Bana er stengt 

Status pr. 6. april

Då er bana opna opna for spel på vintergreenar.

 

Når vi starta på dagen i dag var det stort sett kvitt rundt på bana men med temperaturar opp mot 18 grader og god vind så gjekke det heldigvis ikkje så lenge før store delar av bana var snøfri. Vi reknar med at dei siste flekkane med snø er borte i morgon. Vi har arbeidd godt i dag. Vi har fått sådd alle greenane og då gjenstår det å lufte dei siste fem greenane, dresse dei og gjødsle. Rundt på bana har det vore fleire i sving med å rake bunkera, plukke greiner og anna vedlikehald. Døra til klubbhuset, toalettet og på drivingrangen er det hengt opp plakatar om at det er stengt. Det er også sett opp stolpar med plakatar på både gult og raudt utslag på hol 1 om retningslinjene for å bruke golfbana. Følg desse retningslinjene!

 

Vi håper å få få opne greenane innan kort tid om vi verrt ferdig med "våronna" og veret held seg bra framover. Vi kjem tilbake med informasjon om det så raskt det let seg gjere.

 

Nokre bilder frå i dag.

 2020 04 06 12.00.40  2020 04 06 12.00.50
 2020 04 06 13.45.06  2020 04 06 13.45.30