Bana er opa 

Sjølv om vi i dag har hatt dugnad og tatt det som må til for at bana kan opnast så er det noko arbeid vi treng hjelp til i tida framover for at bana og tilhøyrande fasilitetar skal sjå innbydande ut. Det vi treng hjelp til er:

  • Plukke greiner/kvistar som ligg på bana etter vinteren og kaste dei i skogen på ein høveleg stad. (Det aller meste er fjerna men det er store område og vi har nok ikkje fått fjerna alt)
  • Maling av driving range og klubbhus. (Det vart sneka på 10 liter maling i dag men det rakk berre til delar av innsida på drivingrangen. Eg skal kjøpe meir maling på måndag ettermiddag. Om nokon treng det tidlegare så kan dei ta kontakt med meg så skal dei få fargekode m.m. Det er ein brukt pensel i som er pakka inn som ligg i buda i drivingrangen og ein ny ligg i skuffa på kjøkkenet.)
  • Liste rundt dørene og sette på hjørnebord. (Åge Eikrem har sagt han kan ordne dette)
  • Rydde rundt klubbhuset. (Ta ut det som er av rot/søppel under terrassen og legge det på hengaren som står ved løda)
  • Montere skiltplatene til stativa. (Det må borast hol i skilta og skru dei fast. Ta kontakt for instruksjon)
  • Sette opp dei nye skilta. (Vi skal låne ei lita gravemaskin som vi skal bruke til å grave hola til festa. Skilta må monterast på festa. Vi treng nokre få personar til å hjelpe til med dette.)
  • Ser du anna forefallande arbeid så er det berre å ta eit tak,

Takk for ditt bidrag til klubben!

Bana er no opna for sesongen!

Dersom det kjem frost skal det IKKJE spelast på greenane, men vi satsar på at vinteren no har slept taket og at dette ikkje vert ei problemstilling. Då er det berre å ynskje medlemmer og gjestar ein fin golfsesong i Vassbotnen.

Rune Strømmen har sjekka jordvarmen på greenane og er innstilt på å opne bana etter ein dugnad i morgon laurdag 6. april. Vi startar klokka 10 på laurdag og held på til bana er klar til opning. Dette kom nok litt brått på dei fleste men vi håper at nokre har tid til å møte. Dei som er på Facebook fikk denne meldinga seint i går kveld. Eg beklager at det ikkje vart lagt ut nettsida vår før no for dei som ikkje har Facebook.

Det vi vil ha gjort er:
Rake og plukke stein på hol 4 og 7. Fylle resten av grøfta hol 4. Fjerne jordhaugen der. Rake lett over alle greenar. Rake alle teear. Spesielt dei som har mykje lauv. Rake gjennom bunkrane og plukke ut stein. Are kjem med material på laurdagsmorgonen så då får vi kle resten på rangen. Det hadde også vore fint om vi fikk malt den. Det trengs også litt rydding rundt omkring.

Ta med ei fin plenrive til å rake teear og greenar. Til hol 4 og 7 treng ein spade, jernrive og gravse.

Det vert noko arbeid framover i neste veke med å sette opp skilta på utslaga, rydde litt skog, drenere, m.m. så har du lyst å bidra her også så tek du kontakt med Olav.

Vel møtt til dugnad!

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ny hovudsponsor for Volda Golfklubb.

Torsdag ettermiddag signerte SpareBank 1 Søre Sunnmøre og Volda Golfklubb ein avtale der banken blir hovudsponsor for dei to neste åra. SpareBank 1 Søre Sunnmøre har hovudkontor i Volda, og ein del av samfunnsoppdraget vårt som sparebank er å støtte aktivitet i lokalsamfunnet. Volda Golfklubb er ein godt etablert klubb med har mange aktive medlemmar i ulike aldersgrupper. Vi gler oss til å vere med å utvikle klubben vidare som hovudsponsor, seier Arne Lothe i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Styreleiar for Volda Golfklubb, Olav Trandal, er glad for at SpareBank 1 Søre Sunnmøre går inn som hovudsponsor. Vi i Volda golfklubb er svært glade for å få Sparebank 1 Søre Sunnmøre med på laget igjen. Støtta frå banken gjer at vi kan konsentrere oss om å utvikle klubben til det beste for medlemmane våre. Vi håper at endå fleire frå nærområdet får opp augene for det flotte anlegget vi har i Vassbotnen og vil vere med å spele golf.

