Bana er stengt 

Bestilling av klede

Då er vi endeleg klare for å ta opp bestilling av golfklede. Det er TS-Bekledning ved Thomas Strand som er leverandør av kleda. Vi har valgt å gå for Callaway og Galvin Green som er godt kjende merker på golfklede og utstyr. Det er enormt mange variantar av kleda men vi har plukka ut eit utval i samråd med Thomas. På grunn av Koronasitusasjonen så er det noko utplukka av storleikar og fargar på piqueane. Dei fargane som ikkje er råd å få tak i er fjerna frå bestillingsskjemaet. Vi har også tatt med den populære softshell jakka som vi har hatt med tidlegare då det har vore fleire spørsmål etter den jakka.

Om du har spesielle ynskjer så skriv du det ned i kommentarfeltet heilt nedst. t.d. om du ikkje ynskjer logo på nokre av produkta Bilda er kanskje litt små og vanskeleg å sjå. Du kan då klikke her for å gå til katalogen og bla deg fram til produkta og zoome inn. Thomas er leverandør av Callaway og kan kanskje ordne andre produkt i katalogen om du spør fint.

Nokre av produkta og nokre storleikar er råd å prøve på klubbhuset. Vi held ope der innimellom ved turneringa o.l. Om du ynskjer å sjå og prøve så kan du ta kontakt med Olav eller Per Arve så kan vi låse opp. Vi er stort sett i Vassbotnen dagleg.

Har du spørsmål om kleda så er det berre å ta kontakt med Thomas på epostadressa This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

 

Klikk her for å gå til bestillingsskjemaet.

TS Bekledning