Vervarselet til siste turneringa i SkOlsen touren var 4-5 grader, regn og tordenbyer, så den vart flytta frå laurdag til søndag. I staden for å gå rundt i haglbyene på laurdag så vart det nydeleg haustver på søndagen. Den som gjekk best i fineveret var Jon Andre Rebbestad. Han gjekk på -3 og var 4 slag betre enn Andreas Nupen og Olav Trandal som gjekk på +1. I grøntkortklassa var det Reidar Møistad som tok sigeren på -5 foran Isak Hovdenakk Eriksen.
Neste helg er det årets siste turnering. Det vert på søndag klokka 12.00.
Resultatlista finn de her.
Isak Hovdenakk Eriksen, Andreas Nupen, Reidar Møistad (vinnar GK), Jon Andre Rebbestad (vinnar) og Olav Trandal