Bana er stengt 

Då er det snart klart for årets nattgolfturnering

Då er det mørketid og snart klart for årets nattgolfturnering. Vi tok opp når det passa best å arrangere årets nattgolfturnering på turneringa på laurdag. Til tross for gode meldingar til helga så var det så mange som det ikkje passa for så vi satsar på siste helga i haustferien (veke 41). Vi ser an veret om det vert på laurdag eller søndag.

 

Webjørn har lagt ut turneringa i golfbox så det er berre å melde seg på.

 

Volda golfklubb arrangerer nattgolfen slik:

Utslag klokka 20. Vi brukar berre hol 3, 5, 6, 7, 8, og 9 som vi går tre gongar. Det er utslag frå raud tee. I år kjem vi til å køyre ut matter då det vert noko oppslått i mørket. Vi tek pause med Pizza midt i turneringa.

Bana er markert med farga ledlys midt i fairway på 50m, 100m , 150m og 200m. Ytterkantane på green markert med grøne lys. Flagget har ein stor ledlysstav som skiftar fargar og det er ein grøn ledlysring nede i holet. Straffeområda er markert med raude lys. Og ikkje minst, vi spelar med ballar som lyser.

 

Håper at mange har lyst og mulighet til å vere med. 

2019 09 27 23.33.29