Bana er opa 

 14. og 15. juli (NB! Nye datoar) vert det arrangert Sagafjord- og Skeidar Open på Volda Golfbane. God premiering og ikkje minst Hole in one-premie i år på hol 7!!

Laurdag kveld tek vi opp att suksessen frå 2017 og held premieutdeling og festmiddag på Sagafjord Hotell på Sæbø. Gode prisar på overnatting er forhandla fram.

Dette blir ei kongehelg for ein golfar

 

Påmelding Sagafjord Open

Påmelding Skeidar Open

Aprilkampanje frå Golfhefet. Med Golfheftet kan du spele golf med halv greenfee på over 900 baner i inn og utland. Prisen på Golfheftet er inntjent allereie etter 3 baner. Golfheftet fe du kjøpt her med Volda Golfklubb til kr. 450,- Og kjøper du eit Golfhefte no fram til 30.april fe du ein golfhanske med på kjøpet.

 

Sakliste til årsmøtet i Volda Golfklubb
Sagafjord Hotel fredag 26. januar 2018 kl. 19:00

1. Opning ved styreleiar
2. Val av møteleiar og referent
3. Godkjenning av innkalling og dagsorden
4. Val av 2 personar til å skrive under protokollen
5. Fastsetjing av stemmetal
6. Revidert rekneskap for 2017 (Revisjonsfråsegn)
7. Styrets årsberetning 2017
8. Kontingent/prisar for 2018
9. Budsjett 2018
10. Fotballgolf
11. Fullmakt til styret til å oppnemne representantar til Golftinget
12. Val
13. Premiering og takk
14. Medlemsmøte med diskusjon
15. Avslutning

Golftur til Costa del Sol

Stig B Hansen og Øivind Andre Tveiten har takka ja til å være baneansvarlege for sesongen 2018. Styret er veldig takksame for deira velvilje ved å stille opp. Eit godt førebilde for andre. Vi gleder oss til sesongen 2018

Ja, denne overskirifta er til alle dykk som har stått på for at Volda Golfklubb har kome so longt som dei har dette året. Engasjementet med den enkelte er rørande og idèane er monge på korleis vi kan bli betre. Etter at underteikna var til stades på Golftinget så kan eg konstantere at  vi på god veg til å bli den golfklubben Norges Golfforbund ynskjer at vi skal være. Vi har tenkt likt med det dei no foreslår det skal jobbast med i åra framover. Utviklinga av anlegg og klubb har hatt fokus. Tilrettelegging for dei ulike gruppene som vi har. Eg tenkjer då på nybegynnar-, dame- og juniorgruppe. Alle med eigne trenarar. Det er flott at vi som nugnadsklubb har slike personar som stiller opp og lærer i frå seg sin kunnskap. Maskinparken vår har blitt kompletert opp med 2 nye klipparar, Ein fairwayklippar og ein greenklippar. Folk har desverre ikkje stått i kø til å ta i eit tak for å hjelpe å slå bana, men desto større respekt og takk til dei som har gjort det. Utviklinga av bana har og er blitt merkbar no i det siste. Nye utslag tek til å ta form og i 2018 vil vi få ei bane med 18 ulike utslag for både damer og herrer. Banegruppa gjer ein kjempejobb og det er ei fryd å høyre på den muntre gjengen når idèmyldringa tek til. Drivingrangen har og hatt ei prioritering i år. Tak er i ferd med å kome på og vi åpnar 2018 med å stå tørt uansett veir på treningsfeltet. Klubbhuset er alltid gullande reint takka være damegruppa som syter for, ikkje berre at der er reint, men også for  at der er folk i kiosken ved ulike arrangement. Ros er alltid kjekt å få, så ta til dykk dette alle dykk som har bidrege til at sesongen har vore som den er. Det er dykkar fortjeneste. Tilbakemeldingane frå greenfeespelarar har vore utelukkande positive. GODT JOBBA!

11. september arrangerer vi årets siste Vegen-til-golf-kurs. Kurset kostar kr. 1500 og med det følger fritt spel for heile 2018. Med andre ord ei god avtale for deg som har lyst å prøve.

I Vassbotnen i Volda finn du ei flott 9 hols golfbane og med ein veldreven golfklubb. Klubben har i dag 262 medlemmar og stadig fleire kjem til. Golf har byrja å bli den nye folkesporten. Vi har eiga jr.gruppe, damegruppe og seniorgruppe. Så alle er hjartleg velkomne.
Kurset går over 4 kveldar, der første kveld er teori og dei påfølgjende tysdagane er det praksiss på treningsområde og ut på bana.

