Bana er opa 

SkOlsen Jubileum

Tor Olsen har vore skohandlar i 50 år og arrangerte i lag med Volda golfklubb ei turnering i høve jubileet. SkOlsen stilde med rause premiar der vinnaren av stableford og brutto samla fekk kvart sitt par med golfsko. I tillegg var det premiar som paraplyar, sokkar, hanskar, med meir. 29 ivrige golfarar stilde til start i jubileumsturneringa og det var Jan Egil Gretland og Joar Voldsund som gjekk på færrast slag. Jan Egil hadde beste score på dei siste 6 og tok med det førsteplassen i brutto samla. I stableford (poeng) var det Jon Andre Rebbestad som var den klare vinnaren med heile 44 poeng. Begge to fekk med seg eit par Ecco golfsko.

I stableford klassa var det Amir Muric som var nærast Jon Andre og tok 2. plassen på 40 poeng. Are Myklebust var poenget bak på 3. plass.

I brutto jr./vaksen klassa så var det også Jon Andre som kom på 1. plass med 80 slag. 2. plassen gjekk til Kristian Sekkeseter Strand på 86 slag. Kristian er ein svært ivrig golfar som har vore framme i Vassbotnen seint og tidleg dei fem åra han har vore student i Volda. Dette var Kristain si siste turnering, no ventar lærarjobb på Sola og mest truleg eit medlemsskap i Sola golfklubb. Sindre Winjevoll og Amir Muric gjekk begge på 92 slag, men Sindre gjekk betre dei siste 9 hola og tok 3. plassen med Amir på 4. plass.

I klassa for dei eldre over 50 år, brutto senior så var det som nemt over Jan Egil Gretland på 1. plass og Joar Voldsund på 2. plass. Begge på 78 slag. Rune Strømmen og Leon Myrvåg var berre to slag bak, der Rune gjekk best på dei 6 siste hola og tok siste pall-plassen og Leon enda på 4. plass.

Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Helge Eltvik var den som slo lengst medan Peder Barstad la seg nærast pinnen.

Når spelarane kom inn frå runda så stod Ashild Longvastøl, Oddvor Hovden og Britt Indresøvde klar med varm mat, kaffi og litt twist. Det var god stemning og alle kosa seg.

Etter premieutdelinga fekk Tor gratulasjonar og ein bukett frå Volda golfklubb ved turneringsnemda i høve jubileet. Volda golfklubb takkar for eit godt samarbeid over mange år og vi håper at vi kan fortsette det gode samarbeidet framover.

Alle resultatlistene finn de her.

2024 06 02 16.16.35 2

Alle premievinnarane med jubilanten
Bak frå venstre: Sindre Winjevoll, Elsie Hansen, Webjørn Bergmann, Peder Barstad, Kristian Strand, Jan Egil Gretland (vinnar brutto samla og brutto senior), Jon Andre Rebbestad (vinnar brutto jr./vaksen og stableford), Are Myklebust, Trond Heltne, Leon Myrvåg, Joar Voldsund og Harald Indresøvde
Framme frå venstre: Olav Trandal, Helge Eltvik, Petter Hansen, Tor Olsen (jubilanten), Rune Strømmen og Amir Muric

2024 06 02 16.01.03

Tor talar til deltakarane før premieutdelinga.

IMG 5207

God mat og god stemning.

IMG 5206

Praten går godt rundt borda.

IMG 0201 

Premievinnarane utan jubilanten

SkOlsen logo