Bana er stengt 

Sparebank1 Invitational 2020

Vår hovudsponsor Sparebank1 Søre Sunnmøre arrangerte i samarbeid med Volda golfklubb turneringa Sparebank1 Invitational. Til tross for at turneringa gjekk på dagtid så var det heile 41 golfarar  med på turneringa som gjekk i strålande ver. Speleforma var Scramble med firemannslag. Det var også lagt inn nærast pinnen på hol 7 og 16 og lengste utslag på hol 18.

Før turneringa starta vart det servert kyllingwraps frå Osdal Catering slik at golfarane skulle ha litt i magen før dei gjekk ut til over fire timar med golf.

Nærast pinnen gjekk til den som hadde reist lengst. Det var Per Olav Gretland som er medlem i Borregaard Golfklubb i Sarpsborg. Han var 89 cm frå pinnen med sitt utslag på hol 16. Lengste utslag på hol 18 hadde Dag Roar Ørsal og Elsie Hansen.

Vinnarane av turneringa var Håvard Dalsbø, Bjørn Arve Korsfur, Trond Are Ryste og Leon Myrvåg som gjekk på 60 slag og på -21 justert ut frå handicap. Dei fekk kvart sitt nabomedlemsskap i Sunnmøre golfklubb for sesongen 2021. Andreplassen gjekk til Arnfinn Strande, Webjørn Yksnøy Bergmann, Tor Olsen og Svein Aasen. Dei fekk kr. 500 i premie. Tredjeplassen gjekk til Amund Yksnøy Bergmann, Peder Barstad, Helge Eltvik og Jostein Digernes. Tredjepremien var ein sekk frå banken med mykje spennande oppi.

Etter turneringa var det samling på uteplassen og det var servert varm suppe som også var levert av Osdal Catering. Banksjefane Arne Lothe og Ole Magnus Orlien stod for serveringa.

Volda golfklubb vil takke vår hovudsponsor Sparebank1 Søre Sunnmøre for eit fint arrangement og fine premiar som var levert frå banken, Tusen Takk!

2020 08 27 17.46.47

Ole Magnus Orlien, Per Olav Gretland, Dag Roar Ørsal, Elsie Hansen, Håvard Dalsbø, Bjørn Arve Korsfur, Trond Are Ryste, Leon Myrvåg, Arnfinn Strande, Tor Olsen, Jostein Digernes, Svein Aasen, Webjørn Yksnøy Bergmann, Amund Yksnøy Bergmann, Peder Barstad, Helge Eltvik og Arne Lothe.

Resultat Sparebank1 Invitational

2020 08 27 17.43.33

Representant for vinnarlaget Håvard Dalsbø mottek førstepremien og får ein albogehelsing frå Arne Lothe.

 

2020 08 27 17.43.22

Premieutdelarane Arne Lothe og Ole Magnus Orlien frå Sparebank1 Søre Sunnmøre.