Bana er stengt 

Grøntkortturnering (Handicap 36 - 54)

På søndag klokka 12 så arrangerer Volda golfklubb for fyrste gong ei turnering som er berre for dei med 36 til 54 i handicap (som vanlegvis vert definert som grøntkortklassa). Det har vore eit ynskje at vi skal arrangere ei slik turnering så vi håper at flest mogleg melder seg på. Vert dette ein suksess så vil vi arrangere fleire slike turneringar framover.

Turneringa går over 9 hol (front) og det er utslag frå raudt. Turneringsavgifta er på kr. 100. Det er fine premiar til vinnarane. 

Klikk her for å kome til turneringa og påmelding. 

Ta kontakt med Olav om du ikkje får til å melde deg på, så legg vi deg inn manuelt.