Bana er opa 

Utsatt påmeldingsfrist! På grunn av få påmelde har vi forlenga fristen til søndag kl. 21.00.

Oppstart første runde vil vere mandag kl. 19.00. - Husk å avtale tidspunkt for spel med motstandaren.

Fredag 1. juni vert bana stengd for spel pga arbeid på bana. Bana blir opna att så fort arbeidet er ferdig. Dess fleire som møter på dugnad fredag dess fortare blir bana opna att. Rangen er open.

Vi har allereide spelt to av turneringane i SkOlsen Touren. Første runde med 21 deltakarar og sist onsdag var det heile 29 spelarar i fantastisk vêr.

SkOlsen Tour 2: På grunn av utfordringar med maskinparken var greenane var litt meir treigare enn ønskelig, men nokre spelarar meistra denne utfordringa svært godt. Øvst på resultatlista finn vi Dag Tore Hagen 2 slag under par. På 2. plass kom Olav Trandal med -1 og like bak endte Jørn Persson og Per Heltne på par. 15 spelarar har vore med på begge turneringane og dermed komt seg godt i gang i kampen om samanlagtpremiane. Ein må som tidlegare år ha vore med på minimum 5 turneringar i touren, og er ein med på fleire er det dei 5 beste resultata som vert teljande.

Vinnarar SkOlsen Tour 1: Helge Eltvik, Kenneth Rusten, Dag Tore Hagen, Johan Liadal og Brodie Bramich.
Vinnarar SkOlsen Tour 1: Helge Eltvik, Kenneth Rusten, Dag Tore Hagen, Johan Liadal og Brodie Bramich.
Vinnarar SkOlsen Tour 2: Jørn Persson, Olav Trandal og Dag Tore Hagen.
Vinnarar SkOlsen Tour 2: Jørn Persson, Olav Trandal og Dag Tore Hagen.

Link til resultatliste for SkOlsen Tour 1: https://www.golfbox.no/app_livescoring/tour/?language=1044#/competition/1526719/results

Link til resultatliste for SkOlsen Tour 2: https://www.golfbox.no/app_livescoring/tour/?language=1044#/competition/1566914/results

Etter ein hard vinter har sesongstarten på golfbana i Volda vore noko seinare enn tidlegare år. Søndag 20. mai stilte 25 spelelystne til start i årets første 18-holsturnering. Det har vore lagt ned ein formidabel innsats frå dugnadsgjengen for å få bana speleklar. Vinteren teken i betraktning er bana i svært god stand, sjølv om nokre greenar enno treng litt tid for å verte så god som vi er vande med. Sola skein, men den tidvis sterke vinden gjorde spelet litt meir utfordrande. Fellekjøpet stilte trufast opp som sponsor av turneringa, og det vart ein god og jamn kamp om pallplasseringane. Jan Erik Myklebust og Jostein Digernes spelte svært godt og kom inn med likt resultat. Jan Erik tok førsteplassen avgjort av HCP, med minst mogleg margin. På tredjeplass kom Brodie Bramich og på fjerde Jan Egil Gretland, alle med gode resultat så tidleg i sesongen.
Mandag 4. juni startar vi opp nytt golfkurs, ta med deg ein venn og meld deg på!
 
 

Våren siste golfkurs startar 4. juni. Om du deltek på dette kurset har du moglegheit å kunne spele golf i sommarferien på alle baner i verden. Kurset kostar kun kr 1500 for vaksne og 600 for born/junior. På kurset lærer du om korleis ein spelar golf, både i praksiss og teori, du vil få kunnskap om dei ulike reglar, oppførsel og ikkje minst gleda av å kunne kjenne på meistringsfølinga det er å lukkast ved å treffe ballen meir enn to gongar på rad.... Tek du kurset no så får du fritt spel på bana i Volda ut året. Kursstart kl 18:00 på klubbhuset. Kursinstruktør teori: Harald Indresøvde, praksiss på treningsfeltet med Amund Yksnøy Bergmann.

Påmelding ved å sende mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Pga isbrann på 2 greenar har banenemnda bestemt å flytte Vårspretten 2018 Felleskjøpet Open til 20. mai.

Det jobbast iherdig med å få bana i topp stand att og har du ledige hender til disposisjon så ta kontakt med Per Arve Hovde på 95156177

Mandag 14. mai kl 18, startar Volda Golfklubb opp nytt golfkurs. Her vil du få lære om golfreglar, golfspel, golfkøller og få oppleve gleden det er av å ta del i eit godt miljø. Volda GK har spelarar frå 9 år og opp til 90 så alder er inga hindring. Golf er ein flott familesport der ein får tid i saman og kan dele gleden med å ha ei felles interesse. Mandag 14. vil gå med til teori og så vil det bli trening dei påfølgande 3 tysdagane. Etter dette kan du spele fritt på golfbana heile 2018.

Meld deg på med å sende ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. Påmeldingsfrist er 13. mai

Er du lysten på å spele golf? Det nærmar seg opning av bana i Vassbotnen. Lån ut dine hender og kreativitet i veka som kjem så når vi målet og kan opne bana 28. april. Nye utslag er nesten ferdige og vi får plutseleg 18 forskjellige utslag både på herre og dame. Drivingrangen er open og klar til bruk.

Snart får vi også denne flotte klipparen på plass