Toyota Scramble 4
13 mann møtte til start denne onsdagen, av desse var 2 heilt ferske golfarar. Veldig flott å sjå at fleire blir med på turneringane også. Sidan vi var 13 mann, så vart det også eit trear-lag som fekk 3 slag ekstra på sluttresultatet sitt.
Vinnarane på denne runda vart Per Kristian Langlo og Trond Are Ryste med 5 slag over par. Sistnemnde var ein av dei to som nettopp har fullført det nye ”Veien til golf”-kurset. Vi oppmodar fleire til å vere med på turneringane, og spesielt Scramble, sidan det er ein glimrande måte å verte betre kjend med både spelet, bana og medlemene i Volda Golfklubb.
Resultat
|
Plassering |
Namn |
Resultat |
|
1 |
Langlo/Ryste |
+5 |
|
2 |
Rebbestad/Liadal |
+7 |
|
T3 |
Hustad/Nupen |
+8 |
|
T3 |
Myklebust/Trandal/Bergmann |
+8 |
|
5 |
Hamar/Lien |
+10 |
|
6 |
Monsholm/Nupen |
+12 |
