Då er dei første turneringane lagt inn i golfbox og er opne for påmelding. Vår trufaste skoforhandlar SkOlsen er med oss i år også som turneringssponsor på onsdagsturneringane.
Første turneringa er SkOlsen Tour 1 som er allereie på onsdag kl. 18:00. Speleforma på SkOlsen Touren er nettoslag med par pluss fem slag som maks score på kvart hol. Det er ei klasse for alle spelarane med handicap 0-36 og ei grøntkort-klasse for dei over 36 i handicap.
På søndag kl. 11:00 så startar vi med årets første 18 hols turnering som er Vårspretten Ørn Golf open. Det vert konkurrert i Brutto Jr./Vaksen, Brutto senior og Stableford. I tilleg vert det premiert for nærast holet på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18.
I år vert det Nordvest Tour igjen. Volda GK er først ute med turnering 1. juni. Deretter Sunnfjord GK, Sunnmøre GK, Nordfjord GK og til slutt finale på Ålesund GK. Desse turneringane vil bli lagt på i golfbox under Selje Golfklubb som vil administrere Nordvest Touren. Selje GK og Stranda GK har dessverre utfordringar med banene sine dette året, men håper å vere med til neste år. Meir informasjon om Nordvest Touren kjem. For dei som er på Facebook, så kan det vere greitt å følgje Facebooksida til Nordvest Touren.
I slutten på september så vert det Olyo Tour i Volda. Dette er Jr. touren for region midt. Vi køyrer vår "onsdagsturnering" på laurdagen, som vert deira innspelsrunde og så vert det junior turnering på søndagen.
Vi har også endra litt på turneringsformene og fleire endringar vert det nok utover sesongen. Turneringane vert lagt ut i kalenderen på nettsida i løpet av dei neste dagane.