Bana er opa 

Nordea pairs landsfinale 2015

Etter ein sterk fjerdeplass i regionsfinala på Stiklestad golfklubb var Benjamin og Kristoffer klare for landsfinale i Nordea pairs på Evje golfpark (Moss og Rygge golfklubb) den 12. september. Nordea pairs er landets største turnering med deltakarar frå 127 klubbar. I finalen var det 112 spelarar frå 47 klubbar.

På veg sørover vart det 9 hol på Mjøsen golfklubb som oppvarming til turneringa dagen etter. Gutane spelte ikkje på sitt beste men ei dårleg generalprøve gjev ... 

På turneringsdagen var det litt grått frå morgonen av men humøret var bra og gutta var klare. Allereie på oppvarminga kjente dei at det var forferdeleg raske greenar noko som var uvant. Og det var nok spesielt på greenane at dei tapte nokre slag mot konkurentane. Dei endte til slutt på ein 49ande plass. Dei gjekk på +4 som er eit ok resultat men det var eit veldig høgt nivå og vinnaren gjekk på -12. Heile resultatlista ligg her. På hol 14 stod Marianne Skarpnord og konkurerte mot spelarane om å kome nærast flagget med premiering for dei som slo henne. Dei var veldig fornøgde med dagen og syntest det var ein fin opplevelse å spele på denne bana. Fedrene tok seg ein tur til Sarpsborg og gjekk på Skjeberg golfklubb for å få timane til å gå.

På veg heim vart det ein tur til Kongsvinger golfkubb og ei runde på bana som vart kåra til norges beste golfbane i 2014 av World golf awards. Dette var ei krevjande bane med mange og store bunkarar i tillegg til lange og smale fairwayar. Dette takla Benjamin veldig godt og gjekk på -4 og skreiv seg godt ned i handicap.

Reportasje om vinnarene på norskgolf.no finn de her.

Moss BogK Moss putting
Klare til utslag på Evje golfpark. (Moss og Rygge golfklubb) Oppvarming på Evje golfpark. (Moss og Rygge golfklubb)
   
KongsvingerGK2 2 KongsvingerGK 2
Benjamin i lag med ein av bunkerane på Kongsvinger golfklubb. Fairwayar som bølga seg gjennom landskapet.