Bana er opa 

Volda Golfklubb innviterar deg på golftur til Costa del Sol 17. til 23. november

Vi har fyljande opplegg for turen:

Avreise laurdag 17. november frå Vigra/Ørsta/Oslo med ankomst kveld til Malaga.

Søndag til fredag blir det 5 runder golf der fylgjande baner er aktuelle å spele på; Santana Golf, Valle Romano, Santa Maria, Miraflores, Los Naranjos og Olivos.
Fredag kveld blir det festmiddag med kåring av vekas «vinnarar»

Laurdag 23. blir det avreise tilbake til Noreg.

Prisen er kr. 10.000,- som inkluderar fly (med flyprisar pr dags dato) med golfbag t/r Vigra Malaga, Overnatting 7 netter i dobbeltrom (enkeltromtillegg kr. 2000), og 5 greenfees. Dette er prisen som gjeld fram til 8. september. Flyprisane kan endre seg etter dette. Sjølve opplegget der nede kostar ca kr. 7000,-  Temperaturen denne tida er ca.23-27 grader

Om ein ynskjer å reise på annan måte så er det fullt mogleg.

Påmeldingsfristen er sett til 8. september og dette er ein tur som passar for alle. Også for dei som vil ha med sin betre halvdel
Påmelding sendast til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Mvh
Volda GK
Styret

Frå venstre klubbmeister stableford Harald Indresøvde, vinnar juniorklassa Kristoffer Trandal, lengste utslag Jan Egil Gretland, 3. plass herreklassa Rune Strømmen, klassevinnar herreklassa og klubbmeister Ole Magnus Orlien, nærast pinnen Kenneth Rusten og vinnar seniorklassa Joar Voldsund.

Laurdag og søndag arrangerte Volda golfklubb den årlege klubbmeisterskapen på bana i Vassbotnen.

Speleforholda var ikkje dei beste vêrmessig. Bana var våt, men banemannskapet hadde gjort ein god jobb så bana var elles i svært god stand.

Klubbmeisterskapen er ei bruttoslagturnering som går over 2 dagar og ein spelar 18 hol begge dagane.

Etter ei utviding og dels ombygging av golfbana har klubben no 36 utslag fordelt på to 18-hols sløyfer. Med slike endringar vert også eksisterande banerekordar forelda.

Første dag av meisterskapen la eit godt grunnlag for ei spennande turnering. I herreklassa tok Morten Lothe leiinga med ei runde på 71 slag. Dette vart då også den gjeldande banerekorden på den nye bana. Eitt slag bak kom Ole Magnus Orlien. Etter fylgde Jan Egil Gretland, Rune Strømmen og Lars Kåre Vikestrand med høvesvis 77, 78 og 81 slag.

I seniorklassa, deltakarane over 50 år, var det delt leiing mellom Harald Indresøvde og Joar Voldsund med 85 slag. Idar Arne Rebbestad og Per Kristian Langlo kom likebak med 88 og 89 slag.

I juniorklassa leverte Kristoffer Trandal ei respektabel 77-runde.

Dag to gav like utfordringar spelemessig. Morten Lothe brukte 74 slag søndagen og 145 slag totalt og måtte sjå seg slått av Ole Magnus Orlien som leverte ei sterk runde og vart klubbmeister og vinnar i herreklassa med totalt 140 slag. Han sette også ny banerekord på 68 slag denne dagen. Tredjeplassen i herreklassa tok Rune Strømmen, eit solid comeback etter at han skada handa stygt tidlegare i år.

Kristoffer Trandal spelte søndagens nest beste runde med sine 70 slag. Totalt endte Trandal på 147 slag.

Seniorklassa vart vunne av Joar Voldsund, som også leverte ei god runde og forbetra seg med 4 slag frå laurdagen. Voldsund endte på 166 slag totalt. To slag bak kom Harald Indresøvde og på tredjeplass kom Per Kristian Langlo to slag bak der igjen.

