Bana er opa

SkOlsen Tour 9 - 2021

Det vart dessverre litt mykje fram og tilbake om denne turneringa. På grunn av Sparebank 1 Invitational på torsdag så vart denne turneringa sett til laurdagen i terminlista. Vi gløymde å endre tidspunktet i golfbox då turneringa var "kopiert" frå i fjor då den gjekk på ein onsdagskveld. Tidspunktet stod på klokka 18. I tillegg var det snakk om å flytte turneringa til søndag på grunn av dugnad på laurdag. Bjørn Arve, Joar, Sindre, m.fl. arbeidde så raskt at vi vart ferdige med arbeidet på greenane på fredag. Då vart det slått kontra på flyttinga. Dette har nok gjort nokre usikre på når den skulle vere. Jan Egil ringde rundt til dei påmelde for å vere sikre på at dei hadde fått dette med seg. Det var eit par det ikkje passa for og det er beklageleg. 

 

Vi var 13 stykker som stilde til start. Det treng kanskje ikkje nemnast at vi gjekk i strålande ver, då stort sett alle turneringane i år har vore bada i sol. Det var kanskje nokre slitne kroppar etter dugnaden men eit par stykker klarte å kome seg under par. Olav Trandal og Leon Myrvåg gjekk begge på -1 men Olav har lågare handicap og vart med det dømt som vinnaren av turneringa.På slaget bak kom Jan Egil Gretland og Harald Indresøvde som begge gjekk på par. Jan Egil tok tredjeplassen med lågare handicap.

 

Med ny putter i baggen så ser det ut som Jan Egil er i ferd med å finne haustforma og kan vere ein farleg utfordrar til samanlagtsigeren i SkOlsen Tour. Per Arve har framleis ein god ledelse på heile 9 slag med tre runder igjen.

 

2021 08 28 17.51.23

Leon Myrvåg, Olav Trandal (vinnar) og Jan Egil Gretland

 

Resultat SkOlsen Tour 9