Bana er open

Veien til golf

Ønskjer du å bli medlem i Volda Golfklubb, må du først gjennomføre kurset "Veien til Golf" (VTG). Nedanfor finn du ei stegvis rettleiing som viser korleis du går fram – frå teori og praksis til spel på bana og full spelerett.

Del 1: Teori 

Etter gjennomført teoridel får du eit kursbevis. Dette sender du til adresse: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. Når Petter har fått tilsendt kursbeviset vil han melde deg opp på første ledige kurskveld med vår trenar.

Del 2: Praktisk kurs

  • Praktisk trening – Introduksjon til svingteknikk, putting og chip/pitch/bunker på treningsfeltet til Volda Golfklubb i Vassbotnen.
  • Grunnleggende opplæring i golfslag og teknikk, inkludert GOBBS (grep, oppstilling, ballplassering, balanse og sikte). 
  • Varigheit: om lag 5 timar. 

Del 3: Banespel

No er banespel i lag med fadder ein valfri del, men frå og med sesongen 2027 vert banespel obligatorisk. Vi vil på det sterkaste oppmode om at de spelar nokre runder i lag med ein meir rutinert spelar for å få inn gode vanar på golfbana og få prøve teorien i praksis. Om du manglar nokon å spele med så kan klubben hjelpe til med å skaffe ein fadder.

Del 4: Spel på eiga hand

Etter at du er ferdig med del 2 vil du bli registrert i vårt medlemssystem Golfbox og vil få tilsendt e-post med lenke til å sette passord, m.m. Du bør laste ned appen Gimmie som du nyttar for å booke starttid, få nyheiter og meldingar frå klubben, m.m. Du kan no booke deg starttid i Gimmie og spele så mykje som du ønskjer på bana vår i Vassbotnen. Gå i lag med andre golfspelarar og registrer rundene dine slik at du får eit rett handicap. Når du har blitt medlem i Volda golfklubb så får du også nasjonal spelerett. Dette gjer at du kan spele på andre baner mot å betale greenfee (speleavgift) til den klubben du skal spele på. Det er stor forskjell i pris frå bane til bane. Du finn som regel prisliste på klubben sine nettsider eller når du bookar tid i golfbox/Gimmie.

 

Gimmie