Det vert også konkurrert i stablefordpoeng. I denne klassa sigra Harald Indresøvde etter solide runder både laurdag og søndag.

Tradisjonen tru vart det også konkurrert i «nærast flagget» på hol 7/16” der Kenneth Rusten kom nærast, 3,24 m frå holet. «Lengste utslag» på hol 9 vart vunne av Jan Egil Gretland.

Fredag 31. august går årets siste vegen til golf kurs. Her får du ei grunnleggande opplæring i korleis golf er og i tilegg bli ein del av eit godt miljø. Melder du deg på dette kurset får du spele gratis heile neste sesong. Pris for vaksne er kr 1500,- og for junior/born kr. 600,- Send melding til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. om du ynskjer å delta.

Vinnarane av SkOlsen Tour 8: Are Myklebust, Idar Arne Rebbestad og Ole Magnus Orlien.

Onsdag 15. august var vi komne til den 8. runda av SkOlsen Touren. 19 spelarar møtte opp og vart belønna med opphaldsvêr under turneringa. Denne onsdagen var det hol 10-18 som vart spelt, det er den sløyfa med flest nye utslag. Ting tyder på at mange har spelt seg godt inn frå dei nye tee-ane. Heile 11 spelarar gjekk på sitt par eller betre. På toppen av resultatlista finn vi Idar Arne Rebbestad med ei fantastisk runde, heile 5 slag under sitt par. På ein god andreplass kom Are Myklebust 2 slag under par, og deretter kom seks spelarar 1 slag under par. Ole Magnus Orlien tok tredjeplassen med lavast HCP av dei seks. 

4. august blei nok ein merkedag i Volda GK si historie. Etter unik innsats av ei lita gruppe av medlemmane så har det kome på plass 18 nye utslag dette året. Desse vart opna den 4. august og vi kan no spele på 18 forskjellige utslag både frå raud og gul tee. Bana er i meget god stand og alle greenane er meget bra.

Det vart òg spelt jubileumsturnering denne dagen der det var monge tilreisande spelarar som tok del. Sigeren og andreplassen gjekk til lag frå  Ålesund GK, medan tredje- og fjerdeplass gjekk til lag frå Volda og Vanylven GK.

I varierande grad av regnvêr gjennom turneringa var det 13 stk som spelte i onsdagens SkOlsen Scramble.

Inndelt i 3-ar og 4-ar-lag kjempa dei seg med godt resultat gjennom 18 hol. Ei bogey-fri runde er ofte ein indikasjon på ei god runde, så også her. Per Kristian Langlo, Svein Aasen og Jan Erik Myklebust spelte ikkje berre utan bogey, men gjekk til topps på resultatlista med 3 birdiar og ein eagle.

1
P Langlo / S Aasen / J Myklebust
 
 
-5
 
2
I Rebbestad / R Strømmen / P Hovde / O Saur
 
 
-4
 
3
J Gretland / A Myklebust / P Barstad
 
 
-1
 
4
J Liadal / J Digernes / O Trandal
 
 
+1
 

Volda Golfklubb startar opp nytt golfkurs 13. august. Her får du lære korleis det er å spele golf og ikkje minst ta del i ein golfklubb med godt miljø og som er open for ALLE. Golfkurset består i teori første kvelden for så praktisk trening med ein av klubben sine gode trenarar 3 kveldar framover. Etter dette får du beviset som gjer at du kan spele golf over heile verden. Meld deg på ved å sende ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. Påmeldingsfrist er 9. august.

Kva skal til for å kome seg opp av godstolen etter å ha blitt pensjonist?? Kva med ei golfrunde kvar torsdag? Fokuset vil være på det sosiale plan. Frå og med torsdag 16. august ynskjer vi alle pensjonistar velkomne til golfbana. Utslag blir 11:00,så vær ferdig oppvarma til den tid. Etter endt runde blir det kaffi og premiering. Velkomne skal Dykk være.