Bana er stengt 

Mari Chluba hadde i dag hole in one på hol 16. Det var frå gult utslag med ein PW. Gratulerer!!

 

20210610 232046

Mari med ballen i holet. Fotograf: Joar Voldsund

23 spelarar deltok i SkOlsen flaggturnering. Turneringa gjekk over 18 hol der det var om å gjere å kome seg så langt så mogleg før ein hadde brukt opp tildelte slag og måtte plante flagget. Fire spelarar hadde igjen slag og fortsette på hol 1 igjen. Den som kom seg aller lengst var Dag Tore Hagen som kom seg til hol 20. Bak han var det Petter Hansen, Johan Liadal og Jostein Digernes som alle kom til green på hol 19, men der Petter var nærast holet. I resultatlista under så ser du kva hol spelararane måtte plante flagget sitt på. Rekkefylgja er ut frå kor nær holet ein kom.

 

Torleif Remme gjekk ei kjemperunde på 73 slag og hadde igjen heile 11 slag då han kom inn. Dette var heile 5 slag meir enn dagens vinnar og hadde han ikkje planta flagget ved ein feil på hol 18 så kunne han tatt sigeren i dag. Til tross for denne feilen så måtte vi ha han med i lag med vinnarane.

 

2021 06 09 22.48.16

Dag Tore Hagen (vinnar), Petter Hansen, Torleif Remme, Jostein Digernes og Johan Liadal

 

Resultat SkOlsen flaggturnering:

Plassering  Namn Hol
1 Dag Tore Hagen 20
2 Petter Hansen 19 
3 Johan Liadal 19
4 Jostein Digernes  19
5 Joar Voldsund 18
6 Svein Aasen 18
7 Jan Gundersen 18
8 Are Myklebust 18
9 Olav Trandal 18
10 Harald Indresøvde 18
11 Helge Eltvik 18
12 Leon Myrvåg 18
13 Torleif Remme 18
14 Kristian Strand 18
15 Kristian Langlo 18
16 Jan Egil Gretland 18
17 Arnfinn Strande 17
18 Trond Are Ryste 17
19 Tore Skåltveit 17
20 Rune Strømmen 17
21 Peder Barsta 15
22 Bjørn Arve Korsfur 15
23 Gunnar Eikrem 15

 

SkOlsen logo

Vi prøvde i fjor å arrangere ei grøntkort turnering (for dei med 36-54 i handicap). Då var det berre ein påmeldt og turneringa vart avlyst. Vi var litt spente på om det vart fleire påmeldingar i år, og det vart det. Vi er godt nøgde med at heile 7 spelarar var med på den aller første grøntkort-turneringa. For fleire av dei så var det den aller første turneringa dei har vore med på. Det var fire "juniorar" og tre godt vaksne karar som var med. Turneringa gjekk over 9 hol med stableford. Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 9 og nærast holet på hol 7.

 

I juniorklassa var det Iben Louise som gjekk av med sigeren. Bak henne kom broren Aksel som var eit poeng framfor Andreas. Thea kom på fjerde plass. Andreas var både nærast holet og hadde lengste utslag.

 

I vaksenklassa var det Anders som gjekk best i dag med Erik Marius på andre plass og Lars Arne på tredjeplass. Anders hadde også lengste utslag, medan Erik Marius var nærast holet.

 

Vi kjem til å arrangere ei ny grøntkort-turnering etter sommaren. Då håper vi at vi kan få med endå fleire.

 

2021 06 05 15.16.35

Juniorklassa: Iben Louise Hansen (vinnar), Aksel Hansen, Thea Nilsen og Andreas Nupen

 

2021 06 05 14.39.06

Vaksenklassa: Lars Arne Muren, Anders Børtnes Kalvatn (vinnar) og Erik Marius Riise

 

2021 06 05 13.05.36

Andreas puttar på green 3.

  

2021 06 05 14.57.05

Thea puttar på green 9.

