Bana er opa 

Då har vi trekt gruppene til årets Toyota Sunnmøre Matchplay cup og gruppene ser slik ut:

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4
Svein Olav Solum Per Kristian Langlo Rune Strømmen Olav Trandal
Per Arve Hovde Birger Nilsen Jan Egil Gretland Bjørn Arve Korsfur
Trond Are Ryste Johan Liadal Dag Tore Hagen Peder Barstad
Helge Eltvik Jan Trygve Gretland Are Myklebust Henrik Jørgensen

 

Ta kontakt med dei andre i gruppa di og avtal tid for gjennomføring av matchar. Du skal spele mot alle i di gruppe. Vi håper at flest mogleg har mulighet til å vere med i morgon og søndag slik at vi får spelt flest mogleg av matchane i helga. Om du ikkje rekk det så kan du også bruke dei to neste vekene. Sjå lenger nede for fullstendige reglar for matchplay cupen.

 

Toyota sunnmre matchplay cup

 

Reglar for Toyota Sunnmøre Matchplay cup 

 

Gruppespel

  • Opp til 23 deltakarar så vert det fire grupper der dei to beste går vidare til sluttspel
    • Vinnar i gruppe 1 mot 2. plass i gruppe 2
    • Vinnar i gruppe 2 mot 2. plass i gruppe 1
    • Vinnar i gruppe 3 mot 2. plass i gruppe 4
    • Vinnar i gruppe 4 mot 2. plass i gruppe 3
  • Det vert tilfeldig trekning av gruppene
  • Det vert spelt matchar på 9 hol med fullt spelehandicap.
  • De skal gå alle 9 hola og oppgi tal opp etter 9 hol
  • Front eller back vert trekt av dei som går matchen før dei går ut på hol 1 eller 10.
  • Siger gjev to poeng og uavgjort gjev 1 poeng
  • Om det vert lik poengsum så er det totalt tal på hol opp (og ned) som avgjer. Om det også vert likt så tek vi omspel på dei som er like til ein har eit hol opp.
  • Laurdag 29. mai vert felles oppstartsdag og vi håper flest mogleg har mulighet til å vere med den dagen.
  • Om det ikkje høver så kan ein bruke heile veke 22 og 23 til gruppespel.
  • Resultat etter kvar match i gruppespelet sender de til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

 

Sluttspel

Sluttspelet skal spelast over 18. hol med fullt spelehandicap
Kvartfinalane vert spelt frå 15. juni til 30. juni
Semifinalane vert spelt frå 1. juli til 15. august
Finalen og bronsefinalen vert spelt frå 15. august til 1. september
Avvik frå oppsett plan må avtalast med turneringsnemda.
resultatet etter kvar match i sluttspelet kan de sende som tidlegare til Webjørn Yksnøy Bergmann som vil oppdatere resultata i Golfbox.

I strålande ver var 26 spelararar fordelt på 13 lag med på SkOlsen Fourball. I fourball så spelar begge på laget ut holet og den beste scoren på kvart hol innad i laget vert ståande som score for laget. Det laget som gjordet det best var Henrik Jørgensen og Jarle Nes. På delt andreplass var det Kristian Strand og Dag Roar Ørsal, og Dag Tore Hagen og Are Myklebust.

 

2021 05 26 20.43.34

 Kristian Strand, Henrik Jørgensen (vinnarlaget), Dag Roar Ørsal, Dag Tore Hagen og Are Myklebust.

 

Resultat SkOlsen Fourball 2021

 

Då har vi fått påfyll av golfballar med Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Volda golfklubb logo på. Vi er framleis konkurransedyktige på prisar så de treng ikkje handle andre stadar. Etter innspel frå klubben sine medlemmer har vi denne gongen fått tak i fleire variantar. No kan vi i tillegg til Callaway Supersoft og Chrome Soft, tilby Callaway E. R. C., Titleist ProV1, Trufeel, Velocity og Tour Soft. Det går rykter om at storspelet til Jan Egil i år skuldast Callaway E. R. C. med Triple track. No er det mogleg for alle å sikre seg denne ballen.

 

Vi har igjen nokre få dusin ballar frå sist levering og kan tilby desse til gode prisar. Her er det først til mølla.

 Ballar  1 dusin 3 dusin 
 Callaway Supersoft  199 499 
 Callaway Chrome Soft  299 799 

 

Nye ballar prisoversikt

Ballar 1 dusin 3 dusin 
Callaway Supersoft 279 699 
Callaway E. R. C. Triple track 399  1.099
Callaway Chrome Soft  449  1.249
Titleist Trufeel  269  699
Titleist Velocity  279  699
 Titleist Tour Soft 379 1.049
 Titleist Pro V1 539  1.499 

Titleist ballane kjem på lager 18. mai. Det er berre å ta kontakt med Olav på 90674885 om du vil handle ballar. Det er også mogleg å ordne seg ballar på onsdagane når det er turnering. Kom gjerne mellom klokka 17 og 18 før turneringa startar.

