Bana er opa 

Tradisjonen tru så øsar det ned i klubbmesterskapshelga. Til tross for fuktig ver så er spelet bra og etter dag 1 så er det delt i kampen om klubbmestertittelen. Det er Morten Tjessem Våge og Ole-Magnus Orlien som har gått på banepar som er 70 slag. Ein skal ikkje avskrive feltet som ligg bak der Sveinar Øvrelid ligg på 73 slag og Jan Egil Gretland, Rune Strømmen og Lars Kåre Vikestrand ligg alle på 74 slag. Alle desse er i klassa Vaksen brutto og kjempar også om sigeren i den klassa.

I Senior brutto så er det Joar Voldsund som leier med 78 slag, tett fulgt av Petter Hansen på 79 slag. Dei har litt langt opp for å kjempe om klubbmestertittelen men "it ain't over before the ..."

I stableford klassa så er det likt mellom Torstein Akslen Lianes og Stein Gisle Monsholm som begge har gått veldig gode runder på den første dagen. Dei gjekk på -4. Rune Strømmen, Webjørn Yknsøy Bergmann, Jan Egil Gretland og Svein Olav Solum ligg på 1 og 2 slag bak så her er det heller ikkje avgjort.

Det vert ein spanande søndag!

Klubbmesterskap D1 VB 2020

Klubbmesterskap D1 SB 2020

Klubbmesterskap D1 SF 2020

20 spelarar stilde til start på ein relativ fuktig onsdagskveld. Aage Eikrem og Per Arve Hovde var det laget som takla elementa best og vant på -5. Tettast på dei kom Bente Ørsal og Joar Voldsund på -4.

 

2020 08 19 20.39.41

Per Arve Hovde (på vinnarlaget), Bente Ørsal og Joar Voldsund.

 

Resultat SkOlsen scramble 2020

Jostein Digernes runda 75 år i juli og på turneringsnemda si oppfordring så vert det jubileumsturnering den 6. september klokka 11. Det er 18-hols snorturnering med fine premiar.

Snorturnering er ei turneringsform der kvar spelar får utdelt ei snor som er like lang i meter som tal på tildelte slag. Denne snora får ein undervegs bruke til å forbedre ballen sin posisjon på bana. Flyttar ein ballen ein meter må ein klippe av ein meter på av snora. Snora bør ein bruke opp under turneringa, for det gir ingen fordelar å sitte att med snor når ein er ferdig.

Etter turneringa vert det sosialt lag på den nye platten med mat og drikke som er inkludert i startkontigenten på kr. 400. Meir informasjon om maten kjem seinare.

Vel møtt til ei sosial og kjekk turnering!

Jostein hio

På grunn av Covid19 har golfforbundet gjort om på "Vegen til golf" kurset. Teoridelen kan du no ta i ro og mak heim som eit elæringskurs så tek ein av våre trenarane den praktiske delen på øvingsfelt og på golfbana. 

 

Når du har tatt dette kurset og er medlem i ein golfklubb, kan du spele på stort sett alle baner rundt om i verda. Kurset kostar kr. 1.500 for vaksne og kr. 600 for barn opp til og med 16 år. Tek du kurset no i haust så er medlemsskap ut 2020 + medlemsskap i 2021 inkludert i kursavgifta.

 

Kurset er i 2020 sett opp slik:

 

  1. Ta kontakt med Volda golfklubb på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. for påmelding. Klubben sender ut lenke til e-læringskurset som tek for seg teoridelen av kurset.
     
  2. E-læringskurs. Dette kan du ta i fred og ro heime. Omfanget er omlag ein time. Golfforbundet anbefalar at du tek kurset på ei datamaskin slik at du kan ha oppe kursmateriellet der du finn "fasiten" medan du svarar på spørsmåla. Om du svarar feil så får du beskjed om det og kan svare om igjen til du har valgt rett svar. Når du er ferdig med e-læringskurset så får du eit diplom som du sender inn til klubben på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it..
     
  3. Praktisk del av kurset. Instruktør frå klubben vil gjennomføre denne delen i lag med inntil fire kursdeltakarar i gongen. Her får du prøve forskjellige typar slag på vårt treningsområde (drivingrange, øvingsgreeen og bunker) i tillegg til spel ute på golfbana. Om du ikkje har golfutstyr så har klubben utstyr du kan låne. Den praktiske delen gjennomfører du på ein kveld.
     
