PostHeaderIcon Driving rangen er open

Ballautomaten er fyllt opp og alle hola vil i løpet av veka være spelbare på vintergreenar.

Siste nytt: Frå i morgen (onsdag 28.04) spelar vi på sumargreenar med unntak av hol 7 som vil ha vintergreen til helga.

 

PostHeaderIcon Førsesong 2010

Det nærmer seg sesongstart den 10. i rekka sida bana vart teken i bruk i 2001.

Malen for turneringane er lagt opp etter same system som siste år. Frå siste onsdagen i april vil vi ha onsdagsturneringar kvar onsdag til ut i september og deretter kvar laurdag til midten av oktober.

Vi vekslar mellom scramble og nettoslag annankvar onsdag.

I Order of Merits har vi ei klasse for herrar og ei for damer.

Nettoslag vert også lagt til grunn i Order of Merits der dei 5 beste 9 hols turneringane vert teljande.

Vi vil oppmode dei etablerte spelarane om å delta aktivt også på scrambleturneringane då disse turneringane vert ei viktig brikke for å få nye spelarar i gang på spelefeltet. Orientering om dette kjem seinare.

Vi håper i år å få med oss både junior og damer på turneringane  Den første 18 holsturneringa er satt opp 8. mai under føresetnad av sumar-greenar.

Premiane til denne turneringa sponsas av Felleskjøpet.

Neste 18 hols vert Tess Open 30. mai .

Vi vil også i år kjøre Nordea Pairs der vi dei siste 3 åra har hatt spelarar som er invitert til landsfinalen.

I Match Play cup spelar vi første runde før ferien, der det i år er ny vandrepokal som må vinnast 3 gangar.

Jonsokaftan er i dag på onsdag av omsyn til andre i familiane  flytter vi denne turneringa til torsdag.

For å få god flyt i spelet ber vi medlemane om å sette seg nøye inn i regel 27.

Lykke til med 2010 sesongen.

Helsing

Turneringsnemnda.

 

PostHeaderIcon Medlemsmøte 22.04

Kallar herved inn til medlemsmøte i Volda Golfklubb torsdag 22.04 kl 1800 -1900 på Volda Turisthotell i Bistroen.

Det vil være ei orientering angåande sesongen 2010, utfordringar og moglegheiter, baneutvikling, økonomi og klubbhuset etc.

Håpar at så mange som mogleg kan møte.

Mvh Torgeir & Harald

 

PostHeaderIcon Terminliste 2010

 Her er terminlista for 2010 sesongen. Eg vil også legge den inn på kalenderen i løpet av nokre dagar.

voldagolf.no/files/Terminliste 2010 nettutgåve.pdf

 

PostHeaderIcon NORSK SENIOR GOLF

Dette er ei oppmoding til dei av våre medlemer som er vorte vaksne og sindige.

Vi er pr. idag 9 medlemer fra VGK som også har medlemskap i Norsk Senior Golf.

Sjekk linken under.

voldagolf.no/files/NSG Poster2(1).pdf

I disse dager er vi i ferd med å melde på eit lag i lagserie Match, får vi nokre nye senior medlemer så kan vi kanske melde på et lag til.

Sjekk linken over eller ta kontakt med meg.

KK (KlubbKontakt Norsk Senior Golf)

Sjur Hamar 90690273

 

 

 

PostHeaderIcon Kontigent faktura

 Kontigent faktura finn du her.

 

PostHeaderIcon Kontingentsatser for sesongen 2010!

Senior dame/herrer Kr. 3.000,-
Ektefelle/samboer Kr. 2.500,-
Fjernmedlem Kr.    650,-
Junior (16-19 år), fritt spill Kr. 1.500,-
Studentmedlemsskap, fritt spill Kr. 1.500,-

Prøvemedlemsskap, 1 år, fritt spill , inkl

Veien til Golfkortet (Gk-kurs)

Kr. 1.500,-
Familiemedlemsskap  
1 Forelder Kr. 3.000,-
2 Forelder Kr. 2.500,-
Barn (6-12 år) uten GK + Knøttegolf lokal Kr.    500,-
Barn (13-16 år) med GK, fritt spill Kr.    600,-
Fjernmedlemsskap familie  
2 voksne + 2 barn under 19 år Kr. 2.150,-

KONTONUMMER FOR INNBETALING AV KONTINGENT: 3991.40.37844

Styret i Volda Golfklubb oppmoder alle lokale medlemmer om å betale inn sin kontingent innen 15 februar!

