Bana er open

Sterk helg for Volda-juniorar

Dei to første turneringane i den andre perioden av Olyo Juniortour vart spelte på Stiklestad Golfklubb laurdag 13. juni og Stjørdal Golfklubb søndag 14. juni. Andreas Nupen og Lukas Anthony Johansen representerte Volda Golfklubb.

Andreas og Lukas pa Stiklestad

Laurdag vart turneringa på Stiklestad spelt i flott sommarver. Andreas fekk ein vanskeleg start, men avslutta sterkt med ein bogeyfri siste ni på eitt slag under par.

På Stjørdal dagen etter stilte rekordmange spelarar til start. Heile 41 spelarar deltok i klassa til Andreas og Lukas, og sterk vind gjorde forholda  til tider krevjande.

Andreas leverte ein sterk runde og kom inn i klubbhuset på eitt slag under par. Det same gjorde Henrik Gresseth (Trondheim GK), og førsteplassen måtte dermed avgjerast i omspel.

Omspelsduellen gjekk på hol 18, eit par 4-hol. Begge slo gode utslag og låg like nedanfor greenen. Andreas slo den beste chippen og sette parputten. Henrik måtte bruke to chippar, og parputten gjekk like forbi holkanten. Dermed gjekk sigeren til Andreas.

Den siste turneringa i perioden blir spelt på Sommersetra hos Trondheim Golfklubb 4. juli. Der blir det avgjort kven som får prøve seg på Srixon Tour, den øvste nasjonale juniorserien for U15- og U19-klassane.

Vinnarane pa Sjordal GK U19

Vinnarane på Stjørdal golfklubb i U19 klassa