Volda, den 8. mars 2019

 

Volda Golfklubb

Bana vår ser veldig bra ut etter den korte vinteren. Det er tørt og fint stort sett over heile bana. Våre eigne medlemmer har allereie tatt den i bruk og vi håper at andre golfarar tek turen til Volda. Kasserar Peder har satt prisen på greenfee til kr. 100 medan vi spelar på vintergreen. Det er berre å Vippse og golfe.

NB! Det skal slåast ut frå matter på dei teeane som har det og framføre tee der det ikkje er matte. Vi ber også om at de ikkje trakkar inn på greenane sjølv om dei ser fine ut.

Velkomen til Volda golfklubb! 

I morgon fredag 1. mars så opnar vi drivingrangen. Peder har aktivert kortautomaten frå i morgon av. Det kan vere at det er nokre oppdateringar som må køyrast og det tar litt tid å laste ned og installere desse. Om automaten ikkje er klar så må de vente med å bruke den. NB! Ikkje ta straumen på den. Lars Kåre har plukka dei ballane som låg utover drivingrangen og har ordna og gjort klar der framme. Så frå i morgon av er det ikkje lenger lov å gå fram å plukke ballar på drivingrangen.

Snøen har smelta og bana innbyr til spel. Hugs på at det berre er vintergreen som skal nyttast. Sjølv om snøen er vekke frå greenane så ber vi om at de ikkje trakkar inn på greenane. På dei teeane som har matter så skal dei nyttast. Er det ikkje matter skal de pegge opp utanfor tee.

Ballautomaten på drivingrangen er vinterstengt. Peder vil aktivere kortautomaten når det er tørt nok til å plukke ballar.

Bruk bana med omhu og ha ein fin golfdag.

Volda golfklubb 230219

Hei

2018 går mot slutten ag ventetida mot ny golfsesong er i gong. Styret har varsla ynskje om å gjennomføre årsmøtet relativt tidleg i 2019, slik at det nye styret har god tid til å planlegge 2019-sesongen. 
På årsmøtet i 2019 kjem klubben i ein situasjon der neste heile styret sit på val samtidig. Fleire av medlemmane i det sittande styret, både leiarrolle og ordinære styremedlemmar, har varsla at dei ikkje ynskjer attval.

Valnemnda i Volda Golfklubb treng derfor innspel/forslag frå medlemmane i klubben.

Dersom DU har eit forslag til ein aktuell kandidat for ei rolle i styret, eller om du sjølv sit inne med eit ynskje om å bidra - ta kontakt med ein av medlemmane i valkommitèen - Ole Magnus Orlien, Helge Eltvik eller Stein Gisle Monsholm.

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. - 98287858
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. - 48160236

Valnemnda i Volda Golfklubb

Det har kome ein del spørsmål om kvifor vi har vintergreenar no. Sjølv om det er fine forhold så vil all trakk på greenane ha skadepotensiale til våren. Graset har gått i ein form for dvale, og gjort seg klar for vinteren. Vi har ein del år spelt nesten året rundt på greenane. Det har stort sett gått rimeleg bra. Truleg har lukka vore betre enn åtferda. Problemet er at det ikkje nødvendigvis er trakket på greenane no som øydelegg, men kva for vær vi får i vekene etter trakket. Dette styrer vi ikkje over. Det har vorte lagt ned ein del arbeid i haust på å gjere greenane klare for vinteren/våren med holing, dressing og drenering. Dette håper vi skal ha effekt til våren med mindre skadar. Håper dette var oppklarande.  

Sjå artikkelen frå Fana golfklubb om "hvorfor stenge banen nå" ved å klikke her.