Så send ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller sms til 90113751 og få ta del i den gleda det er å spele golf.

På bildet: F.v. Lars Kåre Vikestrand, Kristoffer Trandal, Jan Egil Gretland, Joar Voldsund, Ole-Magnus Orlien, Jørn Sævik, Johan Liadal, Brodie Bramich, Bjørn-Arve Korsfur og Per Arve Hovde.
I helga som var stilte totalt 26 golfarar til start i årets klubbmeisterskap. 14 spelarar i herreklassa, 11 spelarar i seniorklassa og 1 juniorspelar. På tvers av klassene vert det kåra ein klubbmeister i brutto slagspel og ein i stablefordpoeng. Baneforholda i Vassbotnen var upåklagelege denne helga og det same var vêret. 
 
Etter endt spel laurdag var det svært jamnt i teten. I herreklassa gjekk Ole-Magnus Orlien på 71 slag, Webjørn Yksnøy Bergmann på 74 slag og Kenneth Rusten på 76 slag. I seniorklassa var det delt i leiinga mellom Johan Liadal og Per Arve Hovde, begge med 82 slag, føre Helge Eltvik med 88 slag. Kristoffer Trandal i juniorklassa gjekk på 72 slag. Det er fleire år sidan det har vore så tett i kampen om klubbmeisterskapstittelen. 
 
Søndag vart startlista sett opp etter resultatlista laurdag. Sist ut gjekk då Orlien, Trandal, Bergmann og Rusten. Orlien og Trandal låg lenge veldig jamt og etter 14 spelte hol skilte det berre to slag mellom dei to. Orlien viste storspel på slutten og Trandal måtte til slutt sjå seg slått. På plassane bak Orlien i herreklassa vart det store omrokkeringar frå laurdagen. Jan Egil Gretland, Lars Kåre Vikestrand og Rune Strømmen hoppa høgt opp på resultatlista. Vikestrand viste svært godt spel og kom inn på 69 slag, Strømmen med 72 og Gretland med 73. Sammenlagt vart det godt nok til at Lars Kåre Vikestrand tok andreplassen og Jan Egil Gretland tredjeplassen i herreklassa.
 
I seniorklassa viste Johan Liadal seg svært stabil og tok sigeren med ei ny 82-runde. Per Arve Hovde kom inn slaget bak med ei 83-runde. Joar Voldsund klatra opp til tredjeplassen med ei god runde på 79-slag.
 
I stablefordklassa tok Kristoffer Trandal sigeren med 3 poeng over par. Like bak kom Bjørn-Arve Korsfur 2 poeng over par og tredjeplassen tok Jørn Sævik på par.
 
Søndag vart det også konkurrert i "lengste utslag" og "nærmast flagget". 
Kristoffer Trandal kom nærmast flagget. På hol 7, ca 120 meter denne dagen, var Kristoffer berre 81cm i frå. Brodie Bramich hadde lengste utslag på hol 9, ca 265 meter.

I kalenderen ligg dagens SkOlsen-turnering inne som ei 18-holsturnering. Vi endrar dette til vanleg 9-hols scramble, og tek att 18-holsturneringa i september.

Frå september vert SkOlsen-turneringane flytta frå onsdag til laurdag/søndag.

 

Turneringsnemnda

21. august startar vi opp med Vegen-til-golf. Eit golfkurs som går over 4 kveldar (tirsdagane i tillegg til oppstartsdagen). Her får du lære det grunnleggande om golf og kome inn i eit godt miljø med eit flott opparbeid anlegg. Pris kr 1500,- for vaksne og kr 600,- for born og ungdom. Påmelding skjer til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller ein sms til 90113751. Volda GK har medlemmar frå 8 år og oppover så her er det inga begrensing. Ein flott sport for familietid. 

19 deltakarar stilte til start på to-kølle-turneringa sist onsdag. Med to køller utanom putter i bagen vart dette dagen for både halvsving og kvartsving, slag dei fleste kanskje (tydelegvis) ikkje trenar mykje på. To deltakarar viste likevel at dei klarer seg godt med utplukka arsenal. Amund Yksnøy Bergmann og Joar Voldsund kom begge inn to slag under sitt par! Voldsund gjekk sigrande ut på grunn av lågare HCP. Desse to hadde likevel ikkje noko å stille opp med mot einaste deltakar i grønt kort-klassa. Oskar Vassbotn gjekk inn 10 slag under sitt par - ein svært god prestasjon.