Bana er opa 

Det var gode forhold og mykje godt spel på onsdag. Når ein må heilt ned på 10. plass for å finne den som gjekk på par så seier det seg sjølv at her var det mange som gjekk godt. Best gjekk Øivind Andre Tveiten og Amund Yksnøy Bergmann på -3. I Grønt kort klassa gjekk Jørn Ivar Festøy på heile -7. Jørn som tok Vegen til golf kurset 9. mai har rast ned i handicap og er frå neste turnering over i herreklassa. Om han fortsetter slik og går minst 5 av dei siste turneringane er han ein sterk utfordrar til Order og merit allereie i sin første sesong.

Toyota Tour 5 vinnarar
 
 Toyota Tour 5 resultat
 Toyota Tour 5 resultat GK

Skal du på ferie og har tenkt å spele golf i løpet av ferien? Volda GK er medlem av Golfheftet og har derfor golfhefte for sal til kr 450,-. Med Golfheftet får du halv pris på greenfee på over 750 baner i norden, Portugal, Tyskland, Spania m.f. Allereie etter 2 baner er heftet inntjent.
Sunkost Ørsta på amfi har Golfheftet i butikken sin eller du kan send en mld direkte til oss og vi leverer ut eller sender det i posten til deg. God golfsommar :)

23. og 24. juli arrangerar Volda GK tidenes golfturnering med premiar som møblar og golfreise. Laurdag 23. juli er det Skeidar Open med møblar til vinnaren. Søndag 24. er det iBulgaria Open med golfreise til ei av Europa si mest spektakulære bane, Thracian Cliff. 

Vi toppar det heile med ein Hole-in-one-premie begge dagar. Slår ein ballen rett i holet blir ein eigar av ein bil verdi kr. 500.000,- Sponsa av Volda Bil AS og Volda Bilsenter AS.

Det vil og være mogleg for publikum å oppleve topp golf på desse dagane. 

Mandag 6. juni kom Sunnmøre GK på besøk og måtte reise heim med 2 tap. Både Volda GK 1 og Volda GK2 vann sine kampar 6-1. Meget bra spel av seniorane våra. Det viser seg at å ha ei skikkelig god bane styrkar egne ferdigheiter. Lukke til vidare i serien

Kom å ta del i eit svært godt miljø. Erstatt sofaen med friluft og meistringsfølelse- Volda golfklubb arrangerer no Vegen-til-golf-kurs. Oppstart tirsdag 28. juni kl 18:00 på  klubbhuset til Volda Golfklubb. Kursavgift er kr 1.500,- Melder du deg på dette kurset får du med medlemskap ut året, samt fri spelerett på bana i 2016. Send en fb-melding eller på mail: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. for påmelding. Etter endt kurs kan du spele på baner over heile verden.

 

Søndag 29. blei ein flott golfdag i Vassbotnen. 65 blide og fornøgde spelarar til start på ei meget bra golfbane. Det blei konkurrert i 6 klasser. Følgjande vinnarar: junior (brutto) Kristoffer Nes Trandal, junior (Stableford) Håkon Overaa Sætre. Vaksen (brutto) Ole Magnus Orlien, vaksen (stableford) Webjørn Yksnøy Bergmann, Senior (brutto) Per Arve Hovde og Senior (stableford) Svein Aasen. Alle frå Volda GK. Det var óg konkurrert i lengste utslag på hol 9 og 18 (blei vunne av Sissel Fiskargard frå Ålesund GK) og i nærast holet på hol 7 og 16 (Blei vunne av Webjørn Yksnøy Bergmann som låg 46 cm frå holet på utslaget). 

Den store premien som Møbelringen avd Ørsta sto for blei vunne av Webjørn Yksnøy Bergmann. 

Gratulerer til alle vinnarar og stor takk til alle som sette sitt preg på arrangementet.

På grunn av stor interesse på Nordvest-touren vert bana stengd frå kl 08:30 til 18:30 29. mai. Publikum er hjarteleg velkommen til å kome å sjå på. Kaffi og noko å bite i har vi i klubbhuset

Volda GK stilte med 7 deltakarar på årets første NVT Som gjekk på Selje GK. Ei våt bane gjorde forholda vanskelege, men fleire av Volda GK sine spelarar viste at godt treningsgrunnlag virkar. Kristoffer Trandal vann jr. klassa i både Brutto og Stableford, Joar Voldsund vann Brutto for senior og Jan Egil Gretland tok 3. plassen i Brutto i voksenklassa. Gratulerer til alle 3.

Vi kjører straks i gong bedriftserien. Her kan du slå deg saman med andre bedrifter og delta. Send ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. om du har eit ynskje om å delta.

Matchplay er i gong og ligg no i golfbox. Tidspunkta som er oppsett skal ein sjå vekk i frå. Avtal med motspelar eit tidspunkt, men alle matcher må være ferdige før 1. juni. Lukke til med årets Matchplay.