Bana er opa 

Matchplay cup

Jan Egil Gretland tok ein ny sterk siger i finalen mot Svein Aasen i Matchplay-cupen. Jan Egil vann 5&4, fem opp og fire igjen, og har no to napp i pokalen.

 

Toyota Tour Order of Merits

Siste Toyota touren vart arrangert søndag 9. oktober. Litt rimfrost på bana var det, men gode resultat vart det likevel.
Alle som har fem eller fleire runder vert med i Order of Merits. Ved fleire runder er det dei fem beste som vert teljande.

Lars Kåre Vikestrand tok samanlagtsigeren i nettoklassa i år med 165 slag totalt. Dette er 2 slag under par i snitt på dei fem teljande rundene!
Ole-Magnus Orlien tok samanlagtsigeren i bruttoklassa med 169 slag, totalt seks under banepar på 5 runder. Orlien tok også sigeren i "Eclectic"-konkurransa, der ein set saman alle rundene til ei superrunde. Den beste scoren på kvart enkelt hol. Her hadde Ole-Magnus ein score på 27 slag, seks birdies og ein eagle!

Top 10 nettoslag

 

Topp 10 bruttoslag
Topp 10 eclectic
klubbmeister herre og junior

Etter ei periode med svært mykje nedbør var det før helga knytt stor spenning til baneforholda i Vassbotnen. Golfbana overraska positivt igjen - sjølv om det var vått var det godt spelbart laurdag førmiddag.

Ole Magnus Orlien var klar førehandsfavoritt i brutto slagspel i herreklassa. I seniorklassa var det mykje opnare og i og med at seniorgrensa i år er flytta frå 55 til 50 år vart det straks fleire deltakarar i denne klassa i år.

Ole Magnus Orlien (t.v.) vart i helga klassevinnar i herreklassa og klubbmeister. Kristoffer Trandal vann juniorklassa.

Etter første dag tok Orlien leiinga i herreklassa med ei sterk runde på 64 slag. På plassane bak kom Jan Egil Gretland med 75 slag og Webjørn Yksnøy Bergmann med 77 slag. I seniorklassa var det litt jamnare i teten, med Per Arve Hovde med 77 slag, Joar Voldsund med 80 slag og Per Kristian Langlo med 83 slag som dei tre beste resultata. Kristoffer Trandal var åleine i juniorklassa og opna med ei runde på 86 slag. I stableford-konkurransa leda Per Arve Hovde og Helge Eltvik med 37 poeng etter første dag, tett fylgt av Ole Magnus Orlien med 36 poeng, Jan Egil Gretland og Webjørn Y. Bergmann begge med 35 poeng. Med tanke på forholda og vêret er dette imponerande resultat. 

 

Dag to i meisterskapen kunne by på mykje betre vêr, stort betre enn dette kan ein knapt ønskje seg i oktober. Beste herrespelar, seniorspelar, juniorspelar og leiar av stablefordkonkurransen vart tatt ut i leiargruppa. Resten etter laurdagens samla resultatliste.

 

Kristoffer Trandal forbetra skåren sin frå laurdagen med 7 slag og endte med eit respektabelt resultat på totalt 165 slag. I seniorklassa heldt Per Arve Hovde leiinga, men ikkje heilt utan spenning. Etter ein litt trøblete start henta han seg inn igjen og vann til slutt klassa med 2 slag til nestemann på lista, Johan Liadal. Liadal låg før søndagen på ein 4. plass, men med ei ny god runde på 85 slag klatra han til sølvplass. På tredjeplass kom Joar Voldsund. I herreklassa var det ein jamn kamp om andreplassen mellom Jan Egil Gretland og Webjørn Y. Bergmann. Dei to låg lenge likt, men Gretland viste seg meir stabil og dei to gjekk inn til likt resultat for dagen, 75 slag, og Gretland tok dermed andreplassen to slag føre Bergmann. Ole Magnus Orlien forsvara 9-slags leiinga frå første dag med ei ny sterk 72-runde, totalt 138, og vann dermed både herreklassa og klubbmeisterskapen 2016.

 

I stableford-konkurransen tok Bergmann sigeren med eit aldri så lite byks på resultatlista, med eit samla resultat på sitt par. Gretland tok andreplassen to poeng bak og Orlien tredjeplassen fire poeng bak der igjen.

