Bana er opa

Nyttårshelsing frå leiaren

Hei alle medlemmer av Volda golfklubb. Takk for eit fint golfår, til tross for endå eit år med pandemi. Vi har stort sett fått gjennomført alle planlagde turneringar og arrangement. Bana har vore i veldig god stand til glede for medlemmer og gjestar.

 

Vi gjekk inn i 2019 med om lag 200 medlemmer. Når vi no avsluttar 2021 så er vi oppe i 286 medlemmer. Vi har fått nokre utmeldingar pr. 31.12. Er det nokon som veit dei ikkje skal vere medlemmer i 2022 så er det viktig at vi får utmeldinga i dag. jmf. reglementet:

Utmelding av klubben må skje før 31.12 i foregående år. Avgift på kr 450 ved utmelding i tidsrommet 01.01- 30.04. Ved seinare utmelding må det betalast full medlemskontingent.

Om de skal skifte «kategori» så er det også fint om de gir beskjed om det så raskt som mogleg, helst i god tid før årsmøtet og utsending av faktura på medlemskontingent.

 

Vi har nok av utfordringar for 2022 som vi arbeider med. Den største utfordringa er at mesteparten av dugnadstimane vert gjennomført av ein liten del av medlemmane. Vi ser at slik kan vi ikkje ha det framover. Vi held no på å kartlegge det totale dugnadsomfanget på faste driftsoppgåver. Det vil gi oss eit grunnlag i det vidare arbeidet med å finne ei løysing som er meir berekraftig.

 

Etter at dei fleste av oss har pakka vekk golfkøllene har dei som har lagt ned mest dugnadsarbeid fortsett med arbeidet inne i løda med klargjering av maskinene til 2022 sesongen. Det er kjøpt inn nye klippeaggregat til greenklipparen og ein del delar for å få dei andre maskinene også klare til ein ny sesong. Det vert gjort fortløpande vurderingar om vi må investere i «nye» maskiner. Traktoren vår var nesten oppbrukt og vart tatt med tilbake til Felleskjøpet for ein overhaling når den nye vart levert no i haust. Vi ser fram til å ha to fungerande traktorar i drift.

 

Bana er veldig humpete nokre stadar med mykje stein som går hardt utover klippeaggregata våre og gir ein god del ekstra arbeid og slitasje. Dette må vi få løyst i løpet av våren.

 

Som de kjenner til så har vi arbeidd med å få til ein simulator i klubben. Vi hadde eit lokale på hand, men huseigar trekte seg under kontraktsinngåelsen. Vi har sett på nokre lokaler men har til no ikkje funne lokale som oppfyller krava. Det største problemet er høgda på lokalet. Det er også veldig kjekt at vi fikk fylt opp driftsgruppa for simulator ganske kjapt og har mange namn som også har meldt seg som vi har i bakhand. Eg ser at nokre har bekymring for at det vil bli auka medlemskontigent på grunn av simulatoren. Det vert det ikkje. Sparebank 1 Søre Sunnmøre er framleis med på laget med eit betydeleg beløp og vi trur at simulatoren på sikt vil gje gode inntekter til klubben. Det er noko usikkert om vi klarer å få til dette i løpet av vinteren, men vi arbeider med saka.

 

På tampen av året vil eg vil rette ein stor takk til alle som bidreg med smått og stort i klubben vår. Vi er heilt avhengig av ditt bidrag for å drifte klubben. Vi skulle berre fått med så mange fleire slik at vi kan få gjort så endå mykje meir. La oss i 2022 framsnakke klubben og dei som arbeider der. Det er ikkje noko som er meir demotiverande for dei som legg ned enormt med timar i Vassbotnen enn å få «syting og klaging» over at det burde vore gjort meir eller på ein annan måte.

 

Med ynskje om eit godt nytt golfår.

 

Olav Trandal
Leiar

  

20210701 151341

Ein stor takk til vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre som her er representert ved banksjef Arne Lothe på roughklipparen. Ein svært tydeleg og viktig medspelar  til golfklubben.

 

rgb SB1 Sore Sunnmore verti blå