 

2021 06 05 14.13.37

Vaksenklassen på green 9.

  

2021 06 05 14.47.35

Andreas med lengste utslag på hol 9.

 

2021 06 05 14.05.55

Anders med lengste utslag på hol 9 i vaksenklassa. 

Har du handicap mellom 36 og 54? Då bør du melde deg på turnering i morgon. Vi arrangerer "grøntkort"-turnering for deg med handicap mellom 36 og 54. Dette er ein fin måte for deg som ikkje har gått så mykje turnering eller aldri har vore med.

 
Det vert konkurrert i Stableford over 9 hol. Vi startar klokka 12 og påmeldingsfristen er klokka 11.30. Startkontigent kr. 100. Det er flotte premiar. :-)
  
Om du ikkje får til å melde deg på så kan du ta kontakt med Olav på 90674885 så legg han deg inn manuelt.
 

 

2018 06 05 21.39.47

23 grader og blå himmel lokka fram heile 30 golfarar på SkOlsen Tour 3. Det merkast at vekstsesongen er fullt i gang og at roughen gir litt meir motstand enn tidlegare i vår. Scoren i kveld var stort sett på plussida, men Sigurd Vartdal hadde ei kjemperunde og vant med god margin i kveld på -5. Nærast Sigurd var Dag Tore Hagen på par. Resten av spelarane brukte litt fleire slag enn tildelt. Fire spelarar gjekk på +1. Det var Jan Egil Gretland, Rune Strømmen, Kai Rune Bjørke og Jostein Digernes.

 

SkOlsen logo 

 

2021 06 02 20.45.07

Kai Rune Bjørke, Dag Tore Hagen, Rune Strømmen, Sigurd Vartdal (vinnar) og Jan Egil Gretland

 

Resultat SkOlsen Tour 3 2021

Då har vi trekt gruppene til årets Toyota Sunnmøre Matchplay cup og gruppene ser slik ut:

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4
Svein Olav Solum Per Kristian Langlo Rune Strømmen Olav Trandal
Per Arve Hovde Birger Nilsen Jan Egil Gretland Bjørn Arve Korsfur
Trond Are Ryste Johan Liadal Dag Tore Hagen Peder Barstad
Helge Eltvik Jan Trygve Gretland Are Myklebust Henrik Jørgensen

 

Ta kontakt med dei andre i gruppa di og avtal tid for gjennomføring av matchar. Du skal spele mot alle i di gruppe. Vi håper at flest mogleg har mulighet til å vere med i morgon og søndag slik at vi får spelt flest mogleg av matchane i helga. Om du ikkje rekk det så kan du også bruke dei to neste vekene. Sjå lenger nede for fullstendige reglar for matchplay cupen.

 

Toyota sunnmre matchplay cup

 

Reglar for Toyota Sunnmøre Matchplay cup 

 

Gruppespel

  • Opp til 23 deltakarar så vert det fire grupper der dei to beste går vidare til sluttspel
    • Vinnar i gruppe 1 mot 2. plass i gruppe 2
    • Vinnar i gruppe 2 mot 2. plass i gruppe 1
    • Vinnar i gruppe 3 mot 2. plass i gruppe 4
    • Vinnar i gruppe 4 mot 2. plass i gruppe 3
  • Det vert tilfeldig trekning av gruppene
  • Det vert spelt matchar på 9 hol med fullt spelehandicap.
  • De skal gå alle 9 hola og oppgi tal opp etter 9 hol
  • Front eller back vert trekt av dei som går matchen før dei går ut på hol 1 eller 10.
  • Siger gjev to poeng og uavgjort gjev 1 poeng
  • Om det vert lik poengsum så er det totalt tal på hol opp (og ned) som avgjer. Om det også vert likt så tek vi omspel på dei som er like til ein har eit hol opp.
  • Laurdag 29. mai vert felles oppstartsdag og vi håper flest mogleg har mulighet til å vere med den dagen.
  • Om det ikkje høver så kan ein bruke heile veke 22 og 23 til gruppespel.
  • Resultat etter kvar match i gruppespelet sender de til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

