Vårspretten Felleskjøpet Open 2020

På tredje forsøk så klarte vi å finne ein dag det ikkje var snø og vi fikk arrangert Vårspretten Felleskjøpet Open før det vart Sommarspretten. Heile 36 golfarar var med på turneringa. Svein Solum er ivrig å trene og er nesten dagleg i Vassbotnen. I dag så fekk han utteljing for innsatsen og gjekk på heile -5. Ole Magnus Orlien har ikkje fått spelt så mykje i det siste men satte truleg banerekord i dag på 67 slag og tok andreplassen med -2. Jan Egil Gretland er som vanleg stabil og gjekk inn på tredjeplassen også han på -2. Tore Naustdal  frå Nordfjord golfklubb tok fjerdeplassen på -1. I Grøntkort klassa så var det ein deltakar. Det var Svein Andreas Sporsheim som gjekk på par.

 

Det var også konkurrert i nærast pinnen på hol 7/16 og lengste drive på hol 18. Per Heltne var nærast pinnen, omlag 2 meter frå holet. Kristoffer Trandal hadde lengste driven på hol 18.

 

Ein stor takk til banemannskapet som stilde bana i veldig god stand til turneringane i går og i dag.

 

 2020 05 21 15.53.28
 Jan Egil Gretland, Kristoffer Trandal, Ole Magnus Orlien, Svein Solum (Vinnar), Tore Naustdal og Harald Dalsbø (Sponsor)
 2020 05 21 14.49.09

 Kenneth Rusten siktar seg inn mellom trea på utslag 1. Trond Are Ryste og Webjørn Yksnøy Bergmann ventar på tur.

 

 Resultat Vårspretten Felleskjøpet Open
Resultat Vårspretten Felleskjøpet Open GK