 

Søndagen vart det også konkurrert i lengste utslag på hol 9 og 18, og nærast flagget på hol 7 og 16. Lengste utslag vart vunne av Webjørn Y. Bergmann med eit utslag på ca. 250 meter. Ole Magnus Orlien kom nærast flagget med 295 cm. 

 

 

Turneringane utover hausten er no stort sett på plass - med nokre viktige endringar og forbehold.

17. sept. Toyota Tour 11. 

18. sept. NVT Ålesund - påmelding ligg som før under Sunnfjord Golfklubb.

24. sept. Toyota scramble.

25. sept. Minneturnering - Sjur Hamar.

1. og 2. okt. Klubbmesterskap.

7. okt. Nattgolf. (Viss vêret er brukbart)

9. okt. Toyota Tour 12. (Merk: Søndag)

 

Etter dette set vi opp turneringar med ulike speleformer søndagane så lenge bana og vêret tillet det.

Turneringsnemnda

Turneringa onsdag 10. august blir 9-hols scramble lagturnering. Vi oppfordrar spesielt alle som har tatt kurset i seinare tid om å melde seg på. Er du usikker på korleis du melder deg på så møt opp på golfbana før kl 17:15 så får du hjelp.  

Golf for alle dagen i dag tirsdag 9. august blir avlyst på grunn av været. 

Sjølv om det er midt i ferien så stilte heile 49 golfarar opp i turneringa iBulgaria Open. Det vart nok ein spennande golfdag i Vassbotnen i strålande sommarver.

Det vart dessverre ikkje delt ut bil i dag heller som hole in one premie på hol 2. Ein kunne velge mellom ein Kia eller ein Peugeot til ein verdi på kr. 500.000 som var sponsa av Volda Bil AS og Volda Bilsenter AS.

Det vart premie til dei sju beste både i bruttoslag og nettoslag i tillegg til lengste utslag på hol 9/18 og nærast holet på hol 7/16. Hovudpremien er ein vekes golftur til Bulgaria i september som vart trekt mellom vinnaren i nettoslag og bruttoslag.

Det vart også i dag omspel då det var to med lik poengsum i nettoslag. Det var Per Kristian Langlo frå Volda golfklubb og Robert Buchan Graham frå Sunnmøre golfklubb som begge gjekk på -4. Omspelet vart avgjort på hol 1 der det vart heimesiger. På 3. plass kom Kristoffer Trandal på -2 og på delt 4. plass kom Greg Skjeret Coleman, Jan Egil Gretland, Sjur Hamar, Dag Roar Ørsal, Amund Yksnøy Bergmann og Torbjørn Strand på par.

I bruttoslag kom Greg Skjeret Coleman frå Ålesund golfklubb på 1. plass med 70 slag. På dei neste plassane kom Anthony John Coleman på 75 slag, Jan Egil Gretland på 75 slag, Kristoffer Trandal på 76 slag, Robert Buchan Graham på 76 slag, Per Kristian Langlo på 77 slag og Tony Leknes på 78 slag.

I trekninga om hovudpremien mellom Per Kristian Langlo og Greg Skjeret Coleman var det Greg som vart trekt ut som vinnar. Greg hadde også lengste utslaget av herrane på hol 9/18. Av damene så var det Elsie Hansen som også i dag var lengst. Øivind Andre Tveiten var nærast holet på hol 7/16.

Volda golfklubb er veldig førnøgd med at det var så mange gjestespelarar som var med på turneringane denne helga. I dag var det spelarar frå Kjekstad golfklubb, Larvik golfklubb, Rauma golfklubb, Sunnmøre golfklubb, Vanylven golfklubb og Ålesund golfklubb i tillegg til Volda golfklubb.

Fullstendig resultatliste kan du finne ved å klikke her.

 iBulgaria vinnarane web
 Frå venstre: Elsie Hansen, Tony Leknes, Greg Skjeret Coleman, Anthony John Coleman, Per Kristian Langlo, Robert Buchan Graham, Øivind Andre Tveiten, Kristoffer Trandal og Jan Egil Gretland
 iBulgaria hol3
 Ein av flightane på hol 3.
iBulgaria omspel1
Mange tilskodarar under omspelet.
iBulgaria omspel2
Per Kristian slår seg inn på green på hol 1.

I strålande solskin vart Skeidar Open arrangert i Vassbotnen. Heile 42 spelarar deltok på turneringa. Spenninga var stor før start med tanke på at ein kunne vinne ein Kia eller Peugeot til ein verdi av kr. 500.000 om ein fekk ballen rett i holet på hol 2. Det var dessverre ingen som klarte det i dag men i morgon er det ein ny mulighet i turneringa iBulgaria Open.