  4. Bestått og betalt kurs gjev kursbevis og medlemsskap i Volda golfklubb. Bestått kurs er gjennomført teoridel og deltakelse på praktisk del av kurset. Det er ingen eksamen eller ferdighetsprøve for å få godkjent kurset.

 

Vel møtt til kurs!

Heile 29 spelarar stilde til turnering i sommarvarmen. Den som takla varmen best og gjekk på heile -4 var Kai Rune Bjørke tett fulgt av Petter Hansen på -3. Det var birdie bonanza denne kvelden og den som var råast var Petter Hansen som hadde heile tre birdiar på dei ni hola. 

 Samanlagt ligg fortsatt Harald Indresøvde på topp og tre spelarar deler andreplassen med 8 slag bak Harald. Det er Jan Egil Gretland, Jostein Digernes og Are Myklebust.

2020 08 12 20.27.59

Joar Voldsund, Per Kristian Langlo, Kai Rune Bjørke (vinnar), Torleif Remme og Petter Hansen.

 

Resultat SkOlsen Tour 8

 

 21 spelarar deltok i SkOlsen 18-hols scramble. Spelarane vart delt opp i sju lag med tre spelarar på kvart lag. På ei scramble turnering så slår kvar spelar på laget ein ball og så vel dei kven sin ball som ligg best og så slår alle ut frå den staden på neste slag. Scramble er ei av speleformene som mange av våre nybyrjarar synest er kjekke då det ikkje spelar så stor rolle om ein treff godt på alle slaga. Det vart spelt med fullt handicap der snitthandicappet til laget avgjorde kor mange slag ein fekk tildelt. 

På vinnarlaget var det denne onsdagen ein som var med på si aller første turnering. Det var Preben Trellevik som gjekk at med dei rutinerte spelarane Bjørn Arve Korsfur og Are Myklebust.

 

2020 08 05 21.39.58

Vinnarlaget: Bjørn Arve Korsfur, Preben Trellevik og Are Myklebust.

 

Resultat SkOlsen 18 hols scramble

Vil med dette kalle inn til dugnad på fredag ettermiddag (kl. 17 ->) og laurdag formiddag (kl. 10  - 15). 

Bana har vore veldig fin fram til no men for at den skal forbli slik utover hausten så må vi gi den litt pleie. Greenane skal vertikalskjerast, luftast og dressast. Bunkerkantane må skjerast og vi må fylle på bunkerane med meir sand. Are m.fl. har kome godt i gong med den nye terrassa som treng å kledast med terrassebord.

Vi håper at flest mogleg har muligheit til å vere med på dugnaden slik at dette går raskt. Dette er arbeid som alle kan vere med på. Utstyr som du treng er ei stikkspade til kantskjering av bunker eller drill til skruing av terrassebord.

Meld frå til Olav eller Per Arve om du kjem slik at vi har ei viss oversikt. (Eller kommentarfeltet på Facebook)

Bana vert stengt under dugnaden.

SkOlsen raud er ei turnering over 18 hol der alle går frå raudt utslag. Turneringa vart ein match mellom brødrene Pettersen som er "heime" på ferie. Begge gjekk på +1 men storebror vart dømt som vinnar med lavare handicap. Halvor vant denne turneringa i fjor også. Om han kjem igjen neste år og vinn for tredje gong denne turneringa så skal vi ordne ein vandrepokal. Olav Trandal gjekk frå botnen forrige onsdag og opp i toppen denne veka med ein fin tredjeplass på +4. 

 

Vinnarar SkOlsen raud 2020

 Jan Egil Gretland, Olav Trandal, Øyvind Bjørklund Pettersen, Halvor Bjørklund Pettersen (vinnar) og Joar Voldsund.

 

Resultat SkOlsen raud 2020

 

 

28 golfarar var påmelde til onsdagens SkOlsen Tour. Bjørn Arve Korsfur gjekk av med sigeren med -3. Etter han var det tre karar på -2. Vi hadde eit par feriegjestar med på dagens turnering. Det er alltid kjekt å få med nye på turneringane. Vi er no halvveis i årets SkOlsen Tour. Harald Indresøvde leiar samanlagt med eit par slag foran Johan Liadal.

 

2020 07 15 20.43.45

Svein Aasen, Sindre Winjevoll, Joar Voldsund og Håvard Dalsbø.

 

2020 07 15 20.48.18

Dagens vinnar, Bjørn Arve Korsfur som måtte springe å reparere roughklipparen før premieutdelinga.

 

Resultat SkOlsen Tour 6 2020