Bana er stengt 

Informasjon om Vårspretten Felleskjøpet Open

I morgon er det årets første 18-hols turnering og tradisjonen tru er det Felleskjøpet som er sponsor på Vårspretten Felleskjøpet Open.

 

Vi har hatt nokre runder i turneringsnemda om korleis vi skal løyse utfordringane med Covid-19 restriksjonane. Vi har vurdert om vi skal avlyse, avgrense til klubbmedlemmer eller avgrense til klubbmedlemmer i Volda og Ørsta. NGF er klare på at det ikkje er tillatt å invitere spelarar frå andre klubbar, så det er utelukka. Anbefalingane er at vi ikkje skal ha arrangement med deltakarar frå andre kommunar. Volda og Ørsta er ein felles bu og arbeidsmarknad og turneringsnemda har konkludert med at det er innanfor å samle klubben sine medlemmer frå Volda og Ørsta til turnering. Det som er dumt er at vi har fått ein del førespurnader utanfrå om å få vere med på turneringa, det gjeld både våre medlemmer og frå andre klubbar. Vi har fått snakka med nokre av dei og avkart at det dessverre på noverande tidspunkt ikkje er mogleg. Paradokset her er at det ikkje er begrensingar på kvar du kjem frå for å gå ei selskapsrunde.

 

Turneringa i morgon vert difor for klubben sine medlemmar frå Volda og Ørsta. Vi kjem til å setje voldingane i lag i flightar for seg og ørstingane for seg. Det er ikkje høve til å gå inn på klubbhuset for andre enn turneringsnemda og kontroll av betaling vert gjort ute. Vi skal vurdere i dag om vi skal ha shotgun start eller kontinuerleg start. Uansett så må alle halde god avstand (som vanleg) under oppvarming på drivingrangen og øvingsgreen. Vi kjem også til å vurdere i løpet av dagen om vi skal opne opp for mobil scoreinntasting. Det må uansett førast scorekort manuelt for kontroll.

 

Vi var i kontakt med goflbox support i går og det er dessverre ikkje mogleg å avgrense geografisk påmeldingane. Det er difor mogleg for alle klubbmedlemmer å melde seg på og så må vi manuelt fjerne dei. Vi kjem då til å ta kontakt med dei vi fjernar.

 

Harald Dalsbø, vår mann frå Felleskjøpet er klar for turnering. Flagg, premiar, m.m. er alt kome på plass på klubbhuset. Så då er det berre for våre medlemmer i Volda og Ørsta å melde seg på. Hugs påmeldingsfrisen som er i kveld klokka 19.00.

 

2021 05 07 20.43.38

Harald heng opp FK-flagget i går kveld.