 

2021 05 14 18.53.47

 

Heile 25 spelarar stilde på årets første Scramble turnering. Det var trearlag og eit firarlag som gjekk på med friskt mot. Trioen Leon Myrvåg, Tom Slenes og Marius Østgaard gjekk ei veldig god runde og gjekk av med sigeren på -7.

 

På scramble turneringane så vert ein sett saman i lag med om lag same handicap. For å jamne ut forskjellane der nokre lag har veldig gode spelarar så vert den beste spelaren git 35% av sitt handicap, den neste får 15%, den tredje får 5% og eventuelt ein fjerde får 0%. I denne turneringa så skilde det 3 slag mellom det laget som fikk fikk flest og minst slag. Scramble er ei sosial og fin turneringsform der det høver bra for nye golfarar å delta. Her kan ein fint bomme på eit slag eller ti utan at det spelar noko rolle.

 

Neste onsdag er det SkOlsen Tour 2.

 

2021 05 12 20.04.50

Vinnarlaget med Leon Myrvåg, Tom Slenes og Marius Østgaard

 

Resultat SkOlsen Scramble 1 2021

Søndag 9. mai hadde vi årets første 18-hols turnering, Vårspretten Felleskjøpet Open. Vår gode samarbeispartner Felleskjøpet har vore fast sponsor for denne turneringa i ei årrekke. Felleskjøpet er vår leverandør av klipparar, gjødsel, sprøytemiddel, m.m.

 

På grunn av smittevernreglar så måtte vi dessverre seie nei til fleire spelarar denne søndagen, men dei 21 som deltok så var det veldig god stemning. Best steming var det nok i familien Dalsbø, der Håvard Dalsbø gjekk av med sigeren på -4. Far og arrangør Harald tok tredjeplassen på par. Innimellom dei var det ein gjengangar på sigerspallen, Jan Egil Gretland som også gjekk på par. Fjerdeplassen gjekk til Petter Hansen som gjekk på +1. Det var også konkurrert i nærast pinnen på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18. Nærast pinnen var Per Kristian Langlo som var om lag 3 meter frå flagget. Lengste utslag var det Per Arve Hovde som hadde.

 

 2021 05 09 10.52.58

Før turneringa starta så hadde Harald Inge Dalsbø frå Felleskjøpet ein liten presentasjon av Felleskjøpet.

 

2021 05 09 15.32.38 

Petter Hansen, Jan Egil Gretland, Håvard Dalsbø (vinnar), Harald Dalsbø, Per Kristian Langlo (nærast pinnen) og Per Arve Hovde (lengste utslag)

 

2021 05 09 13.42.33

Kristian Strand skal slå ut frå tee 1.

 

Resultat Vårsprette Felleskjøpet open 2021

Resultat SkOlsen Tour 1 GK 2021

Då startar vi opp igjen med Veien til golf kurs (VTG) for sesongen. Det er ikkje gjort endringar på kurset som i fjor vart tilpassa situasjonen med Covid-19. 

 

Det er framleis slik at du kan sitje heime i ro og mak og ta teoridelen av kurset gjennom eit e-læringskurs. Det er noko tekst men mest videoar som du ser gjennom og svarer på oppgåver knytt til temaet. Den praktiske delen vert gjennomført med ein kveld på treningsområdet vårt og ute på bana med vår trenar Joar Voldsund. Han er der kvar måndag og kan ta med seg 4 - 5 personar kvar gong.

 

Når du har tatt dette kurset og er medlem i ein golfklubb, kan du spele på stort sett alle baner rundt om i verda. Kurset/medlemsavgift kostar kr. 1.500 for vaksne og kr. 600 for barn opp til og med 16 år. Då kan du spele så mykje som du ynskjer på bana vår i Vassbotnen i heile 2021.

 

Kurset er i 2021 sett opp slik:

 

  1. Ta kontakt med Volda golfklubb på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. for påmelding. Klubben sender ut lenke til e-læringskurset som tek for seg teoridelen av kurset.
     
  2. E-læringskurs. Dette kan du ta i fred og ro heime. Omfanget er omlag ein time. Golfforbundet anbefalar at du tek kurset på ei datamaskin slik at du kan ha oppe kursmateriellet der du finn "fasiten" medan du svarar på spørsmåla. Om du svarar feil så får du beskjed om det og kan svare om igjen til du har valgt rett svar. Når du er ferdig med e-læringskurset så får du eit diplom som du sender inn til klubben på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it..
     
