Bana er stengt 

Jass Maritime - Stableford

Jass Maritime er ein av våre aller nyaste sponsorar og var ikkje tungbedde når vi kom med førespurnad om dei ville arrangere ei sponsorturnering. Jass Maritime stilde med gåvekort på golfutstyr og ballar til vinnarane.

Av dei 23 deltakarane så var det Kato Andre Hansen og representant for Jass Maritime, Stein Gisle Monsholm som gjekk best. Dei gjekk begge på -5 men Kato Andre har lågare handicap og vart kåra som vinnar i herreklassa. I dameklassa var det Bente Ørsal som gjekk best på +8 med Elsie Hansen rett bak på +9. Bak Kato Andre og Stein Gisle var det heile fire spelarar på -2. Det var Lars Kåre Vikestrand, Johan Liadal, Helge Eltvik og Leon Myrvåg.

Det vart også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Når alle spelarane hadde passert på hol 7 så var det Leon Myrvåg som låg nærast men han klinka til med eit veldig godt utslag på hol 16 også og kom endå nærare. Lengste utslag på hol 18 hadde Svein Olav Solum i herreklassa og Bente Ørsal i dameklassa.

Det er no berre tre offisielle turneringar igjen i tillegg til nattgolfturneringa. Dei siste turneringane er SkOlsen Tour 11 og 12 i tillegg til SkOlsen Scramble og vert halde på laurdagane framover klokka 15:30. Nattgolfturneringa vert lagt til ein fredagskveld. Vi ser an veret til denne turneringa. Her vert det mat og moro i ei pause i turneringa. Om veret vert bra utover i oktober så ser vi om vi får laga nokre ekstra turneringar om interessa er der. Då vert det lauvfall 1, 2, 3 ... Følg med på voldagolf.no og på Facebook framover for meir informasjon.

2020 09 13 15.25.42

Kato Andre Hansen (vinnar herrer), Leon Myrvåg, Bente Ørsal (vinnar damer), Stein Gisle Monsholm, Elsie Hansen, Svein Olav Solum, Lars Kåre Vikestrand og Helge Eltvik.

 

Resultat Jass Maritime Stableford

2020 09 13 12.07.28

Rune Strømmen med ein sving som er ei fryd for auget.