Lauvfall IV 2020

Mildveret held fram til stor glede for oss som er glade i golf. Så langt tilbake som vi har brukt Golfbox til turneringar så er det ikkje registrert så mange Lauvfall turneringar etter avslutningsturneringa som i år. Det var eit år det vart arrangert to Lauvfall turneringa og no er vi oppe i fire. Berre eit år tidlegare har vi hatt turnering i november og i år har vi hatt to. Det ser heller ikkje ut som mildveret har tenkt å gi seg så de skal ikkje sjå vekk frå at det vert arrangert Lauvfall V neste helg. Det vert spennande å sjå om vi kan spele heilt fram til jul.

 

I dag var det Per Kristian Langlo som gjekk aller best med heile 40 poeng. Olav Trandal tok andreplassen med 37 poeng. Are Myklebust var strålande nøgd med sin tredjeplass som var på par (36 poeng) og Jan Egil Gretland på fjerdeplass med 35 poeng. Det har vore ei fin auke i tal på spelarar frå gong til gong i Lauvfall turneringane og i dag var det heile 20 spelarar med.

 

Ein stor takk til Jass Maritime for sponsing av premiar til Lauvfall turneringane.

 

2020 11 08 15.11.29

Jan Egil Gretland, Are Myklebust (strålande nøgd med tredjeplassen), Per Kristian Langlo (vinnar) og Olav Trandal

 

Resultat Lauvfall IV 2020

SmallLogo