  3. Praktisk del av kurset. Instruktør frå klubben vil gjennomføre denne delen i lag med inntil fire kursdeltakarar i gongen. Her får du prøve forskjellige typar slag på vårt treningsområde (drivingrange, øvingsgreeen og bunker) i tillegg til spel ute på golfbana. Om du ikkje har golfutstyr så har klubben utstyr du kan låne. Den praktiske delen gjennomfører du på ein kveld.
     
  4. Bestått og betalt kurs gjev kursbevis og medlemsskap i Volda golfklubb. Bestått kurs er gjennomført teoridel og deltakelse på praktisk del av kurset. Det er ingen eksamen eller ferdighetsprøve for å få godkjent kurset.

 

Vel møtt til kurs!

Notteroy VTG 23

I morgon er det årets første 18-hols turnering og tradisjonen tru er det Felleskjøpet som er sponsor på Vårspretten Felleskjøpet Open.

 

Vi har hatt nokre runder i turneringsnemda om korleis vi skal løyse utfordringane med Covid-19 restriksjonane. Vi har vurdert om vi skal avlyse, avgrense til klubbmedlemmer eller avgrense til klubbmedlemmer i Volda og Ørsta. NGF er klare på at det ikkje er tillatt å invitere spelarar frå andre klubbar, så det er utelukka. Anbefalingane er at vi ikkje skal ha arrangement med deltakarar frå andre kommunar. Volda og Ørsta er ein felles bu og arbeidsmarknad og turneringsnemda har konkludert med at det er innanfor å samle klubben sine medlemmer frå Volda og Ørsta til turnering. Det som er dumt er at vi har fått ein del førespurnader utanfrå om å få vere med på turneringa, det gjeld både våre medlemmer og frå andre klubbar. Vi har fått snakka med nokre av dei og avkart at det dessverre på noverande tidspunkt ikkje er mogleg. Paradokset her er at det ikkje er begrensingar på kvar du kjem frå for å gå ei selskapsrunde.

 

Turneringa i morgon vert difor for klubben sine medlemmar frå Volda og Ørsta. Vi kjem til å setje voldingane i lag i flightar for seg og ørstingane for seg. Det er ikkje høve til å gå inn på klubbhuset for andre enn turneringsnemda og kontroll av betaling vert gjort ute. Vi skal vurdere i dag om vi skal ha shotgun start eller kontinuerleg start. Uansett så må alle halde god avstand (som vanleg) under oppvarming på drivingrangen og øvingsgreen. Vi kjem også til å vurdere i løpet av dagen om vi skal opne opp for mobil scoreinntasting. Det må uansett førast scorekort manuelt for kontroll.

 

Vi var i kontakt med goflbox support i går og det er dessverre ikkje mogleg å avgrense geografisk påmeldingane. Det er difor mogleg for alle klubbmedlemmer å melde seg på og så må vi manuelt fjerne dei. Vi kjem då til å ta kontakt med dei vi fjernar.

 

Harald Dalsbø, vår mann frå Felleskjøpet er klar for turnering. Flagg, premiar, m.m. er alt kome på plass på klubbhuset. Så då er det berre for våre medlemmer i Volda og Ørsta å melde seg på. Hugs påmeldingsfrisen som er i kveld klokka 19.00.

 

2021 05 07 20.43.38

Harald heng opp FK-flagget i går kveld.

Årets første SkOlsen Tour gjekk i flott vårver med heile 24 deltakarar. Ut frå resultata så skulle ein tru at nokre har spelt gjennom heile vinteren. Are Myklebust gjekk på heile -6 med Per Arve Hovde på eit par slag bak. Det var delt tredjeplass på Amund Yksnøy Bergmann og Kristian Strand. Jon Einar Nybøen vann i grønt kort klassa og gjekk i dag på -1.

 

Dei 10 første på resultatlista gjekk på sitt par eller betre. Det var tre nye spelarar med på turneringa i dag som er veldig kjekt. Vi har plass til fleire så det er berre møte opp på onsdagane framover. Neste turnering er Vårspretten Felleskjøpet open på søndag. Det er berre å melde seg på i golfbox allereie no.

 

2021 05 05 20.37.38

Kristian Strand, Jon Einar Nybøen (vinnar GK), Are Myklebust (vinnar), Amund Yksnøy Bergmann og Per Arve Hovde.

 

Resultat SkOlsen Tour 1 2021

Resultat SkOlsen Tour 1 GK 2021

Avtalen mellom Sunnmøre GK og Volda GK om nabomedlemsskap på kroner 1.500,- pr medlem er forlenga og gjeld også denne sesongen. Dette medlemsskapet innebærer fulle spelerettar mot begge klubbar.

Medlemmer som ynskjer å nytte seg av dette må sjølv gå inn på den andre klubben sin nettstad og teikne medlemsskap og vise til avtale og pris. 

Vi trur dette er positivt for våre medlemmer og vil skape meir aktivitet på begge golfbanene.