Bana er stengt 

Nordvest-touren går av stabelen på Volda Golfbane 29. mai Årets sponsor er Møbelringen avd. Ørsta og vi kan friste med ein Ekornes-stol til vinnaren. Påmelding i Golfbox under Sunnfjord GK. Det er satt eit max tak på 52 spelarar.

 

Årets første 18-holsturnering vart arrangert søndag. Totalt 32 deltakarar var med, der i blant sju Sunnmøre Golfklubb og Stranda Golfklubb. I skiftande vind og delvis overskya vêr var det Are Myklebust som gjekk inn til ein knusande siger 7 slag under sitt par. På andre og tredje plass i same klasse kom Bjørn-Arve Korsfur med +3 og Webjørn Y. Bergmann med +4. I seniorklassa vann Bente Alise Ørsal på sitt par framføre Johan Liadal og Robert Buchan Graham (Sunnmøre Golfklubb) begge på +3.

Vi minner alle om at Matchplay Cup 2016 har start 14. mai. Påmelding i golfbox.

 

F.v.: Bente Alise Ørsal, Robert Buchan Graham, Are Myklebust, Webjørn Y. Bergmann og Bjørn-Arve Korsfur.

Varspretten vinnarar

Resultat Senior:

Resultat varspretten senior

Resultat Herrer:

Resultat varspretten herrer

9. mai kl 18:00 starar Volda GK opp kurssesongen. Har du ein draum om å lære deg å spele golf vil Volda GK hjelpe deg langt på veg. Etter at kurset er ferdig får du veiledning kvar tirsdag gjennom heile sesongen for å bli ein betre spelar. I tillegg til dette blir du inkludert i eit godt golfmiljø og får spele på Sunnmøres flottaste bane. Prisen på Vegen-til-golf-kureset er kr. 1500,- og dette inkluder då fritt spel på Volda Golfbane ut sesongen. Meld deg på ved å sende ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Søndag 1. mai kl 11:00 er det duka for årets første storturnering. Værmeldinga tilseier at det blir perfekte forhold for ei runde golf. Premiebordet er stort framfor denne sesongåpninga. Meld dykk på i Golfbox. Sparebank1 vil være på plass frå kl10:00 å informere om bruken av mcash.

Gledeleg med heile 29 deltakarar på årets første Toyota Tour turnering i Vassbotnen.  Mykje godt spel i flott vær, der 6 av deltakarane oppnådde forbetra handicap.  Konkurranseforma var slagkonkurranse med fullt s.h. over 9 hol.

Heilt til topps gjekk Hang Nguyen Thi med 5 slag under eige par tett fulgt av Øivind Andre Tveiten og Jan Egil Gretland begge med 3 under par.

Nytt i høve turneringane i år er at det gode været skal fortsette framover heile sommaren….

Toyota Tour 1 2016

Vinterdvalen er over og kvar mandag kl 18 har damene rangen på Volda Golfbane. Klubben er stolte av å ha ei voksande damegruppe. Velkommen på mandagar til nye og gamle medlemmar.

Då er alle turneringane lagt inn i kalenderen. Det kan skje nokre endringar utover sesongen. Det er NVT 8 - Ålesund Open der dato er noko usikker og mulig at ei av jubileumsturneringane må flyttast til ein annan dato. Nattgolf turneringa er heller ikkje lagt inn.

Dersom du vil ha ein versjon du kan skrive ut og henge på kjøleskapet kan du klikke på lenka under for å laste ned pdf fila.

Terminliste 2016

 

Joar hol8

Skal du spele golf på ulike baner i Norden, Portugal, Spania, Tyskland og Tyrkia så løner det seg å kjøpe golfheftet. Dette gir deg halv pris på greenfee på alle samarbeidspartnarane til Golfhâftet. Totalt per dags dato er det over 750 baner. Vi har golfheftet på lager. Du betaler via mCASH (last ned Appen gratis) og du kan hente golfheftet på Sunkost på Amfi i Ørsta. Bor du utanfor distriket så kan vi sende deg heftet. Litt porto må da påregnast. Prisen er kun kr 450,- så dette tjener du inn allereie på 2. eller 3. runde. Lykke til med årets golfsesong .

Bruk QR-koden over for å betale for heftet.