Bana er opa 

Klubbmesterskapet 2023

Det er berre å bøye seg i hatten for Ole-Magnus Orlien som er klubbmester for 14. gong. I år som i fjor så gjekk han på -2. Næraste spelar var Lars Kåre Vikestrand som var 12 slag bak. Lars Kåre tok andreplassen i vaksen klassa. I Seniorklassa så var det Joar Voldsund som tok sigeren på +13. Andreas Nupen var åleine i brutto junior klassa, men spelte god golf og gjekk på +20. Om utviklinga til Andreas fortsetter slik den har gjort så vil Ole-Magnus få skikkeleg kamp om klubbmester-tittelen til neste år. I klassa brutto Eldre senior så var det også berre ein deltakar men Svein Aasen gjer som han har gjort dei siste åra, levert stabil og god golf. Han gjekk på +35 på brutto og leia stort i stableford-klassa etter første dag. Olav Trandal starta på verst tenkeleg vis og var +8 etter tre hol på første dag. Han gjekk dei siste 15 hola på +7 og var plutseleg med i kampen i stableford-klassa. Olav låg 4 poeng bak Svein etter første dag. På andre dag gjekk Olav ei runde på 78 slag som er personleg rekord, og med det gjekk han heilt til topps i stableford-klassa med 76 poeng.

Det var også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Joar Voldsund var den som slo lengst på hol 18. Petter Hansen låg om lag 80 cm frå holet, men klubbmesteren som kom i flighten bak viste kven som er sjefen på bana og la ballen 20 cm nærare.

2023 08 20 16.27.12

Petter Hansen, Joar Voldsund (vinnar brutto senior), Lars Kåre Vikestrand, Andreas Nupen (vinnar brutto junior), Ole Magnus Orlien (vinnar brutto vaksen), Svein Aasen (vinnar eldre senior), Olav Trandal (vinnar stableford), Jan Egil Gretland og Kristian Sekkeseter Strand.

Resultat KM junior

Resultat KM vaksen

Resultat KM senior

Resultat KM eldre senior

Resultat KM stableford

2023 08 20 15.44.19

Heiagjengen på hol 18.

2023 08 20 15.51.24

Leiarflighten les green på hol 18.

2023 08 19 13.50.06

Epleslang på hol 3/9.