Det er fint om dere på meldingen i nettbanken skriver: Type medlemsskap og for hvem. Fjernmedlemmer oppmodes og til å bruke denne løysinga!

Fra i år av vil vi prøve å lage en nettbasert giro som medlemmene kan fylle ut og printe den ut selv, dette kommer i løpet av veke 6/7. Det vil bli noen utsendinger av kontingent i papirformat i mars/april og mai til den som ikke har betalt via nettbank etc. Fra neste år vil vi prøve å sende ut kontingentfaktura pr mail.

VIKTIG INFO!!

FOR Å HA FRI SPELERETT I VOLDA GOLFKLUBB MÅ MINIMUM 1 I HVER HUSSTAND HA EN ANDEL I KLUBBEN. DERSOM MAN IKKJE HAR DETTE MÅ MAN BETALE GREEN FEE HVER GANG MAN SPELAR!

Kontroll av dette vil bli intensivert fra og med i år, dette til orientering!

På grunn av at alle data om golfklubbenes medlemmer i Norge fra i år av vil gå over til Golfbox er det ønskeleg om at alle medlemmene i Volda Golfklubb uansett kategori sender en e-mail (til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen ) om status på:

Dette er bare for at vi kan ajourføre vårt register og dermed ha rette opplysninger om våres medlemmer, Det går fint an å bruke Skjema for innmelding, selv om du/dere er medlemmer fra før.

Navn:

Adresse:

E-post:

Mobilnr.:

Dette for at man kan føre en korrekt oppdatering i Golfbox, samt at man i kontingent samenheng kan sende en faktura via e-post og en påminning via sms eller e-post.

Mvh

Torgeir Schjelderup

 

PostHeaderIcon Nytt styre i Volda Golfklubb

Referat frå Årsmøtet:

www.voldagolf.no/files/Årsmøtereferat(1).doc

Den nye styrekonstellasjonen i Volda Golfklubb er som følger:

Styreformann/dagleg leiar :  Harald Indresøvde.

Nestleiar :  Svein Aasen.

Sekretær: Tore Knivsflå Bjørkedal.

Klubbkasserer :  Torgeir Schjelderup.

Styremedlem :  Rune Hitland.

Styremedlem : Rune Humberset.

Vara 1 : Terje Kalvatn.

Vara 2: Per Heltne.

Mvh Torgeir

 

PostHeaderIcon Godt nytt år!! Til alle i volda gk 31. 12. 09.

Bana er uspelbar p.g.a snø/frost..

God Jul og godt nytt år,til alle i volda golf klubb...

Mvh
Sverre

 

PostHeaderIcon Teknisk problem

 Vi beklager at det har vore problem med menyane dei siste dagane. Det var ei oppgradering av PHP hos vår leverandør som skapte desse problema. No har vi fått oppgradert nettsida til å støtte den nye versjonen.

Vevmeisteren vil med dette få ynskje alle våre gjestar og medlemmer ei riktig god jul og eit godt nytt år.

 

<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Banestatus

 Bana er Open

Provisorisk green
på hol 8
pga. ombygging
av green.

Hugs å reparere
nedslagsmerke.

 

Golfbox
Neste hendingar
man, 06 sep, 00:01
Plukking Ole Magnus Orlien
ons, 08 sep, 00:01
Plukking Tore K. Bjørkedal
ons, 08 sep, 18:00 til 21:00
Toyota Tour 10
fre, 10 sep, 00:01
Plukking Reidulf Botn
søn, 12 sep, 00:01
Plukking Johan Liadal
søn, 12 sep, 11:00 til 15:00
Ruukki open 2010
tir, 14 sep, 00:01
Plukking Idar Rebbestad
tor, 16 sep, 00:01
Plukking Rolf Heltne
lør, 18 sep, 00:01
Plukking Arnstein Myklebust
lør, 18 sep, 14:00 til 17:00
Toyota scramble
Hovudsponsor