Toyota Sunnmøre Matchplay cup 2020

Då nærmar det seg oppstart av Toyota Sunnmøre Matchplay Cup. Vi har utsett oppstarten ei veke då turneringane denne veka kom litt tett. 

 

Vi hadde i vinter ei undersøking som gjekk på turneringane og de fekk kome med tilbakemeldingar, også på Matchplay cupen. Alle bortsett frå to som var usikre meinte vi burde fortsette med gruppespel. Det var nokre endringar de ynskte og dei har vi tatt med i dei reviderte reglane under. Bl.a. minus poeng for tal hol ned og faste motstandarar frå gruppespel til sluttspel der vinnar i gruppe 1 møter nummer 2 i gruppe 2, osb. slik at ikkje gruppevinnarane spelar mot kvarandre.

 

Då er det berre å melde seg på!

 

Reglar for Toyota Sunnmøre Matchplay cup 

Gruppespel

 

Sluttspel

Sluttspelet skal spelast over 18. hol med fullt spelehandicap
Kvartfinalane vert spelt frå 15. juni til 30. juni
Semifinalane vert spelt frå 1. juli til 15. august
Finalen og bronsefinalen vert spelt frå 15. august til 1. september
Avvik frå oppsett plan må avtalast med turneringsnemda.
resultatet etter kvar match i sluttspelet kan de sende som tidlegare til Webjørn Yksnøy Bergmann som vil oppdatere resultata i Golfbox.

 

Toyota sunnmre matchplay cup