Heile 48 spelarar var påmelde til Toyota Sunnmøre Open som er andre turneringa i Nordvest touren i år. Over halvparten av dei påmelde var gjestar frå Sunnfjord, Sandane, Selje, Nordfjord, Stranda, Vanylven, Sunnmøre og Ålesund golfklubbar. Veldig kjekt med mykje besøk.

Med 48 spelarar på bana så er vi på grensa til tal spelarar som kan vere ute å spele på bana vår samtidig. Det var to flightar som starta på hol 1, 4 og 5. Det var konkurrert i tre bruttoklasser og Stableford. I tillegg var det lengste utslag frå både gult og raudt i tillegg til nærast pinne på hol 7/16.
I klassa Brutto herre/junior var det Jens Christian Andenæs frå Sandane golfklubb som vant med 71 slag. Alexander Brekke frå Vanylven golfklubb tok andreplassen på 74 slag og Jon Andre Rebbestad frå Volda golfklubb kom på tredjeplass med 76 slag. Heile resultatlista Brutto herrer/junior finn de her.
I klassa Brutto senior var det Kai-Are Strande frå Volda golfklubb som tok sigeren med 73 slag. Andreplassen tok Per Bernt Aske frå Sunnmøre golfklubb på 75 slag. Tredjeplassen vart delt mellom Olav Trandal og Jan Egil Gretland, begge frå Volda golfklubb. Dei gjekk på 77 slag. Heile resultatlista Brutto Senior finn de her.
I klassa Brutto damer var det Elsie Hansen frå Volda golfklubb som tok sigeren med 93 slag. På andreplass var det Gunn Hoftuft frå Sandane golfklubb som gjekk på 98 slag. Tredjeplassen gjekk også til Sandane golfklubb og Lena Mari Heltne Merkesdal som gjekk på 105 slag. Heile resultatlista Brutto damer finn de her.
Alle spelarane var også med i Stablefordklassen der det vert konkurrert etter poeng ut frå sitt handicap. Den som spelte best ut frå sitt handicap var Fredrik Lonbakken frå Sunnmøre golfklubb som gjekk på 42 poeng. Andreplassen gjekk til Kato Andre Hansen frå Volda golfklubb som gjekk på 41 poeng. Heile fire spelarar delte tredjeplassen med 40 poeng. Det var Andreas Teigen og Kevin Sjøberg frå Selje golfklubb, og Tom Slenes og Olav Trandal frå Volda golfklubb. Heile resultatlista for Stablefordklassa finn de her.
Lengste utslag på hol 18 hadde Elsie Hansen frå raudt utslag og Andreas Teigen frå gult utslag. Nærast pinne på hol 7/16 var Knut Arne Furseth frå Ålesund golfklubb som var litt over to meter frå flagget.
Takk til alle besøkande! Neste turnering i Nordvest touren er på Sunnmøre golfklubb den 20. juni. Påmelding og turneringsinfo finn de her.

Kai-Are Strande (vinnar Brutto Senior), Elsie Hansen (vinnar Brutto Damer og lengste utslag), Per Bernt Aske, Kato Hansen, Jon Andre Rebbestad, Jens Christian Andenæs (vinnar Brutto Herrer/Junior), Alexander Brekke, Andreas Teigen (lengste utslag), Tom Slenes, Kevin Sjøberg, Olav Trandal, Gunn Hoftuft, Jan Egil Gretland og Lena Mari Heltne Merkesdal. Bak står den heilt nye Toyota C-HR som kan prøvekøyrast med Toyota Sunnmøre.