Bana er stengt 

12 spelarar fordelt på 6 lag var med på SkOlsen Fourball. I fourball så spelar begge spelararane på laget holet som vanleg og lågast score for laget på kvart hol er gjeldande. Peder Barstad og Leon Myrvåg gjekk på -5 og tok med det sigeren.

 

IMG 20220526 145058

Vinnarlaget med Peder Barstad og Leon Myrvåg

 

Resultat SkOlsen Fourball 2022

Fineveret lokka fram langt fleire golfarar enn sist onsdag. Heile 27 stykker møtte til SkOlsen Tour 2. Det var mykje bra spel og to stykker gjekk på heile -5. Det var Per Arve Hovde og Jarle Nes, men Per Arve vart dømt foran med lågare handicap. Peder Barstad begynner å spisse forma til Matchplay cupen og tok ein sterk tredjeplass med -3. Deretter kom Kristian Strand på -2 og Are Myklebust på par. I Grøntkortklassen var det ein familieduell mellom far Anders og son Sindre Kalvatn. Junior var den som gjekk best på +2 medan Anders gjekk på +3. 

Neste onsdag er det SkOlsen Fourball.

2022 05 18 20.31.48

Peder Barstad, Are Myklebust, Per Arve Hovde (vinnar), Kristian Sekkeseter Strand og Sindre Kalvatn (vinnar GK)

Resultat SkOlsen Tour 2 2022

Resultat SkOlsen Tour 2 GK 2022

Det var dei tøffaste golfarane i klubben som ikkje bryr seg om ver og vind, som tok turen fram i Vassbotnen denne kvelden. Det var ikkje Vivaldi sine fire årstider (som vi er vant med), men berre tungt regn som varierte litt i intensitet. 

Det var Scramble med firemannslag og veldig mykje godt spel til trass for veret. Tre av laga gjekk på -6 etter det var korrigert for handicap. Reglane for denne turneringa gjekk på best av dei siste 9, siste 6 og siste 3 hola. Vinnarlaget med Tore Skåtveit, Helge Eltvik, Jan Egil Gretland og Yngve Vadstein gjekk best dei siste 6 hola og tok med det sigeren.

2022 05 11 20.31.12

Vinnarlaget med Tore Skåltveit, Helge Eltvik, Jan Trygve Gretland og Yngve Vadstein.

SkOlsen logo

Resultat SkOlsen Scramble 1 2022

20 spelarar møtte til den første SkOlsen turneringa i årets SkOlsen Tour. Det var mykje godt spel og Harald Indresøvde var den som gjekk aller best denne kvelden. Harald gjekk på -6 med Joar Voldsund på slaget bak, Svein Aasen tok tredjeplassen og Kristian Strand kom på fjerde.

2022 05 04 20.20.06

Joar Voldsund, Harald Indresøvde (vinnar), Svein Aasen og Kristian Sekkeseter Strand

 

SkOlsen logo

 

Resultat SkOlsen Tour 1 2022

I flott vårver så gjekk første offisielle turneringa for året av stabelen. Det er den årvisse Vårspretten Felleskjøpet Open. 25 spelarar hadde kome ut av vinterdvalen og var klare til dyst. Sindre Winjevoll var einaste som kom på minussida og gjekk på -1 og tok med det sigeren og vant seg ein flott reinsdyrsskinnfell frå Felleskjøpet. Etter Sindre var det tre spelarar som gjekk på par. Det var Jan Egil Gretland og brørne Kenneth og Jens-Kristian Rusten. Når det er likt så var det i denne turneringa sett opp til at den med lågast handicap går foran. Med det så tok Jan Egil 2. plassen, Kenneth 3. plassen og Jens-Kristian 4. plassen.

Det var også konkurrert om nærast pinnen på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18. Per Arve Hovde var den som kom nærast pinnen. Frå raudt utslag så var det Torleif Remme som slo lengst, medan det frå gult utslag var Lars Olav Winjevoll.

Felleskjøpet sin representant, Harald Dalsbø, delte ut premiane til vinnarane. 

2022 05 01 15.43.22

Jan Egil Gretland, Torleif Remme, Kenneth Rusten, Sindre Winjevoll (vinnar), Jens-Kristian Rusten og Lars Olav Winjevoll

2022 05 01 15.41.02

Harald Inge Dalsbø frå Felleskjøpet deler ut førstepremien til vinnaren Sindre Winjevoll

Resultat Vårspretten Felleskjøpet open 2022

Om lag 20 personar stilde på dugnad og ein fekk gjort mykje godt arbeid. Etter arbeidet var det matpause med pizza før ein gjekk ut på turnering. 

