Bana er opa på vintergreenar

SkOlsen logo Møbelringen_Hovdebygda_Ny_logo.png rgb_SB1_Sore_Sunnmore_verti_blå.png Skolsen.jpg Einar_Valde.png
SmallLogo LL-logo1-400x318.jpg  Toyota sunnmre logo

Klubbmeisterskap 2022

24 spelarar deltok i årets klubbmeisterskap, fordelt på fire klasser. I eit klubbmeisterskap så vert det spelt brutto (tal slag) i dei forskjellige klassene og stableford (poeng på kvart hol ut frå tal slag tildelt etter handicap) der alle er med i same klasse. Klubbmeisteren er den av herrane og damene som har lågast score uavhengig av klasse. Då høver det bra å skrive om Gary Lineker sitt sitat om det tyske landslaget. "Vi går 2 gonger 18 hol og så vinn Ole Magnus Orlien til slutt". Ole Magnus har blitt Klubbmeister herre 13 gongar på fjorten forsøk. Den eine gongen han ikkje vant var i 2006 som var det året han starta med golf og stilde i juniorklassa. Mari Chluba vart beste dame og klubbmeister for fjerde gong. 

Klubben har nokre gode juniorar og to av dei stilde i klubbmeisterskapet. Begge leverte godt spel og vart begge kåra til vinnarar i juniorklassa, då Andreas Nupen spelte frå raudt utslag og Elias Rypdal frå gult utslag. Andreas gjekk på 200 slag og Elias på 203 slag.

Andreas gjekk best av alle i høve sitt handicap og vant stableford klassa med 82 poeng. Nærast Andreas var Olav Trandal med 74 poeng på andreplass. Jan Egil Gretland og Kristian Sekkeseter Strand gjekk begge på 73 poeng, men med lågast handicap så tok Jan Egil tredjeplassen. Det var berre desse fire som gjekk betre enn sitt handicap.

I dameklassa var det to spelarar. Den som vant var Mari Chluba på 171 slag med Elsie Hansen på andreplassen med 177 slag.

Seniorklassa er for dei som er 50 år og eldre. Her var det Jan Egil Gretland som tok sigeren med 153 slag med Petter Hansen på andreplass med 157 slag og Kenneth Rusten på tredjeplass med 158 slag.

I vaksenklassa så var det venta ein spennande duell mellom Morten Tjessem Våge med 0,4 i handicap og Ole Magnus Orlien med 0,9 i handicap. Til tross for at Morten hadde med eigen heiagjeng så fekk Ole Magnus ei leiing på 6 slag etter første dag. Ole Magnus spelta jamt også andre dag og sikra sigeren med 138 slag, som er to slag under bana sitt par. Lars Kåre Vikestrand gjekk ei god runde på 73 slag på søndagen og tok andreplassen med 153 slag totalt. Morten enda på tredjeplass med 156 slag.

Det var også konkurrert om nærast pinne på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18 frå både raudt og gult utslag. Kenneth Rusten slo lengst frå gult utslag og Elsie Hansen frå raudt utslag. Olav Trandal hadde beste slaget frå utslag 16 og landa 155 cm frå holet.

Vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre gav vekk 5 gåvekort à kr. 1.000. Det vart trekt mellom alle deltakarane som fullførte begge dagane. Dei som vant gåvekort var Jostein Digernes, Svein Aasen, Lars Kåre Vikestrand, Helge Eltvik og Andreas Nupen. 

2022 08 21 17.28.32

Svein Aasen, Jostein Digernes, Lars Kåre Vikestrand, Kristian Sekkeseter Strand, Mari Chluba (vinnar dame brutto), Elsie Hansen, Kenneth Rusten, Jan Egil Gretland (vinnar senior brutto), Ole Magnus Orlien (Klubbmeister og vinnar vaksen brutto), Andreas Nupen (vinnar jr. brutto raud og stableford), Elias Rypdal (vinnar jr. gul), Olav Trandal og Petter Hansen.

2022 08 20 10.28.02

Turneringssjefen tek i mot dei påmelde og deler ut scorekort. Han prøver seg på eit og anna sal av golfartiklar også. 

2022 08 20 10.58.29

Første flighten går ut på dag 1.

2022 08 20 12.35.04

Heiagjengen til Morten Tjessem-Våge.

2022 08 21 11.56.51

Det var strålande ver på laurdagen, men ikkje så verst på søndagen heller. Her er Sindre Winjevoll, Jens Kristian Rusten og Kristian Sekkeseter Strand.

2022 08 21 12.35.39

Tre blide karar tek bunkerbesøket med eit smil.

2022 08 21 16.50.13

"Ledarballen" på siste green. Morten Tjessem-Våge, Petter Hansen, Ole Magnus Orlien og Jan Egil Gretland.

2022 08 21 16.51.43

Nokre av deltakarane følgjer med på puttinga på hol 18.

Resultat KM vaksen brutto

Resultat KM senior brutto

Resultat KM junior brutto

Resultat KM stableford

 

 

 

grasrotandelen

NGF Logo new

 

Volda golfklubb innmelding