Det var dessverre litt få deltakarar på flaggturneringa dette året, men som de ser på biletet under så var det god stemning blant dei som var der. I flaggturneringa så er det om å gjere å kome så langt som mogleg ut frå tildelte slag før ein plantar flagget sitt. Joar var den einaste som kom til hol 19 og tok med det sigeren. Dei fleste planta flagget sitt på hol 18 og 17, medan ein spelar som ikkje hadde heilt dagen planta sitt flagg på hol 15. Helge Eltvik kom i koppen på hol 18 og tok andreplassen og Johan Liadal var 10 cm frå holet på tredjeplass.
Joar Voldsund (vinnar), Helge Eltvik og Johan Liadal
Resultatliste
Nr | Namn | Flaggplassering |
1 | Joar Voldsund | Hol 19 |
2 | Helge Eltvik | Hol 18 i koppen |
3 | Johan Liadal | Hol 18 - på green 10 cm frå holet |
4 | Jan Egil Gretland | Hol 18 - på green 1,5 m frå holet |
5 | Per Heltne | Hol 18 - 13 m |
6 | Dag Tore Hagen | Hol 18 - 222 m |
T7 | Olav Trandal | Hol 17 i koppen |
T7 | Stein Monsholm | Hol 17 i koppen |
9 | Andreas Nupen | Hol 15 - på green 30 cm frå holet |
Tor Olsen har vore skohandlar i 50 år og arrangerte i lag med Volda golfklubb ei turnering i høve jubileet. SkOlsen stilde med rause premiar der vinnaren av stableford og brutto samla fekk kvart sitt par med golfsko. I tillegg var det premiar som paraplyar, sokkar, hanskar, med meir. 29 ivrige golfarar stilde til start i jubileumsturneringa og det var Jan Egil Gretland og Joar Voldsund som gjekk på færrast slag. Jan Egil hadde beste score på dei siste 6 og tok med det førsteplassen i brutto samla. I stableford (poeng) var det Jon Andre Rebbestad som var den klare vinnaren med heile 44 poeng. Begge to fekk med seg eit par Ecco golfsko.
I stableford klassa var det Amir Muric som var nærast Jon Andre og tok 2. plassen på 40 poeng. Are Myklebust var poenget bak på 3. plass.
I brutto jr./vaksen klassa så var det også Jon Andre som kom på 1. plass med 80 slag. 2. plassen gjekk til Kristian Sekkeseter Strand på 86 slag. Kristian er ein svært ivrig golfar som har vore framme i Vassbotnen seint og tidleg dei fem åra han har vore student i Volda. Dette var Kristain si siste turnering, no ventar lærarjobb på Sola og mest truleg eit medlemsskap i Sola golfklubb. Sindre Winjevoll og Amir Muric gjekk begge på 92 slag, men Sindre gjekk betre dei siste 9 hola og tok 3. plassen med Amir på 4. plass.
I klassa for dei eldre over 50 år, brutto senior så var det som nemt over Jan Egil Gretland på 1. plass og Joar Voldsund på 2. plass. Begge på 78 slag. Rune Strømmen og Leon Myrvåg var berre to slag bak, der Rune gjekk best på dei 6 siste hola og tok siste pall-plassen og Leon enda på 4. plass.
Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Helge Eltvik var den som slo lengst medan Peder Barstad la seg nærast pinnen.
Når spelarane kom inn frå runda så stod Ashild Longvastøl, Oddvor Hovden og Britt Indresøvde klar med varm mat, kaffi og litt twist. Det var god stemning og alle kosa seg.
Etter premieutdelinga fekk Tor gratulasjonar og ein bukett frå Volda golfklubb ved turneringsnemda i høve jubileet. Volda golfklubb takkar for eit godt samarbeid over mange år og vi håper at vi kan fortsette det gode samarbeidet framover.
Alle resultatlistene finn de her.
Alle premievinnarane med jubilanten
Bak frå venstre: Sindre Winjevoll, Elsie Hansen, Webjørn Bergmann, Peder Barstad, Kristian Strand, Jan Egil Gretland (vinnar brutto samla og brutto senior), Jon Andre Rebbestad (vinnar brutto jr./vaksen og stableford), Are Myklebust, Trond Heltne, Leon Myrvåg, Joar Voldsund og Harald Indresøvde
Framme frå venstre: Olav Trandal, Helge Eltvik, Petter Hansen, Tor Olsen (jubilanten), Rune Strømmen og Amir Muric
Tor talar til deltakarane før premieutdelinga.
God mat og god stemning.
Praten går godt rundt borda.
Premievinnarane utan jubilanten
Onsdagens SkOlsen fourball gjekk med trearlag og det laget som gjorde det best var Per Kristian Langlo, Amund Bergmann og Are Myklebust. Dei gjekk på heile -8.
Vinnarlaget med Per Kristian Langlo, Amund Bergmann og Are Myklebust
Resultatlista finn de her!
SkOlsen Tour 2 gjekk i strålande ver og den som strålte mest denne kvelden var Rune Strømmen som gjekk på -4 og dermed tok sigeren. Harald Indresøvde var nærast på -1 og tok andreplassen. Heile fem stykker delte tredjeplassen. Det var Joar Voldsund, Dag Tore Hagen, Johan Liadal, Kristian Sekkeseter Strand og Are Myklebust.