 

Sluttspel

Sluttspelet skal spelast over 18. hol med fullt spelehandicap
Kvartfinalane vert spelt frå 15. juni til 30. juni
Semifinalane vert spelt frå 1. juli til 15. august
Finalen og bronsefinalen vert spelt frå 15. august til 1. september
Avvik frå oppsett plan må avtalast med turneringsnemda.
resultatet etter kvar match i sluttspelet kan de sende som tidlegare til Webjørn Yksnøy Bergmann som vil oppdatere resultata i Golfbox.

I strålande ver var 26 spelararar fordelt på 13 lag med på SkOlsen Fourball. I fourball så spelar begge på laget ut holet og den beste scoren på kvart hol innad i laget vert ståande som score for laget. Det laget som gjordet det best var Henrik Jørgensen og Jarle Nes. På delt andreplass var det Kristian Strand og Dag Roar Ørsal, og Dag Tore Hagen og Are Myklebust.

 

2021 05 26 20.43.34

 Kristian Strand, Henrik Jørgensen (vinnarlaget), Dag Roar Ørsal, Dag Tore Hagen og Are Myklebust.

 

Resultat SkOlsen Fourball 2021

 

Då har vi fått påfyll av golfballar med Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Volda golfklubb logo på. Vi er framleis konkurransedyktige på prisar så de treng ikkje handle andre stadar. Etter innspel frå klubben sine medlemmer har vi denne gongen fått tak i fleire variantar. No kan vi i tillegg til Callaway Supersoft og Chrome Soft, tilby Callaway E. R. C., Titleist ProV1, Trufeel, Velocity og Tour Soft. Det går rykter om at storspelet til Jan Egil i år skuldast Callaway E. R. C. med Triple track. No er det mogleg for alle å sikre seg denne ballen.

 

Vi har igjen nokre få dusin ballar frå sist levering og kan tilby desse til gode prisar. Her er det først til mølla.

 Ballar  1 dusin 3 dusin 
 Callaway Supersoft  199 499 
 Callaway Chrome Soft  299 799 

 

Nye ballar prisoversikt

Ballar 1 dusin 3 dusin 
Callaway Supersoft 279 699 
Callaway E. R. C. Triple track 399  1.099
Callaway Chrome Soft  449  1.249
Titleist Trufeel  269  699
Titleist Velocity  279  699
 Titleist Tour Soft 379 1.049
 Titleist Pro V1 539  1.499 

Titleist ballane kjem på lager 18. mai. Det er berre å ta kontakt med Olav på 90674885 om du vil handle ballar. Det er også mogleg å ordne seg ballar på onsdagane når det er turnering. Kom gjerne mellom klokka 17 og 18 før turneringa startar.

 

2021 05 14 18.53.47

 

Heile 25 spelarar stilde på årets første Scramble turnering. Det var trearlag og eit firarlag som gjekk på med friskt mot. Trioen Leon Myrvåg, Tom Slenes og Marius Østgaard gjekk ei veldig god runde og gjekk av med sigeren på -7.

 

På scramble turneringane så vert ein sett saman i lag med om lag same handicap. For å jamne ut forskjellane der nokre lag har veldig gode spelarar så vert den beste spelaren git 35% av sitt handicap, den neste får 15%, den tredje får 5% og eventuelt ein fjerde får 0%. I denne turneringa så skilde det 3 slag mellom det laget som fikk fikk flest og minst slag. Scramble er ei sosial og fin turneringsform der det høver bra for nye golfarar å delta. Her kan ein fint bomme på eit slag eller ti utan at det spelar noko rolle.

 

Neste onsdag er det SkOlsen Tour 2.

 

2021 05 12 20.04.50

Vinnarlaget med Leon Myrvåg, Tom Slenes og Marius Østgaard

 

Resultat SkOlsen Scramble 1 2021