Bana er stengt 

Friskmelding av nettstaden

Tusen takk til dei som eg utfordra på å kome med tilbakemeldingar på testnettstaden. Eg trur eg har fått oppfylt dei fleste ynskja. Vervarsel er vel det einaste eg ikkje har fått inn. Eg har laga modulen og skal sjå om eg finn ein grei plass å putte den. 

Eg har fått lagt over alt som eg vil ha med meg frå den gamle nettstaden og har oppdatert informasjonen så langt som det er råd pr. dags dato.

Det er kun eg som er registrert som brukar på nettstaden i skrivande stund. Vi kjem ikkje til å ha ein "skjult" del på nettstaden lenger, så det er ikkje nødvendig for alle å registrere seg. Eg kjem til å registrere dei brukarane som skal publisere noko på nettstaden, men dei vert ikkje lagt inn før eg har laga ei lita brukarrettleiing. Eg håper at eg får tid til å lage det i nær framtid. Dersom nokon har noko dei vil ha publisert så kan dei sende det til meg.

For dei observante så manglar det ein del gamle artiklar. Ingenting er sletta!! Eg skal lage eit menyval som tek oss til artikkel arkivet.

Svein seier at terminlista snart er klar, så eg håper å få lagt den ut på nettstaden og i kalenderen på slutten av denne veka.

Dersom det er ting som de ser manglar, er feil, m.m. så må de ta kontakt med meg så vi får ordna det.

stemningsbilde