Bana er stengt 

SkOlsen flaggturnering 2021

23 spelarar deltok i SkOlsen flaggturnering. Turneringa gjekk over 18 hol der det var om å gjere å kome seg så langt så mogleg før ein hadde brukt opp tildelte slag og måtte plante flagget. Fire spelarar hadde igjen slag og fortsette på hol 1 igjen. Den som kom seg aller lengst var Dag Tore Hagen som kom seg til hol 20. Bak han var det Petter Hansen, Johan Liadal og Jostein Digernes som alle kom til green på hol 19, men der Petter var nærast holet. I resultatlista under så ser du kva hol spelararane måtte plante flagget sitt på. Rekkefylgja er ut frå kor nær holet ein kom.

 

Torleif Remme gjekk ei kjemperunde på 73 slag og hadde igjen heile 11 slag då han kom inn. Dette var heile 5 slag meir enn dagens vinnar og hadde han ikkje planta flagget ved ein feil på hol 18 så kunne han tatt sigeren i dag. Til tross for denne feilen så måtte vi ha han med i lag med vinnarane.

 

2021 06 09 22.48.16

Dag Tore Hagen (vinnar), Petter Hansen, Torleif Remme, Jostein Digernes og Johan Liadal

 

Resultat SkOlsen flaggturnering:

Plassering  Namn Hol
1 Dag Tore Hagen 20
2 Petter Hansen 19 
3 Johan Liadal 19
4 Jostein Digernes  19
5 Joar Voldsund 18
6 Svein Aasen 18
7 Jan Gundersen 18
8 Are Myklebust 18
9 Olav Trandal 18
10 Harald Indresøvde 18
11 Helge Eltvik 18
12 Leon Myrvåg 18
13 Torleif Remme 18
14 Kristian Strand 18
15 Kristian Langlo 18
16 Jan Egil Gretland 18
17 Arnfinn Strande 17
18 Trond Are Ryste 17
19 Tore Skåltveit 17
20 Rune Strømmen 17
21 Peder Barsta 15
22 Bjørn Arve Korsfur 15
23 Gunnar Eikrem 15

 

SkOlsen logo