Bana er opa 

Sparebank 1 Invitational

Neste tredve deltakarar stilde i finveret i Vassbotnen. Vår hovudsponsor Sparebank1 stilde med mat og drikke frå Osdals Catering. Deltakarane fekk kyllingwraps og brus før utslag og brennsnut når dei kom inn igjen etter nærare fire timar med golf. Før utslag så ønskte leiar i Volda golfklubb, Stein Monsholm og representant for Sparebank 1, Ole-Magnus Orlien velkomen til turnering. Turneringsformatet var Scramble med trear- og firarlag og det viktigaste i denne turneringa er det sosiale.

Det var veldig jamt og både sigeren og tredjeplassen vart avgjort med reglar i Golfbox. Her vert det først kontrollert mot slaghandicap, før ein ser på kven som har gått best dei siste 9, 6 eller 3 hola. Det skilde berre fire slag mellom første og sisteplassen. På førsteplass kom laget til Harald Indresøvde, Johan Liadal, Svein Aasen og Jostein Digernes på -14. På andreplass kom laget med Jan Egil Gretland, Stein Monsholm og Arnfinn Strande, også på -14. Dei to første laga hadde like mange tildelte slag så då var det siste 9 hola som vart gjeldande der laget på førsteplass gjekk på eit slag mindre. På tredjeplass så kom laget med Jack Pettersen, Robert Graham, Olav Johansen og Rolf Ørsal. Dei gjekk på -13 og vart dømt framfor laget på fjerdeplassen då dei hadde færre tildelte slag.

Det var også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast holet på 7/16. Den som hadde lengste utslaget var Sindre Winjevoll. Nærast holet var Tore Skåltveit.

Om tre veker vert det Sparebank 1 Open og då vert det konkurrert i både stableford og brutto klasser. Vel møtt! 

2023 08 24 17.37.42

Premievinnarane 

Resultat Sparebank1 invitational

2023 08 24 12.49.02

Informasjon frå turneringssjefen Jan Egil Gretland før utslag.

2023 08 24 17.31.18

God stemning rundt bordet før premieutdelinga - og også etterpå.

2023 08 24 17.31.56

Premieutdeling med Ole-Magnus Orlien frå Sparebank 1

2023 08 24 17.32.57

Stor spenning før resultatet vert avslørt.

2023 08 24 17.33.40

Laget på andreplass får premiane sine.

2023 08 24 17.34.07

Vinnarlaget på veg fram for å motta sine premiar.