Bana er stengt 

Status pr. 7. april

 2020 04 07 16.54.39  

Då er alle greenane lufta, dressa og gjødsla. Då er det berre å håpe på regn i natt så gjødselen løyser seg opp. Koppane er vaska og det er sett nye hol. Vi har også fått laga til koronasikring på flagga slik at ballen ikkje går heilt ned i holet. Omlag halve ballen går nedi og ein kan plukke den opp utan å vere borti holkant eller flagget.

No ser det litt skummelt ut dei næraste dagane med meldingar om lave temperaturar og snø. Vi kjem til å følge med på veret og kjem snart til å gjere ei vurdering om vi skal opne greenane for spel.

 
 2020 04 07 16.29.05