Bana er stengt 

Klubbmeisterskap 2020

Søndagens runde vart akkurat så spennande som ein kunne håpe på. Etter ni hol så hadde Morten Tjessem Våge dratt frå Ole Magnus Orlien med tre slag. Dette forspranget hadde Morten fram til og med hol 13. På hol 14 gjekk Ole Magnus på birdie medan Morten gjekk av med ein dobbel bogey. Då var det heilt likt og spenninga var til å ta og føle på. Morten fekk ein bogey på hol 15 men gjekk på par på dei tre siste. Ole Magnus som har vunnet sju av dei siste ti klubbmeisterskapa heldt hovudet kaldt og spelte på par på dei tre neste og avslutta på hol 18 med ein ny birdie og vart på ny krona som klubbmeister og vinnar av klassa Vaksen brutto med to slag foran Morten. Morten starta på studie i Volda no i haust og det kan bli spennande i åra framover.

Ole Magnus og Morten var i ei klasse for seg sjølve og det skilde 8 og 6 slag ned til neste på lista. Frå tredjeplassen til niandeplassen så skilde det berre 3 poeng. Webjørn Yksnøy Bergmann og Rune Strømmen var nærast dei to i tet.

I dameklassa så var det berre ein spelar og den vart vunnet av Elsie Hansen. Sjølv om Elsie gjekk åleine så spelte ho to gode runder og gjekk på 176 slag totalt.

Det var ikkje like spennande i klassa Senior brutto der gjekk Joar Voldsund ei endå betre runde enn dagen før og sikra sigeren med seks slag foran nummer to som var Johan Liadal. Johan gjekk også ei god runde i dag og klatra opp på lisata frå dagen før og bytta plass med Petter Hansen som enda på tredjeplass.

Webjørn Yksnøy Bergmann gjekk ei kanonrunde på søndag på -7. Han hadde -3 frå dagen før og gjekk totalt på -10 og sikra med det sigeren i Stableford klassa. Stein Gisle Monsholm gjekk to gode runder og heldt andreplassen med -9. Til tross for to jamne og gode runder på 75 slag så gjekk Torstein Akslen Lianes frå førsteplassen på laurdag til tredjeplassen samanlagt på -8.

2020 08 23 15.52.11

Ole Magnus skal til å putte birdieputten som han sette og dermed sikra sigeren med to slag.

 

2020 08 23 15.52.59

Morten står klar til å putte på hol 18 medan publikum fylgjer spent med.

 

2020 08 23 13.54.39

Leiarballen inne til runding på hol 9 då Morten leia med tre slag.

 

2020 08 23 14.00.38

Klubbmeisteren slår ut på hol 10.

 

2020 08 23 14.29.20

Full konsentrasjon på Helge Eltvik som puttar på hol 14.

 

2020 08 23 14.39.32

Vinnar i Senior Brutto, Joar Voldsund med ein tremeters putt.

 

2020 08 23 14.50.43

Vinnaren av Stableford klassa, Webjørn Yksnøy Bergmann med ein fin putt på hol 14.

 

2020 08 23 14.51.18

Jan Egil Gretland set par-putten sin på hol 14.