Leon Myrvåg har vore på "treningsleir" på Kanariøyane og det var tydeleg å sjå. Allereie på første holet så var det så vidt at birdien ikkje gjekk i. Deretter var det eagle, par, birdie og birdie. Han gjekk på heile 27 poeng på 9 hol som er mildt sagt imponerande. Nærast Leon var Anders Kalvatn som også gjekk ei veldig god runde, men var heile 6 poeng bak. Deretter kom Rune Strømmen, Johan Liadal, Per Kristian Langlo og Torbjørn Osland. Vi hadde ikkje eigen juniorklasse, men Sindre Kalvatn er ein tøffing og stilde mot alle dei vaksne spelarane og vart sjølvsagt premiert for ein veldig god innsats.

Tusen takk for arbeidet de la ned på dugnaden. Det er framleis ein del arbeid som står igjen rundt om på bana, så vi vil oppmode alle om å plukke med seg greiner og anna de finn i speleflata og kaste det ut i skogen slik at vi slepp å få det inn i klipparane når vi startar klippinga.

2022 04 23 14.37.10

2022 04 23 14.37.26

Litt mat etter dugnaden før ein skal ut å gå turnering.

 

2022 04 23 17.08.04

Dei første flightane ventar spent på at alle skal kome inn og ein får resultatet.

 

2022 04 23 17.23.02

Rune Strømmen, Sindre Kalvatn, Anders Kalvatn, Johan Liadal, Per Kristian Langlo, Leon Myrvåg (vinnar) og Torbjørn Osland.

Resultat dugnadsturnering 2022

På laurdag 23. april så vert det dugnad frå klokka 11.00. 

Arbeid som skal gjerast er:

  • Rydde på bana (plukke opp greiner o.l.)
  • Stelle bunkerane
  • Rake teeane
  • Rydde skat etter trefelling og samle det til oppflising
  • Plukke greiner på drivingrangen etter trefelling langs elva
  • Med meir.

Det vert mat og drikke om lag klokka 14 og så vert det dugnadsturnering med gratis påmeldingsavgift for dei som har vore med på dugnaden.

Vel møtt!!

2020-08-14_20.54.33.jpg

Vi opnar bana i morgon, tysdag 19. april. 

Greenane vart valsa med greenklipparen i dag og fairwayane vert valsa i morgon. Joar vil sette nye hol på greenane og plassere ut flagga ut på dagen i morgon. Greenane er noko lodne og vert mest truleg klipt til helga.

Meldingane er bra framover, men om det skulle vere nattefrost ei natt så MÅ ein vente til godt ut på dagen før ein går ut på bana.

Hugs på å reparere nedslagsmerka og legg på plass oppslegen torv. 

Sakliste

Årsmøte Volda golfklubb 28.03.2022 på Volda Turisthotell kl. 19.00

  Klikk på saka for å få opp dokumenta som er knytt til saka.

 

  1. Opning ved styreleiar
  2. Godkjenne dei som har røysterett
  3. Val av møteleiar og referent
  4. Val av 2 personar til å skrive under protokollen
  5. Godkjenning av forretningsorden
  6. Godkjenning av innkalling
  7. Godkjenning av sakliste
  8. Handsame årsmeldinga for 202121
  9. Handsame
    1. Rekneskapen for 2021
    2. Melding frå kontrollutvalet
  10. Handsame eventuelle forslag og saker
    1. Ingen innmelde saker
  11. Fastsetje medlemskontingent for 2022
  12. Vedta budsjett for 2022
  13. Handsame organisasjonsplanen til klubben
  14. Val
    1. styre
    2. kontrollutval
    3. valkomité
  15. avgjere om det skal engasjerast revisor

    Pause med pizza og loddsal

  16. Premiering og takk
  17. Medlemsmøte med diskusjon
  18. Avslutning

Årsmøte 2021 Volda golfklubb

 

I samsvar med lov for Volda golfklubb §14 pkt. 2, kallar vi med dette inn til årsmøte måndag 28. mars 2022 klokka 19.00 på Volda Turisthotell.

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

 

Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument vil bli tilgjengelege på www.voldagolf.no seinast ei veke før årsmøtet.

 

Styret i Volda golfklubb
Volda 27. februar 2022