Dag Tore Hagen, Rune Strømmen (vinnar), Johan Liadal, Harald Indresøvde og Joar Voldsund
Komplett resultatliste finn de her.
Årets første SkOlsen Scramble hadde 18 deltakarar som vart fordelte på seks tremannslag. Det var laget med Idar Rebbestad, Harald Indresøvde og Kristian Sekkeseter Strand som gjekk best. Dei gjekk på -6. Det var to lag som delte andreplassen på -4 og dei resterande laga delte fjerdeplassen på -3.
Vinnarlaget med Idar Rebbestad, Harald Indresøvde og Kristian Sekkeseter Strand
Sist dugnad snøva vekk. Vi må difor kalle inn til ny dugnad på førstkomande laurdag slik at vi får bana ship shape.
Lista frå sist dugnad er kopiert inn under og nokre av oppgåvene er gjort, men det er spesielt viktig å plukke kviist på bana for at vi skal få sette i gong robotklipparen.
Prioritet:
- Skjære bunker kantar / Forberede påfylling av ny sand
- Fint om den som møter kan take med Stikkspade, og/eller Grafse og Stålrive.
- Plukke kvist og kvast i rough og fairway.
- Klargjere for robotklippar.
- Gå over heile bana.
- Om det blir godt oppmøte:
- Sette ut dei nye lengdestakane.
- Valse fairwayar (traktor og valse) Om fairway har tørka litt opp.
- Trefelling øvst på hol 13.
- Gå med ryddesag/kantklippar/beitesaks langs elva ved hol 4/5
- Plenty av oppgåver 😊
Vel møtt!!
Årets første SkOlsen Tour var på årets første skikkelege sommardag. Nærare 20 grader og mange bleike leggar. Andreas Nupen var den som gjekk aller best og tok sigeren på -5. Fire staute karar gjekk alle på -2 og delte andreplassen. Det var Rune Strømmen, Kai-Are Strande, Joar Voldsund og Kenneth Rusten. Daniel Vinjevoll Sætre tok sigeren i grøntkortklassa på +7.
Daniel Vinjevoll Sætre (vinnar GK), Kai-Are Strande, Kenneth Rusten, Joar Voldsund, Andreas Nupen (vinnar) og Rune Strømmen
Resultat
Resultat Grøntkortklassa
I strålande vårver stilde 29 golfarar opp på Vårspretten Ørn golf open. Veldig kjekt at det var med fleire gjestar frå Ålesund, Vanylven og sunnmøre golfklubbar. Det var henholdsvis 14 i seniorklassa og 15 i junior/vaksen klassa. Alle 29 deltok i ei samla stableford klasse. Andreas Nupen tok 1. plassen i junior/vaksen og gjekk på 77 slag. 2. plassen gjekk til Eldar Djupvik Johansen på 79 slag og Stian Sæth var slaget bak på 3. plass. I seniorklassa så var det Jan Egil Gretland som tok 1. plassen, også han vant på 77 slag. Kai-Are Strande var nærast i seniorklassa med 83 slag og Johan Liadal på 86 slag. I stableford klassa så var det Amir Muric som tok 1.plassen med 42 poeng. Daniel Vinjevoll Sætre kom på 2. plass og Richard Tomren kom på 3. plass. Begge to på 39 poeng. Vinnarane i dei ulike klassene fekk seg flotte golfbaggar. I tillegg var det forskjellig treningsutstyr til dei på plassane bak. Alle premiane var sponsa av Ørn golf.
Det vart i tillegg konkurrert i nærast pinnen på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18. Jostein Digernes kom nærast pinnen medan Ulrik Saunes Sulebakk Sylte slo lengst. Det vart diskutert i klubbhuset etter runda at slaget var godt over 250 meter og er det lengste som har vore slått på "lengste utslag" på hol 18 på turnering, i manns minne. Ulrik har gode toppidrettsgener frå den utflytta voldingen Tommy Sylte som herja på fotballbanene rundt i landet frå slutten av 80-talet til godt opp på 2000-talet.
Dette var ein god start på sesongen og det ser bra ut med tanke på veret for neste turnering som er allereie på onsdag kl. 18.00. Då startar SkOlsen Touren, så det er berre å melde seg på.
Daniel Vinjevoll Sætre, Jan Egil Gretland (vinnar brutto senior), Kai-Are Strande. Johan Liadal, Richard Tomren, Andreas Nupen (vinnar brutto jr./vaksen), Jostein Digernes, Are Myklebust, Arnfinn Strande, Ulrik Saunes Sulebakk Sylte, Eldar Djupvik Johansen, Stian Sæth, Lasse Robertson og Amir Muric (vinnar stableford)
Stableford
Brutto Senior
Brutto Junior/vaksen
Første turneringa er Vårspretten Ørn Golf Open
Lenke til turneringa: https://voldagolf.no/index.php/turneringar/2014-04-08-08-57-15#/competition/4496643/info
Det vert premiert i tre klasser, brutto jr./vaksen, brutto senior og stableford. Om ein ønsker å gå frå raudt så konkurrer ein berre i stableford-klassen. Ørn Golf har sponsa flotte premiar og det vert Taylormade golfbaggar i 1. premie i alle klasser.
Allereie på onsdag 1. mai er neste turnering som er første turneringa i SkOlsen touren. Så her er det berre å melde seg på.
I morgon søndag 21. april kl. 12 opnar vi golfbana.
Om det er frost skal ein ikkje gå på greenane.