Det er god påmelding til søndagens turnering som er oppsatt med shootgun start.
Det medfører at bana vil være fullbooka av turneringsspelarar frå kl 1100 til 1530.
Turneringsnemnda
Det er god påmelding til søndagens turnering som er oppsatt med shootgun start.
Det medfører at bana vil være fullbooka av turneringsspelarar frå kl 1100 til 1530.
Turneringsnemnda
Første turnering i Toyota Tour 2015 vart avvikla onsdag under gode forhold. 24 spelarar deltok, i år har vi samla dame/herre senior og dame/herre(A klassa) i kvar sine klasser, i tillegg har vi ei eiga klasse for spelarar på klubb HCP (37-54).
Vi har no fleire ti tals spelarar som spelar på klubb HCP - damer og herrar , så vi vil spesielt oppmode disse om bli med på turneringane.
A-klassa vart vunne av Helge Eltvik på -1 under sitt par, i seniorklassa sigra Jostein Digernes på par. I GK klassa sigra Jarle Arnstein Nes på +1.
Vi minner om nytt golfkurs som starter 11. mai kl 1800 i Vassbotnen
Søndag 3 mai er det stor turnering i Vassbotnen Vårspretten/Felleskjøpet Open , meld deg på i golfbox.
Resultat klasse A (herrar/damer)
Plassering | Namn | Resultat |
1 | Helge Eltvik | -1 |
T2 | Per Arve Hovde | Par |
T2 | Kai-Rune Bjørke | Par |
T4 | Lars Kåre Vikestrand | +1 |
T4 | Jan Egil Gretland | +1 |
6 | Birger Nilsen | +3 |
7 | Olav Andre Trandal | +6 |
8 | Are Myklebust | +9 |
9 | Joar Voldsund | +10 |
10 | Peder Barstad | +11 |
11 | Trond Are Ryste | +17 |
Resultat klasse Senior (herrar/damer)
Plassering | Namn | Resultat |
1 | Jostein Digernes | Par |
2 | Harald Indresøvde | +2 |
3 | Svein Aasen | +3 |
4 | Oddvar Stranden | +4 |
5 | Sjur Hamar | +5 |
T6 | Johan Liadal | +6 |
T6 | Alf A. Aamås | +6 |
8 | Jan Trygve Gretland | +7 |
9 | Idar Arne Rebbestad | +11 |
10 | Torleif Remme | +13 |
11 | Øivind Andre Tveiten | +15 |
Resultat GK (hcp 37-54);
Plassering | Namn | Resultat |
1 | Jarle Arnstein Nes | +1 |
2 | Kristoffer Trandal | +3 |
Jostein Digernes, Helge Eltvik og Jarle Arnstein Nes
I fjor hadde vi over 20 varmegrader på opningsturneringa, i år var det kuling og regn.
Fleire melde seg av , husk å melde frå viss du ikkje kjem dette er spesielt viktig i parturneringar
Turneringa vart vunne av Johan Liadal / Odd Saur med 37 slag.
Neste «scrambleturnering» vert ei four-ball turnering ala Nordea Pairs. Laga blir trekt før start. Alle kan delta.
Max hcp 54 , 75% hcp godtgjørelse.
Husk å melde deg på til MatchCup Play 2015, påmeldingsfrist er 18.mai.
Resultat;
Plassering | Namn | Antal slag | Total |
T1 | J. Liadal/ Odd Saur | 37 | +2 |
T1 | S. Aasen/ P. Barstad | 37 | +2 |
3 | J. Gretland/ E. Høydal | 38 | +3 |
T4 | R. Strømmen7/ M. Indresøvde | 39 | +4 |
T4 | I.Rebbestad/ A.Aamås | 39 | +4 |
6 | O. Stranden/ J. Digernes | 40 | +5 |
T7 | J. Voldsund / J. Nes | 42 | +7 |
T7 | S. Hamar / Alias | 42 | +7 |
9378610
Nytt golfkurs starter opp mandag 11. mai kl 1800 i Vassbotnen.
Pris:
Voksne og studenter kr 1500.-
Barn og ungdomar (10-17 år) kr 600.-
For dette beløpet spelar du fritt i heile 2015.
Påmelding Harald Indresøvde tlf 99378610 eller mail
Styret.
Volda Golfklubb ynskjer å invitere deg til Ibulgaria Open 2015 den 24. mai. Nettoslagturnering med fullt slaghandicap (maks 36) 1. Premien er gitt av www.ibulgaria.no og har en verdi på kr 10.000,- Tur, opphold og spel på Bulgarias og kanskje Europas mest spektakulære baner. Turen varer 1 uke. Dei 10 beste blir premiert. Turneringa ligg åpen for påmelding i golfbox. Først til mølla prinsippet. Velkommen til pinsegolf i Volda.
Under nokre bilde frå turen til fjorårets vinnar Are Myklebust.
Dagens dugnad i Vassbotnen samla nærare 20 mann som gjorde ein ypperleg jobb.
Bana er no så bra som ho aldri har våre før så tidleg i sesongen. Greenane er ei lyst å putte på.
Så no er det berre å pusse redskapen å kome i gang.
Første turnering er scrambel den 22.april så då hoper vi på godt frammøte. Meld deg på i golfbox.
Dugnadsturneringa som vart avvikla etter dugnaden vart vunne av Helge Eltvik.
Banestatus pr. 8. april. Bana er tørr og fin med nyklipte og strøkne greenar. Fairways er rulla og røffen er kort.
Gjestespelarar er hjarteleg velkomne.
Vi startar kl 1000 og jobbar til kl 1400.
Oppvarning og utslag i turnering kl 1430.
Arbeidsoppgåver;
Rydding/raking av kvist og kvast.
Kantstikking og stell av bunkerane.
Div.
Ta med rive og stikkspade og ei brødskive eller to så set vi på kaffi.
NB: Turneringa er kun for dugnadsgjengen.
Påmelding i golfbox frå i morgen
Banenemnda.
Bana er no open for spel( NB: greenane er stengde ved frost).
Polletter til driving range kan kjøpast hos Kiwi og Statoil
Meir informasjon om sesongen kjem i løpet av påska.
Styret
SAKLISTE TIL ÅRSMØTET I VOLDA GOLFKLUBB FREDAG 27. FEBRUAR 2015 KL 1930.
1. Opning ved styreleiar
2. Val av møteleiar
3 Godkjenning av innkalling og dagsorden
4. Val av 2 personar til å skrive under protokollen
5. Fastsetjing av stemmetal
6. Revidert rekneskap for 2014
7. Styrets årsmelding for 2014
8. Kontingent/prisar for 2015 Ligg på heimesida
10. Val
11. ”Heder og ære”, premiering og takk
12. Medlemsmøte med diskusjon
13. Avslutning
Det blir servert pizza og litt drikke på klubbens rekning.
Styret
Page 41 of 47