Bana er open

Vårspretten Ørn golf open

29 spelarar var påmeldt årets Vårspretten Ørn golf open, som er året første 18-hols turnering. Det var delt inn i to bruttoklasser, jr/vaksen og Senior, og Stableford med alle spelararane. I tillegg var det nærast pinne på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18.

I jr./vaksen klassa var det  Øystein Myklebust Hesjedal som var best og gjekk på 72 slag. Andreas Nupen og Oliver Sulebakk Sylte gjekk begge på 74 slag der Andreas gjekk best på dei siste 9 hola og tok andreplassen.

I Seniorklassa var det Kai-Are Strande som gjekk på banepar og vant på 70 slag. Jan Egil var nærast og tok andreplassen på 78 slag og Joar Voldsund på tredjeplass med 82 slag.

Ørn golf logo

I stableford der alle konkurrerte i same klasse så var det også Kai-Are Strande som tok sigeren med heile 41 poeng. Det var heile 6 poeng foran nummer to som var Øystein Hesjedal som gjekk på 37 poeng. Kenneth Moltumyr tok tredjeplassen med 36 poeng.  Kai-Are som vant Stableford klassa gjekk heim med ein Callaway golfbag som var hovudpremien i turneringa.

Oliver Sulebakk Sylte var den som kom nærast pinnen på hol 7/16 med 1,3 meter. Lengste utslag frå gul tee var Kai-Are Strande. 

Resultatlista jr./vaksen brutto
Resultatlista Senior brutto
Resultatlista Stableford

2026 05 03 15.33.57

Øystein Myklebust Hesjedal, Oliver Sulebakk Sylte, Joar Voldsund, Kai-Are Strande, Hlynur Stefansson, Andreas Nupen, Jan Egil Gretland, Kenneth Rusten og Anders Aasemyr