stableford)

 

Resultat KM stableford

Resten av resultata finn de ved å klikke her!

 

2021 08 22 14.32.01

Leiarballen på hol 12. (Joar, Ole Magnus, Mari og Lars Kåre)

 

2021 08 22 12.28.14 

Dei næraste utfordrarane til topplasering står spent å ventar på å få slå ut på hol 4. (Jan Egil, Dag Roar, Sindre og Rune)

 

2021 08 22 15.55.38

Ole Magnus puttar for birdie på hol 18. (Gjekk av med par)

 

2021 08 22 15.47.53

Publikum fylgjer spent med på leiarballen på siste holet.

 

2021 08 22 15.58.11

Kontroll av scorekort etter endt runde.