Det vart premie på dei fire beste i både bruttoslag og nettoslag. I tillegg var det premie til nærast pinnen på hol 7/16 og lengste drive på hol 9/18. Hovudpremien, ein rotting hjørnesofa med bord frå Skeidar vart trekt mellom vinnar i nettoslag og bruttoslag. I tillegg var det andre fine premiar som grillar, speglar, fluktstolar med meir som også var gitt av Skeidar i Hovdebygda.

I nettoslag var det Johan Liadal som vant med heile -6, tett fulgt av Kristoffer Trandal på -5, Peder Barstad på -4 og Webjørn Yksnøy Bergmann på -2. På bruttoslag var det tre stykker som gjekk på like mange slag. Johan Liadal, Kristoffer Trandal og Jan Egil Gretland gjekk alle på 74 slag (4 slag over banepar) og Webjørn Yksnøy Bergmann på 76 slag. Det vart difor omspel på dei tre beste for å få ein vinnar. Det vart avgjort allereie på hol 1 der Kristoffer gjekk på 4 slag medan Jan Egil og Johan var svært nære ved å få sitt fjerde slag i koppen. Vinnar vart difor Kristoffer Trandal i bruttoslag. Leiar i Volda Golfklubb Jan Erik Myklebust trekte hovudpremien blant vinnarane i netto og bruttoslag og det var Kristoffer som var den heldige og fikk reise heim med hovudpremien.

Lengste slag på hol 9/18 var Peder Barstad av herrane og Elsie Hansen av damene. Nærast holet på hol 7/16 var Halvor Pettersen.

For fullstendig resultatliste m.m. klikk her!

 

 Skeidar vinnarane web
 Frå venstre: Peder Barstad, Kristoffer Trandal, Johan Liadal, Jan Egil Gretland og Webjørn Yksnøy Bergmann.
 Skeidar omspel web
 Spennande omspel.
Skeidar omspel Gretland web
Jan Egil Gretland slår ut i omspelet med nokre av dagens deltakarar som tilskodarar.

27 deltakarar vart møtt av fantastisk vêr på onsdagsturneringa denne veka. Kanskje var det vêret som gav dei gode resultata også - heile 11 spelarar gjekk på sitt par eller betre! Amund Yksnøy Bergmann gjekk ei svært bra runde og kom inn på -4 og vann turneringa. Rett bak, på -3, kom Lars Kåre Vikestrand og Sjur Hamar på delt andreplass.  I grønt-kort-klassa sigra Thomas Sætre med -2. 

 

Lars Kåre Vikestrand, Amund Yksnøy Bergmann og Thomas Sætre.

Onsdag var det to-kølle-turnering. Deltakarane fikk velge to køller i tillegg til putter. I ei vanleg turnering så har ein lov å ha med fjorten køller så det var eit vanskeleg val då alle køllene har forskjellige eigenskapar. Harald Indresøvde gjorde eit godt val og var den som vant turneringa med Kristoffer Trandal på andre plass.

vinnarar to kolle turnering

to kolle resultat

Det nærmar seg storhelg i Volda GK. Ta turen til Volda GK 23. og 24. juli og vinn reise til Bulgaria, seng frå Skeidar eller ein bil verdi kr. 500.000,- Påmeldingsfristen går ut 18. juli så logg deg inn på Golfbox og ta del i moroa.

NB! Det er både brutto og nettopremiering.

Begge seniorlaga til Volda GK var i aksjon mot laga frå Ålesund på mandag ettermiddag i Vassbotnen.

Det vart knepen siger til Volda GK 2 med siffera  3,75 -3,25 . Laget stilte med Bente Alice Ørsal og Johan Liadal i singel matchane og Svein Aasen i fourball matchen ( 1 spelar manko).

Med denne sigeren er Volda GK 2 vinnar av 2. divisjon på Sunnmøre.

Volda GK 1 gjekk på eit knepent tap med siffera 3-4. På Volda GK 1 sitt lag spela Sjur Hamar og Per Kristian Langlo singel match og Jostein Digernes og Joar Voldsund fourball match. I 1. divisjon er det 2 gjenståande kampar som vil avgjere kven som vinner og kven som rykker ned i 2.divusjon.

Volda gk 2

Volda GK 2 sitt lag: Svein Aasen, Bente Alice Ørsal og Johan Liadal